Sjøis




Kart over den typiske yttergrensa til sjøisen i Arktis i mars og september.




Tett sjøis i Storfjorden på Svalbard. Edgeøya ligg i bakgrunnen. Dette er første års is, men dei sterke straumane i Freemansundet har skrudd isen saman ganske kraftig.
Foto: Lars H. Smedsrud



Sjøis (eller havis) er frose sjøvatn og dekker store havområde, både nord og sør på jordkloden. Sjøis frys når havet blir avkjølt under frysepunktet, ganske nært -1,8 °C. Viss sjøisen er brekt opp i mange små flak, blir han kalla drivis.


I nord er utbreiinga av sjøis om vinteren sør til Austersjøen og Newfoundland i Atlanterhavet, og sør til Alaskahalvøya og Japan i Stillehavet. Sjøisen i Arktis dekker eit område tilsvarande Europa og skil eit forholdsvis varmt arktisk hav frå ein kald atmosfære. Han har den maksimale utbreiinga si i mars månad og når eit minimum i september. Gjennomsnittleg tjukkleik er 2-3 meter. Isen kan smelte både frå oversiden og undersida ved kontakt med varm luft eller varme havstraumar. Store område med ope hav mellom sjøisen vert kalla polynja.


Sjøisen er i rørsle, driven av vinden på oversida eller havstraumane på undersida. Dette fører til regionale skilnader i isdekket, og store svingingar frå år til år. Det er ei gjennomsnittleg drift av sjøisen frå Beringstredet mellom Alaska og Sibir mot Grønland og Svalbard, dette kallast den transpolare drifta. Dette vart første gongen dokumentert då Fridtjof Nansen navigerte «Fram» over Polhavet i åra 1893–1896.


I Antarktis dekkast havet nord til omtrent 60 °S av sjøis kvar vinter. Sjøisen i Antarktis har ei større endring av arealet gjennom året enn i nord, fordi det ikkje er nokre kontinent som avgrensar utbreiinga nordover. Sjøisen i sør er difor tynnare, og det aller meste smeltar kvar sommar, og frys igjen neste vinter. Dette blir kalla førsteårs sjøis. Overlever sjøisen ein sommar blir kalla han fleirårsis.




Innhaldsliste





  • 1 Målingar av sjøis

    • 1.1 Historisk rekord i Arktis i 2007



  • 2 Årsaker til redusert sjøis


  • 3 Nokre effektar av sjøisen


  • 4 Kjelder




Målingar av sjøis |




Sesongvariasjon og langtidsutvikling i utstrekninga av området med arktisk sjøis, målt ved satellittar.[1]




Parameter for å måle storleiken på ein straum av sjøis.




Delvis sjøis inst i Adventfjorden ved Longyearbyen på Svalbard.




Drivis på Isfjorden på Svalbard, seint i april.


Ved hjelp av satellittmålingar har ein gode observasjonar av isutbreiinga frå 1979 og fram til i dag, medan informasjon lenger tilbake i tid er meir usikker. Den europeiske miljøsatellitten Envisat og amerikanske satellittar fotograferer både Arktis og Antarktis og gjer isobservasjonar. Desse vert handsama for nordlege Norskehavet og Svalbard av Meteorologisk institutt, og formidlast mellom anna gjennom Maritim radio. På Svalbard er Svalsat engasjert i å hente ned satellittdata frå 14 sirkumpolare satellittar, mellom anna fleire som gjer ismålingar.


Det er no mogleg å følgje utbreiinga av is dagleg med desse målingane. Variasjonen gjennom året er formidabel; 15 millionar km² på vinteren til 7 millionar km² på sommaren. Den årlege smeltinga og isveksten dekker altså eit område like stort som Australia.



Historisk rekord i Arktis i 2007 |


September 2007 nådde isutbreiinga i Arktis det lågaste nivået sitt sidan satellittmålingane starta i 1979.[2] Samanlikna med gjennomsnittet for september i perioden 1979–2000 var isdekket 40 % mindre enn det pleier å vere.


Denne rekorden skuldast derimot ikkje berre auka temperatur, men òg uvanleg sterk vind som pressa store delar av isen sørover og på den måten førte til kraftig auke i smeltinga. Det totale skydekket over sommarsesongen var lågare enn tidlegare år[3] og isen var tynnare enn før ved starten av smeltesesongen.[4]



Årsaker til redusert sjøis |


Det er brei semje blant klimaforskarar at det er temperaturauken som er hovudårsaka til at sjøisen i Arktis reduserast. Likevel er det ganske store skilnader mellom klimamodellane, og når dei bereknar at isen er borte på sommaren. Dei fleste bereknar ein vesentleg reduksjon dette hundreåret, og nokre modellar bereknar eit Arktis heilt utan sjøis i september 2100.


Noko av reduksjonen kan skuldast is som har drive ut mellom Svalbard og Grønland og smelta, noko er mindre frysing inne i Polhavet og noko skulda moglegvis at isen er pressa saman til tjukke skrugardar. Eit hovudproblem med utrekningane av smelting frå arealet er at det finst få målingar av istjukkleiken.[5]



Nokre effektar av sjøisen |


  • Sjøisen frys raskast i store opningar i isen som blir kalla polynjaer. Havet under blir då tilsett salt som blir pressa ut under frysinga og dette vatnet blir tungt nok til å søkke ned og danne botnvatnet i verdshava.

  • Sjøis reflekterer omkring 75 % av all solinnstråling, medan ope hav berre reflekterer omkring 15 %.

  • Mindre sjøis gjev auka energioverføring frå havet til atmosfæren. Lufta over isen blir dermed varma opp og det blir danna fleire skyer, som igjen gjer at det blir reflektert meir sollys. Modellresultat viser at i framtida er det om vinteren denne oppvarminga blir mest effektiv, fordi det då ikkje er nokre solinnstråling i Arktis.


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Sjøis» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2011.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:


  1. Fetterer, F., K. Knowles, W. Meier, and M. Savoie. 2002, oppdatert 2010. Havisindeks. Boulder, Colorado USA: National Snow and Ice Data Center.


  2. Record Arctic Sea Ice Loss in 2007 (engelsk)


  3. Kay, J. E., T. L'Ecuyer, A. Gettelman, G. Stephens, and C. O'Dell (2008), The contribution of cloud and radiation anomalies to the 2007 Arctic sea ice extent minimum, Geophys. Res. Lett., 35, L08503, doi:10.1029/2008GL033451


  4. Arctic Sea Ice Shatters All Previous Record Lows National Snow and Ice Data Center (NSIDC)


  5. Faktaark om Arktis frå Bjerknes senteret






Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?