Zuiderzee




Historisk kart over Nederland frå 1658 som viser De Zuyder Zee litt over midten


Zuiderzee («Sørsjøen») var ei grunn bukt i Nordsjøen nordvest i Nederland som strekte seg 100 km inn over i landet og som var 50 km på det breiaste. Bukta var derimot grunn, berre om lag 4-5 meter djup, og hadde ei kystlinje på om lag 300 km. Ho dekte eit areal på 5 000 km². Opphavet til namnet kjem frå Friesland som låg nord for Zuiderzee. På 1900-talet vart det bygd eit dike på tvers av utløpet til bukta, som gjorde bukta om til ein innsjø. Saltvatnet vart gradvis erstatta av fersk vatn og den nye innsjøen fekk namnet IJsselmeer etter elva IJssel som munnar ut i han. Elva IJssel er ei grein av elva Rhinen.



Historie og katastrofar |




Det omtrentlege landskapet i Noord-Holland i det første hundreåret e.Kr. (til venstre) og på 900-talet (til høgre)


I antikken var det ei bukt her som dei romerske forfattarane kalla Lacus Flevo eller Flevosjøen. Han var mykje mindre enn den seinare utgåva og hadde eit mykje smalare utløp til sjøen. Det kan ha vore eit system av fleire mindre innsjøar, myrer og kanalar i staden for ein stor innsjø. Ettersom tida gjekk eroderte desse innsjøane breiddene sine og vart ein større innsjø. Delar av dette området vart seinare kalla Vlie, og vatnet her rann truleg ut i sjøen gjennom det som i dag er Vliestroom-kanalen mellom øyane Vlieland og Terschelling. Marsdiep var ein gong i elv som kan ha vore ei grein av Vlie. I løpet av tidleg mellomalder endra dette eg på grunn av store flaumar i og stigande havnivå, og på 1100-talet førte dette til at utløpet vart mykje breiare. Etter ein katastrofal flaum i 1282 braut vatnet gjennom sanddynene nær Texel og Zuidersee vart ytterlegare utvida. Dette førte til at den vesle landsbyen Amsterdam fekk tilgang til sjøen.


Storleiken på denne store bukta heldt seg stort sett uendra frå 1400-talet og fram til det vart bygd dike i moderne tider. Årsaka til at desse vart bygd var at det i stormsituasjonar vart pressa mykje vatn inn i bukta og det vart flaum over store område langs breidda. 18. november 1421 braut eit dike saman og 72 landsbyar vart oversvømd medan om lag ti tusen menneske mista livet. Dette vart kalla den andre St. Elizabeth-flaumen eller Sint-Elisabethsvloed i 1421. Ein enno større flaum oppstod i 14. desember 1287, då femti- til åttitusen menneske mista livet i det som var den femte største flaumen som er registrert i historia. Denne flaumen fekk namnet St. Lucia-flaumen.



Geografi og utvikling |




Landsatbilete


Rundt Zuiderzee voks det opp mange fiskelandsbyar og utvikla seg til byar med bymurar og mange handelssamband, som Kampen, ein by i Overijssel, og seinare byar i Holland som Amsterdam, Hoorn og Enkhuizen. Desse byane gjorde først handel med område i Austersjøen, England og Hansaen, men seinare òg med resten av verda. Då handelen minka fall mange av landsbyane tilbake til fiske og noko industri fram til 1900-talet, då turisme vart ei viktig næring. I Zuiderzee låg det fire små øyar, Wieringen, Urk, Schokland og Marken. Desse øyane er i dag ein del av fastlandet.




Kart overZuiderzeeprosjektet i Nederland


Tidleg på 1900-talet vart utløpet til Zuiderzee lukka av demninga Afsluitdijk. Det hadde lenge vore planar om å lukke Zuiderzee, men det var først etter storflaumen i januar 1916 at planane skaut fart. Afsluitdijk stod ferdig i 1932 og Zuiderzee vart IJsselmeer og store område vart tørrlagt og omgjort til polderar. Dette enorme prosjektet, kalla Zuiderzeeprosjektet varte frå 1919 til 1986, og av dei tørrlagte områda oppstod provinsen Flevoland i 1986. Dei opphavlege planane var òg at dei sørvestlege delane av Zuiderzee skulle tørrleggast òg. Det vart bygd ei dike på tvers av den gamle bukta, men prosjektet har sidan 1980-åra vore på vent. Dette området er i dag kalla Markermeer.



Bakgrunnsstoff |


  • Zuiderzee Museum

Koordinatar: 52°50′N 5°20′E







Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?