Wyoming er ein delstat i det vestlege USA. Han grensar til Colorado, Idaho, Montana, Nebraska, Sør-Dakota og Utah. Wyoming er den 10. største delstaten i USA i utstrekking, men den minst folkesette og den andre minst folketette. I 2007 hadde delstaten 522 830 innbyggjarar. Delstatshovudstaden og den største byen i Wyoming er Cheyenne. Wyoming blei innlemma i USA i 1890.
Innhaldsliste
1Geografi
2Historie
3Bakgrunnsstoff
4Kjelder
Geografi |
Wyoming er eit nært rektangelforma område med grenser langs breiddegraden 41°N og 45°N og langs lengdegradene 104°3'W og 111°3'W. To tredelar av staten er dekt av fjell- og åsområde ved føtene av Rocky Mountains. Resten tilhøyrer eit høgt steppeområde kalla High Plains.
Landskap i Wyoming med utsyn over Hole-in-the-Wall i Big Horn Mountains. Staden blei brukt som tilfluktsstad for fredlause som Butch Cassidy og Sundance Kid.
Historie |
Den noverande delstaten Wyoming husa fleire amerikanske urfolksgrupper, mellom anna crow-, arapaho, lakota, shoshone- og utefolk. Innvandringa av nybyggjarar frå midten av 1850-talet skapte konfliktar og førte til fleire slag og trefningar, mellom anna Black Hills-krigen i 1876-77. Det var også konfliktar mellom eigarar av storfeflokkar og småbønder som kulminerte i Johnson County-krigen i 1892. Denne krigen, og lokale forbrytarar som Butch Cassidy og Sundance Kid, bidrog til å skapa mytene om Ville Vesten.
Under kolonitida var Wyoming eit grenseområde delt mellom Spansk Amerika, Britisk Nord-Amerika og det franske Louisianaterritoriet. 25. juli 1868 blei Wyomingterritoriet laga av Kongressen. I 1869 vart Wyoming den fyrste amerikanske staten som gav kvinner allminneleg stemmerett. Dette var delvis eit forsøk på å skaffe seg nok stemmeberettiga til å bli innlemma som eigen stat i USA. Wyoming vart innlemma som eigen stat 10. juli 1890, som den 44. delstaten i USA. Seinare fekk Wyoming også den første kvinnelege delstatsguvernøren i landet, Nellie Tayloe Ross.
Bakgrunnsstoff |
wyoming.gov, offisiell nettstad
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Wyoming» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2013.
For det lutherske bispedømet, sjå Nidaros bispedøme. Nidaros erkebispedøme var eit katolsk erkebispedøme med sete i Nidaros. Det vart oppretta av kong Olav Kyrre mellom 1070 og 1080 som bispedøme. Bispedømet vart opphøgd til erkebispedøme i 1153. Erkebispedømet vart innstifta av pave Anastasius IV i 1154, og var i funksjon fram til reformasjonen i 1537. Erkebiskopen sitt hovudsete var Erkebispegarden, rett ved domkyrkja Nidarosdomen. Frå 1152 til 1154 var Nicholas Breakspear i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av erkesetet. Innhaldsliste 1 Utbreiing og jurisdiksjon 2 Overhyrdar 2.1 Lydbiskopar 3 Biskopar 3.1 Biskopar 3.2 Erkebiskopar Utbreiing og jurisdiksjon | Kart over den nordiske kyrkjeprovinsen (1153-1387) Erkebispedømet omfatta i tillegg til Noreg øyane i vest i Noregsveldet. Nidaros var eit metropolitanerkebispedøme med fylgjande underliggjande bispedøme suffraganar: Bj...
Do VLANs within a subnet need to have their own subnet for router on a stick?
What are the differences between the usage of 'it' and 'they'?
Dragon forelimb placement
How do we improve the relationship with a client software team that performs poorly and is becoming less collaborative?
What typically incentivizes a professor to change jobs to a lower ranking university?
How to write a macro that is braces sensitive?
Modeling an IPv4 Address
Writing rule stating superpower from different root cause is bad writing
Can I ask the recruiters in my resume to put the reason why I am rejected?
Approximately how much travel t...
Tettstaden Birsay på Orknøyane. Ruinane av jarleplasset om lag midt i biletet. (Fotografi frå 2012) Utsikt mot Birsay og Brough of Brisay (fotografi frå 2009) Birsay er ein tettstad i eit sokn (parish) med same namn, nordvest på øya Mainland [Note 1] på Orknøyane, om lag 31 km frå Kirkwall. Staden er omtala fleire stader i Orknøyingasoga [1] , der han er kalla «Byrgesherad» (norrønt: Birgisherað ). Namnet skriv seg truleg frå elvenamnet Birgisá [2] . Innhaldsliste 1 Den gamle hovudstaden 2 Bispesetet 3 Jarlepalasset 4 Kjelder og utfyllande opplysningar 4.1 Notar 4.2 Fotnotar 4.3 Bakgrunnsstoff Den gamle hovudstaden | Hovudartikkelen for dette emnet er Torfinn Sigurdsson . Soknet er i dag i hovudsak ei jordbrukskommune men er mest kjend for dei mange kulturminna i området. Tettstaden Birsay blir gjerne omtala som «den gamle hovudstaden på Orknøyane» [3] , og ein viser d...