Departementsråd


Departementsråd er den øvste faste embetsmannen i eit norsk departement. Ein departementsråd er direkte underlagt sjefen for departementet, som er ein statsråd. Stillinga under departementsråd heiter ekspedisjonssjef.



Noreg |


I Utanriksdepartementet er tittelen utanriksråd. Utanriksrådembetet blei oppretta i 1922.


Etter 8. mai 1945 blei det tilsett på førehand utpeika koordinatorer i departementa, som blei gitt tittelen «rådmann». Deira funksjonstid gjekk ut 13. desember 1945. Desse oppgåvene er tekne over av dei seinare oppretta stillingane som departementsrådar.


Embeta som finansråd i Finansdepartementet og forsvarsråd i Forsvarsdepartementet blei oppretta i 1952. Deira oppgåver er å vere administrative leiarar i dei respektive departementa, og å rådgje statsråden og regjeringa i høvesvis finanssaker og forsvarssaker.


Departementsrådane sine oppgåver er elles generelt å koordinere arbeidet i sitt departement og gje råd til statsråden.


På Statsministerens kontor blir stillinga kalla regjeringsråd. Embetet som regjeringsråd vart oppretta 16. november 2001. Regjeringsråden si oppgåve er mellom anna å koordinere regjeringa sitt arbeid, og gje råd når det gjeld spørsmål om lovforslag eller traktatforslag er i samsvar med grunnprinsippa i den norske grunnlova.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Departementsråd» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2010.






Popular posts from this blog

Proving the learnability of XOR function by a particular neural networkhow to find the input for this...

Magento2: How to add a new product type

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command