Frank-Peter Roetsch







Frank-Peter Roetsch

Bundesarchiv Bild 183-1987-0306-033, Frank-Peter Roetsch.jpg

Fødd
19. april 1964
Güstrow
Yrke
skiskyttar

Frank-Peter Roetsch på Commons

Frank-Peter Roetsch (fødd 19. april 1964) er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Güstrow i Mecklenburg-Vorpommern, som representerte DDR. Han vann fem gullmedaljar i VM i skiskyting, to av desse i stafett, og to gullmedaljar i olympiske leikar, begge individuelt. Åra 1983-89 tok han sju gullmedaljar og seks sølvmedaljar i ulike VM og OL, åtte av medaljane kom i individuelle øvingar. Han vann verdscupen i skiskyting både i 1984, 1985 og 1987.



Aktiv |


Roetsch slo gjennom med i ein smell i 1983-sesongen. Knapt 19 år gammal tok han sølvmedaljen på 20 km og vart nummer fire på 10 km i skiskyting-VM. Han fekk rimelegvis plass på DDR sitt lag i 4x5 km stafett, og tok der med seg ytterlegare ein sølvmedalje. Også under vinter-OL 1984 tok han ein sølvmedalje då han på 20 km kopierte prestasjonen frå VM året før. OL-sesongen elles var framifrå, då han gjekk heilt til topps i verdscupen i skiskyting.


Roetsch forsvarte tittelen som verdas beste skiskyttar i 1985. Han var elles den fyrste skiskyttaren som tok i bruk skøyteteknikken i løypa, då han det året sigra klart i eit verdscuprenn i Oberhof. I VM i skiskyting 1985 lukkast han ikkje individuelt, men fekk eit nytt stafett-sølv med DDR. Under VM i Oslo 1986 fekk Roetsch for femte gong ein sølvmedalje, også då i stafett.


I 1987 var Roetsch den klart beste skiskyttaren i verda og sikra seg sigeren i verdscupen for tredje gong. Endeleg lukkast han fullt ut i ein verdsmeisterskap, i Lake Placid steig han til topps i alle tre øvingane; 20 km, 10 km og 4x5 km stafett med DDR. Saman med Jürgen Wirth, Matthias Jacob og André Sehmisch syrgde han for ein suveren siger til DDR. Også i dei olympiske leikane i 1988 imponerte Roetsch med å vinne begge dei individuelle tevlingane.


Roetsch vann sitt siste VM-gull i 1989 då han i lag med Frank Luck, Sehmisch og Birk Anders vart verdsmeistrar i stafett i Feistritz.


Han la opp som skiskyttar i 1992.



Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap |



  • VM i skiskyting 1983 i Antholz: Sølvmedalje på 20 km og i stafett


  • Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Sølvmedalje på 20 km


  • VM i skiskyting 1985 i Ruhpolding: Sølvmedalje i stafett, nr 8 på 10 km


  • VM i skiskyting 1986 i Oslo: Sølvmedalje i stafett og nr 4 på 20 km


  • VM i skiskyting 1987 i Lake Placid: Gullmedalje i alle tre øvingane


  • Vinter-OL 1988 i Calgary: Gullmedalje på 20 km og 10 km


  • VM i skiskyting 1989 i Feistritz: Gullmedalje i stafett, nr 5 på 10 km


  • VM i skiskyting 1991 i Lahti: Nr 7 på 20 km


  • Vinter-OL 1992 i Albertville: Nr 9 på 10 km


Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command