IJbukta




Ferje over IJ i Amsterdam.


IJ (på gamle kart stundom kalla Y eller Ye) er ein innsjø, tidlegare ei bukt, i provinsen Noord-Holland i Nederland. Amsterdam ligg ved innsjøen. På nederlandsk består namnet av digrafen IJ, som vert rekna som ein enkelt bokstav, slik at namnet på norsk vert skrive IJ og ikkje Ij.



Historie |




Kart frå 1681 som viser IJ før bukta vart endra.


Tidlegare var IJ ei lang og smal bukt med brakkvatn som var tilkopla Zuiderzee (ei bukt i Nordsjøen). Ho strekte seg då frå Amsterdam i aust til Velsen i vest. Mellom bukta og sjølve Nordsjøen låg berre ei naturleg sanddyne. IJ voks derimot år for år og halvøya Noord-Holland var i ferd med å verte ei øy. Dette eidet vart kalla Holland op zijn smalst(«Holland på det smalaste»).


IJ gav Amsterdam, som ligg der Amstel munnar ut i innsjøen, fri ferdsel til sjøen via Zuiderzee. På 1600-talet byrja inngangen til bukta å tette seg til med sandbankar samstundes med at skipa byrja å verte større og større. Slik vart det nesten umogeleg for havgåande skip å ta seg forbi munningen. I tillegg til dette voks innsjøen sakte på grunn av erosjon langs breidda slik at han nesten gjekk i hop med innsjøen Haarlemmermeer og slik truga byane Haarlem og Amsterdam.


Det vart sett i verk planar om ta tilbake dei tapte landområde ved å gjere både Haarlemmermeer og IJ om til polderar. Haarlemmermeer var først ute og vart tørrlagd i 1852, og den største delen av IJ følgde mellom 1865 og 1876 og berre ein liten del av innsjøen vart verande igjen rundt Amsterdam og vart skild frå Zuiderzee av Den oransje slusa. Samstundes vart Nordsjøkanalen bygd og tilslutta restane av IJ for å gje Amsterdam ein ny vassveg til Nordsjøen. Kanalen gjekk gjennom eidet til Nordsjøen nær byen Velsen. Den nye hamna IJmuiden vart bygd i vestenden. IJ-polderane som vart oppretta nær Amsterdam vart gjeve til industrien og eit nytt stort hamneområde vart bygd.



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «IJ (bay)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2008.

Koordinatar: 52°22′51″N 4°56′38″E



Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command