Klarälven


Koordinatar: 59°23′19″N 13°29′54″E





















Klarälven

Trysilelva
elv

View over Klarälven.jpg

Land

Flag of Sweden.svg Sverige, Flag of Norway.svg Noreg

Nedslagsfelt
11 820 km²


Lengd
460 km
Vassføring

 - middel

165 m³/s
 - maks

1 650 m³/s

Kjelde

Rogen og Femunden
Munning

Vänern
 - stad

Karlstad
 - koordinatar

59°23′19″N 13°29′54″E





Kart


Kart



Wikimedia Commons: Klarälven

Klarälven eller på norsk Klaraelva er ei elv som renn gjennom Värmland i Sverige og ut i Vänern, som er den største innsjøen i Sverige. Karlstad ligg ved utløpet av Klaraelva i Vänern. Elva har opphav i Hedmark. På norsk side heiter elva først Femundselva og lenger ned Trysilelva.


Heile elva er om lag 460 km lang. Klaraelva er nesten 300 km lang på svensk side. Når ein reknar med Göta älv som renn ut av Vänern er vassdraget det lengste i Skandinavia med ei lengd på 756 km.


Nedslagsfeltet er 11847,6 km² totalt. Ved munningen i Vänern er middelvassføringa 162,5 m³/s og middelhøgvassføringa 690 m³/s.[1]




Innhaldsliste





  • 1 Namn


  • 2 Løp


  • 3 Delta


  • 4 Vasskraftverk og sideelvar

    • 4.1 Vasskraftverk i Klaraelva



  • 5 Tømmerfløyting og turisme


  • 6 Laks og aure


  • 7 Sjå òg


  • 8 Kjelder




Namn |


Første del av elva i Noreg heiter «Femundselva» etter sjøen Femunden, som ho flyt gjennom. Når elva flyt inn i Trysil kommune får ho namnet «Trysilelva».[2] På folkemunne blir dei ulike norska namna ofte blanda i hop, og i tillegg finn ein namnet Klara eller Klaran. Når ho flyt inn i nordre del av Värmland får elva namnet «Klarälven».


Elva har frå gammalt av hatt ulike namn etter dei plassane ho flyt forbi, noko som er tilfelle i Noreg til og med i dag. I dei eldste nedteikningar frå 1200-talet er elva kalla Gautelfr, altså Göta älv (frå folkeslaget gøtar eller frå gaut med tydinga 'utløp'[3]). Frå slutten av 1600-talet var Storälven (Stoor Elffwen, ca. 1670) det vanlegaste namnet på elva. Det noverande namnet (til og med i form av namnet Klaran) dukkar opp i byrjinga av 1700-talet og kjem truleg av det klare vatnet i elva. Nedteikningane frå denne tida kallar elva anten for Store eller Clara Elf.[4]



Løp |




Likenäs i Klarälvdalen


Elva renn først ut frå den norske delen av sjøen Rogen. Den svenske og største delen ligg i Härjedalen, der ein reknar inn i vassdraget ein fjellbekk som renn inn i Rogen (jamfør artikkelen om Göta älv). Elva flyt så vidare sørover i Noreg og passerer gjennom sjøen Femunden.


Etter at Klarälven har runne gjennom den nordlegaste delen av Värmland i Sverige følgjer ho ein rett sprekkdal sørover, Klarälvdalen, der ho dannar imponerande meanderbogar på eit strekke på 90 kilometer.


Ved Edebäck er dalen fylt av store iselvsavlagringar, og Klarälven har vorte tvinga inn i eit nytt vestlegare løp med fleire stryk og fossar.



Delta |




Dette gamle kartet over Karlstad frå før brannen i 1865, frå Värmlandsarkiv (under Riksarkivet) viser at Sandgrund før var ei øy.[5]


Klarälven munnar ut i Vänern i eit delta, med åtte større armar i Karlstad og omland. Først deler elva seg ved Sandgrundsudden i Karlstad i Västra älvgrenen og Östra älvgrenen. Sidan deler Västra älvgrenen seg frå vest i 1. Dingelsundsådran, 2. Skoghallsådran, 3. Morbrors ådra (den minste), 4. Sorgforsådran (delvis dekt av ein kunstig banke bygd for Hammaröleden) og i 5. Suttersälven.


Östra älvgrenen deler seg i 6. Örsholmsälven og 7. Kaplansälven. Den siste deler seg ytterlegare og den austre av desse armane er kalla 8. Klockarådran. Denne deler seg dessutan ein gong til, nokre titals meter før utløpet, gjennom ei sandbanke- eller øydanning. Men desse elvearmane vurderer ein er for korte og ubetydelege når ein reknar opp dei større munningsarmane (det er berre ei lita øy).[6]


Tidlegare delte elva seg i ulike greiner om lag 50 meter nord for Sandgrund. Der fanst det altså fleire øyar før motorvegen vart bygd på slutten av 1960-talet. Då vart fleire løp fylte att og Borgmästarholmen vart ei halvøy. Ei av øyane, Vidön, finst enno.[6] Sandgrundsudden var også ei øy fram til 1900-talet.[5]


Deltaet har sidan istida flytta seg lengre mot sør på grunn av landhevinga som òg har gjort at Vänern har blitt mindre. Restar av deltaet finst altså lengre oppe langs Klaraelva i form av sjøar som mellom anna er avsnørte elvearmar, kroksjøar. Slike kroksjøar finst òg i omlandet til Karlstad då elvarmane også der er vortne avsnøra av sandbankar og liknande i åras løp.



Vasskraftverk og sideelvar |


(langs den svenske delen av elva)



Vasskraftverk i Klaraelva |




Höljesdammen i Klarälven; her med vatnet ført utanom kraftverket.


Langs elva er det fleire vasskraftverk. Vasskraftverka er rekna frå elvas nedre løp og oppstrøms i Sverige:



  1. Forshaga kraftverk i Forshaga,


  2. Dejefors kraftverk i Dejeforsen, 20 MW, midt i sentrum av Deje,


  3. Munkfors kraftverk i Munkfors, 33 MW,


  4. Skymnäsforsens kraftverk i Skymnäsforsen i Skymnäsfors, 17 MW,


  5. Forshults kraftverk i Forshult, 20 MW,


  6. Krakeruds kraftverk i Krakerud, 22 MW,


  7. Skogaforsens kraftverk i Skogaforsen i Skogafors 15 MW,


  8. Edsforsens kraftverk i Edsforsen i Edsfors 9 MW och


  9. Höljes kraftverk i Höljes, 130 MW.[7]

Større sideelvar og vasskraftverk i dei

Større sideelvar til Klarälven i Sverige og vasskraftverk nordfrå og nedstrøms sørover:



  1. Tåsan og Tåsans kraftverk, 40 MW,


  2. Letten og Lettens kraftverk, 36 MW,


  3. Halgå og Halgå kraftverk (Brattfallets kraftverk) i Kristinefors 0,4 MW,


  4. Uvån (sjå næmare om kraftverka der i artikkelen om Uvån)


  5. Lovisebergsälven med Forshults kvarn, 0,05 MW,


  6. Mölnbacka kraftverk i Mölnbacka, ved den korte elva frå utløpet av sjøen Västra Örten inn i sjøen Lusten som ein arm (den såkalla Ådran) av Klarälven flyt gjennom,[7][8]


  7. Kvarntorpsån-Dömleälven. I Dömle finst eit mindre kraftverk. Dömleälven renn frå sjøen Visten og vassdraget flyt gjennom sjøen Smårissjön, med namnet Dömleälven når den renn inn i Smårissjön og med namnet Kvarntorpsån når den renn ut av Smårissjön søraust ned mot Klarälven, der den munnar ut straks nordaust om Forshaga.[9]


Tømmerfløyting og turisme |




Den tradisjonelle tømmerfløytinga på elva.




Fløytingsbåtar på Klarälven ved Dyvelstens Flottningsmuseum.


Klarälven var den siste svenske elva med tømmerfløyting. Denne opphøyrde først i 1991. Det var både tømmer og massevirke som vart transportert på denne måten frå både Sverige og Noreg via Trysilelva og Klarälven til Skoghall utanfor Karlstad. Ved skiljet i sjøen Lusten, som er ein arm (med namnet Ådran) av Klarälven renn gjennom og like aust for Deje og Nedre Ulleruds kyrka nedanfor det siste større vasskraftverket i elva (Dejefors, sjå ovanfor), vart tømmeret sortert etter kvalitet og deretter bunta saman. Derifrå drog ein så tømmeret etter båt, dei såkalla Lustenbåtarna, til sluttstasjonen nede i Skoghall ved munningen i Vänern av ein av elvearmane (Skoghallsådran) i elvedeltaet. Fløyting er ein særs energieffektiv transportmetode for tømmer, men kan medføre ein auka erosjon av meanderbogane. Tidlegare lèt ein til og med erodere nesa for å få tømmeret i elva. Opptil 1 500 personar kunne arbeida med fløyting i sesongen. Sjølv om arbeidet var risikabelt er det berre meldt om ei drukningsulukke i dei siste 30 åra ein dreiv med fløytinga.[10]


Då fløytinga tok slutt i Klarälven var det den offisielle enden på tømmerfløyting i Sverige. Mykje av utstyret ein hadde nytta blei seld til Forshaga kommune, som brukte det til å opna eit tømmerfløytingsmuseum.
I dag er elva meir nytta som turistlei enn til fløyting, men ho er trafikkert av tømmerflåtar mellom Branäs og Edebäck. Av dei 19 Lusten-båtane som blei brukte til å dra tømmeret er berre ein att, «Lusten 8», som ein turistattraksjon.[11]


Elva er dessutan godt eigna til fiske. Laksetrapper eller fisketrapper finn ein ved nokre av vasskraftverka mellom anna ved Dejefors kraftverk.



Laks og aure |


Klarälven munnar ut i Vänern som er Sveriges største innsjø. I Vänern finn ein ein unik bestand av laks med fleire ulike stammar som lever heile livet sitt i ferskvatn.


Den typiske klarälvslaksen er ganske småvaksen og når ei maksimal vekt på 10-11 kg. Laksen går opp frå Vänern i mai-juni. På denne tida kan det, om vêret og vasstanden er gunstig, finnast store mengder laks nedstrøms kraftstasjonen i Forshaga.


Ettersom det ikkje finst nokre botnområde som er eigna for gyting i denne delen av Klarälven, vil laksen fortsette å vandre nordover i elva. På grunn av utbygginga av vasskraft er dette ikkje lenger mogleg. Derfor er det ved kraftstasjonen i Forshaga ei fiskefelle der ein fangar både laks og aure. Kraftselskapet transporterer så ein del fisk opp til øvre delen av Klarälven i vasstankar på lastebil. Andre fisk trykker ein ut rogn og mjølke for å ala opp nye fiska som kan setjast ut i elva. På dette viset kan Klarälven framleis hyse både laks og aure.


Klarälven har òg eit bestand av gullspångslaks og gullspångsaure. Grunnen til dette er at Gullspångsälven, som òg munnar i Vänern, har vorte bygd ut og ikkje lenger kan hyse laks og aure. Det svenske Fiskeriverket har derfor saman med kraftselskapet funne ei løysing der Klarälven inntil vidare fungerer som heimeelv for gullspångsfisken til at Gullspångsälven kan fungere som gyteelv. I falla ved Forshaga kraftstasjon skil ein derfor ut gullspångsfisk frå klarälvsfisk. Det er berre klarälvsfisk som blir transportert til gyteområda i nordre del av Klarälven. Ein vinn ut mjølke og rogn frå gullspångsfisken for oppvekst i basseng. Dette skiljet blir gjort for å unngå ei samanblanding av dei to stammane.


At Klarälven hyser to ulike laksestammer kan ein sjå gjennom at klarälvslaksen går opp tidleg i sesongen og som tidlegare nemnd er ganske småvaksne. Gullspångslaksen går opp seinare og har ei monaleg større maksimalvekt (over 20 kg). Gullspångslaksen er faktisk den største laksen i verda som lever i ferskvatn.[12]



Sjå òg |


  • Älvdalen i Värmland

  • Älvdals härad

  • Övre Klarälvsdalen, dans


Kjelder |


Referansar

  1. SMHI Vattenföring


  2. geoNorge.


  3. Ortnamn i Bohuslän s.84


  4. Svenskt ortnamnslexikon 2003, s. 168.


  5. 5,05,1 At Sandgrundsudden i Karlstad var ei øy ser ein òg i Bonniers Konversationslexikon 1927, band VI, spalte 619 (altså like før år 1927). Det ser ein òg på bilde frå Värmlandsarkiv og på bilda i Nordisk Familjebok ovanfor.


  6. 6,06,1 Namn på elvegreinar og øyer finst på Internetadressene www.hitta.se. og http://kartor.eniro.se.


  7. 7,07,1 Opplysingar henta frå Kuhlins.com


  8. Søk på "Mölnbacka, Deje" ved http://kartor.eniro.se


  9. Søk på "Kvarntorpsån, Deje" og "Dömleälven, Deje" ved http://kartor.eniro.se


  10. Lundén, Bo. Flottningen på Klarälven (1986)


  11. «Forshaga kanal». Arkivert frå originalen 2006-02-21. 


  12. Informasjonstavla ved Forshagaforsen.




  • Delar av denne artikkelen bygger på «Göta älv» frå Wikipedia på svensk, den 23. januar 2019.
    • Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:

  • Roger Wadström: Ortnamn i Bohuslän, Stockholm 1983, ISBN 91-20-07017-9

Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...