Cape Denison


Koordinatar: 67°0′S 142°40′E









Cape Denison
nes
Land

Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis

Stad

George V Land
 - koordinatar

67°0′S 142°40′E


Administrert under

Antarktistraktaten





Cape Denison is located in Antarktis





Cape Denison (Antarktis)




Wikimedia Commons: Cape Denison

Cape Denison er eit kupert nes ved Commonwealth Bay i Antarktis. Det vart oppdaga i 1912 av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen (1911–14) under Douglas Mawson, som namngav det etter sir Hugh Denison frå Sydney, som støtta ekspedisjonen økonomisk. Neset var hovudbasen til ekspedisjonen.[1]


Cape Denison vart i 2004 utnemnt til eit spesielt forvaltingsområde i Antarktis og står på listen over historiske stader og kulturminne i Antarktis.




Innhaldsliste





  • 1 Første fly i Antarktis

    • 1.1 Restane funne den 1. januar 2010



  • 2 Sjå òg


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder




Første fly i Antarktis |


Flytraktorsleden, det første flyet som vart ført til Antarktis (i 1912) var stasjonert ved Cape Denison, men det tok aldri av i lufta fordi det vart øydelagd under overfarten. Flyet, som var ein Vickers R.E.P. Type Monoplane (den første flytypen bygd av Vickers) vart nytta ein kort periode som «propelldriven snøtraktor» og så forlate, sidan stempela slutta å virke i kulda.[2]



Restane funne den 1. januar 2010 |


Nyårsdagen 2010 fann snekkaren på den siste ekspedisjonen til Kapp Denison over eit lite (150 mm) stykke av røyr frå flyskroget i hamna ved særs låg fjøre.[2] Restane av skroget ligg truleg framleis gravlagd i isen nær hyttene til Mawson. Isen er tre meter djup og restane står kring 30 meter frå kanten av hamna. Det vart gjort eit forsøk i desember 2010 på utgravingar ved staden.



Sjå òg |


  • hyttene til Mawson


Bakgrunnsstoff |


  • Key Publishing Ltd Aviation Forums


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Cape Denison» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. «Denison, Cape». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 17. oktober 2012. 


  2. 2,02,1 Relic in Antarctic's first plane found on ice-edge





 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Denison, Cape» (innhald frå Geographic Names Information System).







Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...