Steve Gadd







Steve Gadd

Steve Gadd at Bodø Jazz Open 2014.jpg

Fødd
9. april 1945
Rochester
Yrke
trommeslagar, jazzmusikar

Steve Gadd på Commons


Steve Gadd


Steve Gadd (fødd 9. april 1945) er ein amerikansk trommeslagar. Han var ein av dei viktigaste nyskaparane på trommesettet i 1970- og 1980-åra.


Gadd vart fødd i Rochester i New York. Han fekk sine første trommestikker som treåring, og deltok i skuleorkester og ulike framsyningar frå han var ung. Han gjekk på Manhattan School of Music, og seinare Eastman School of Music, og starta å spele i band i ulike klubbar kringom New York. Då han vart ferdig utdanna gjekk han inn i militæret, der han spela med orkesteret U.S. Army Stage Band i tre år.


Det var etter militæret, i 1972, Gadd starta si karriere som høgt profilert, profesjonell musikar. Han spelte for mellom andre Mike Mainerei og Tony Levin. Etterkvart fekk han innpass som studiomusikar, og spelte for jazzmusikarar som George Benson og Chet Baker og popartistar som Paul Simon.


Gadd har utmerkt seg som ein musikar med ein særeigen lyd, både innan jazz og pop.
Frå 1975 til 1981 spelte han med Chick Corea. Han har også samarbeidd med mellom andre Bob James, Al DiMeola, Tom Scott, Grover Washington, Jr. og David Sanborn. I 1990-åra spelte han mykje i ein trio med pianisten Michel Petrucciani.


I 1970- og 1980-åra, var Gadd også ein av dei trommeslagarane som spelte inn mest plater med popartistar. Ein kan finne døme på hans distinkte stil i innspelingar som til dømes Steely Dan si plate «Aja» og Paul Simon si plate «One Trick Pony». Frå slutten av 1990-åra har han gjort fleire turnear med Paul Simon, Eric Clapton og James Taylor.


Gadd har ikkje berre vore studiomusikar og arbeidd under andre musikarar. I 1976 var han med på å starte gruppa Stuff, og han har også spelt i The Manhattan Jazz Quintet, i tillegg til å gi ut plater med sitt eige band, The Gadd Gang, i 1980-åra.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Steve Gadd


  • Heimeside for Steve Gadd

Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command