The Knickerbockers












The Knickerbockers
The Knickerbockers 1965.jpg
The Knickerbockers i 1965.
Opphav
Bergenfield i New Jersey i USA
Aktiv1964–1970
Sjanger
Garasjerock[1]
PlateselskapChallenge
Tidlegare medlemmerBeau Charles
John Charles
Skip Cherubino
Ned Brown
Peter Glitz
Buddy Randell
Jimmy Walker
Richie Walker
Barry McCoy
John Deleone
Pete LoCasio
Ritchie Costanza
Eric Swanson

The Knickerbockers var eit amerikansk rockeband, skipa i Bergenfield i New Jersey i 1964. Dei er best hugsa for singelen «Lies» frå 1965.




Innhaldsliste





  • 1 Historie

    • 1.1 Skiping


    • 1.2 Første suksess


    • 1.3 Minkande popularitet


    • 1.4 Andre prosjekt og nyskiping



  • 2 Medlemmar


  • 3 Diskografi

    • 3.1 Singlar


    • 3.2 EP-ar


    • 3.3 Album



  • 4 Kjelder




Historie |



Skiping |


Bandet vart skipa i 1962 i Bergenfield i New Jersey av brørne Beau Charles (gitar og vokal) og John Charles (bass og vokal) (fødenamn: Robert og John Carlos Cecchino) med forskjellig personell fram til 1964, då dei møtte Buddy Randell (vokal og saksofon) (fødenamn William Crandall). Randell hadde tidlegare spelt med The Rockin' Saints og The Royal Teens, som hadde ein hit med «Short Shorts» i 1958. Dei tok namnet sitt frå Knickerbocker Road, som gjekk gjennom nabobyen til heimbyen deira.


Den klassiske besetninga bestod av Randell, Charles-brørne og trommeslagaren Jimmy Walker (tidlegare trommis i The Castle Kings). Dei vart oppaga av produsenten og songaren Jerry Fuller då dei spelte på University Twist Palace i Albany i New York, og han fekk dei signert til det Los Angeles-baserte Challenge Records.



Første suksess |


Gjennom dei tre åra The Knickerbockers spelte inn musikk, prøvde dei å følgje trendane som var på den tida. Vokalen på «Jerk Town» er til dømes kraftig påverka av The Four Seasons. The Knickerbockers hadde ein tidleg topp 20-hit i 1964 og 1965 med «All I Need Is You» og «Lies».


Oppfølgjaren til «Lies» var «One Track Mind», og denne vart nesten òg ein hit. Selskapet til bandet klarte ikkje å distribuere singelen skikkeleg og han nådde berre 45. plassen på singellista. The Knickerbockers dukka opp i filmen Out of Sight (1966) og som fast innslag på Dick Clark-programmet Where the Action Is (1965–1967).



Minkande popularitet |


Sjølv om bandet hadde ein sterk låtskrivar i Beau Charles, vart suksessen til gruppa hindra av dårleg jobb frå plateselskapet. Seint i 1967 slutta trommisen Walker og vart erstatta av Bobby Hatfield frå The Righteous Brothers.[2] Walker spelte òg inn tre solosinglar for Columbia Records i 1968–1969, før han flytta til Wyoming der han vart verande gjennom 1970-åra. Buddy Randell var den neste som slutta. Charles-brørne heldt bandet gåande med dei nye medlemmane Richie Walker (vokal), Eric Swanson (trommer) og Barry McCoy (klaverinstrument). Randell kom attende til The Knickerbockers på trommer i 1968, og slutta att i 1970. Beau Charles var òg aktiv utafor gruppa, og spelte inn «Sharon Stay in Birmingham» for White Whale Records under aliaset Columbus Jones i 1969.



Andre prosjekt og nyskiping |


Beau og John Charles, i lag med songaren Ritchie Costanza og trommisen Eric Swanson, fekk kontrakt hos Motown i 1971, og namnet deira vart endra til Lodi. Dei spelte inn eit album (kom ut i 1972) og ein singel («Happiness» / «I Hope I See it In My Lifetime») på etiketten Mowest, før dei vart oppløyst.


Charles-brørne, Randell og Swanson akkompagnerte så ei kort stund Playboy Records-artist Brenda Patterson i 1973–1974, og var med i ein episode av The Midnight Special. Beau Charles vart verande det mest synlege medlemmet i bandet gjennom 1970-åra og var med i ein episode av Harry-O som barsongar og spelte musikk for forskjellige filmar og fjernsynssprogram.


Sidan den gongen har The Knickerbockers komen saman att to gonger. Den første gongen var i 1983 i Los Angeles, med alle utanom Buddy Randell (han song med det kristne bandet Jerusalem Rivers på den tida). Dei spelte inn demoar med produsenten Jerry Fuller, men vart oppløyst kort tid etter. Bandet kom saman att ein siste gong, og spelte ein månad i Delray Beach i Florida, i 1990, før dei igjen forsvann.


Dei to mest populære singlane til bandet var med i plateboksen Nuggets: Original Artyfacts From the First Psychedelic Era.



Medlemmar |


  • Beau Charles - gitar, vokal (1962-1972, 1983, 1990)

  • John Charles - bass, vokal (1962-1972, 1983, 1990)

  • Skip Cherubino - trommer (1962-1963)

  • Ned Brown - klaverinstrument (1962)

  • Peter Glitz - trommer (1963-1964)

  • Buddy Randell - vokal, saksofon, trommer (1964-1967, 1968-1970, 1990; døydde 1998)

  • Jimmy Walker - trommer, vokal (1964-1967, 1983, 1990)

  • Richie Walker - vokal (1967-1970)

  • Barry McCoy - klaverinstrument (1967-1968)

  • John Deleone - trommer (1967-1968)

  • Pete LoCascio - trommer (1962)

  • Ritchie Costanza - vokal (1970-1972)

  • Eric Swanson - trommer (1970-1972)


Diskografi |



Singlar |


  • «All I Need is You» / «Bite Bite Barracuda» (Challenge 59268) 1964

  • «Jerktown» / «Room for One More» (Challenge 59293) 1965

  • «Lies / »The Coming Generation" (Challenge 59321) 1965 U.S. nr. 20

  • «One Track Mind» / «I Must Be Doing Something Right» (Challenge 59326) 1966 U.S. nr. 46

  • «High on Love» / «Stick With Me» (Challenge 59332) 1966 U.S. nr. 94

  • «Chapel in the Fields» / «Just One Girl» (Challenge 59335) 1966

  • «Love is a Bird» / «Rumors, Gossip, Words Untrue» (Challenge 59341) 1966

  • «Please Don't Love Him» / «Can You Help Me» (Challenge 59348) 1966

  • «What Does That Make You?» / «Sweet Green Fields» (Challenge 59359) 1967

  • «Come and Get It» / «Wishful Thinking» (Challenge 59366) 1967

  • «I Can Do It Better» / «You'll Never Walk Alone» (Challenge 59380) 1967

  • «A Matter of Fact» / «They Ran For Their Lives» (Challenge 59384) 1968

  • «Happiness» / «Hope I See it In My Lifetime» (as LODI) (MoWest 5003) 1971

  • «All I Need is You» / «Jerktown» (reissue) (Sundazed #unknown) 1989

  • «Gotta Stop This Dreaming» / «I Want a Girl for Christmas» (Sundazed SEP 186) 2006


EP-ar |


  • «Lies» / «The Coming Generation» / «One Track Mind» / «I Must Be Doing Something Right» (London 10178) 1966


Album |



  • Lloyd Thaxton Presents.... (Challenge 1264) 1965


  • Jerk & Twine Time (Challenge 621) 1966


  • Lies (Challenge 622) 1966 U.S. nr. 134


  • Lodi (MoWest MW 101L) 1972


  • The Fabulous Knickerbockers! (Sundazed) 1989


  • The Great Lost Knickerbockers Album! (Sundazed) 1992


  • Hits, rarities, unissued cuts and more... (Sundazed) 1997


  • Rockin' with the Knickerbockers! (Sundazed 5154) 2006


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «The Knickerbockers» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2018.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. Deming, Mark. The Knickerbockers på Allmusic. Henta 25. februar 2017.


  2. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 182. CN 5585. 






Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?