Iwi


Iwi er dei største samfunna av māoriar på New Zealand. I føreuropeisk tid var uttrykket iwi synonymt med nasjon; det gav uttrykk for det samfunnet ein person rekna seg som medlem av og kjende truskap og forpliktingar til. Etter kvart som det newzealandske samfunnet har utvikla seg til ei mykje større sosial eining, har nemninga fått ei tyding analog til «stamme» eller «klan».


Iwi-grupper kan føra slekta si attende til dei opphavlege māoriinnvandrarane som kom frå Hawaiiki, i alle fall etter tradisjonen.




Innhaldsliste





  • 1 Bein og røter


  • 2 Utfordring frå urbane māoriar


  • 3 Nokre kjende iwi


  • 4 Bakgrunnsstoff




Bein og røter |


På māori tyder iwi også bein. Māoriforfattaren Keri Hulme, gav den mest kjende romanen sin namnet The Bone People, ein tittel direkte knytt til den doble meininga bein og stammefolk. (Boka fekk Man Booker Prize i 1985.) Den som kjem heim etter ei reise eller etter å ha budd ein annan stad, «kjem attende til beina», i tydinga attende til der forfedrane er gravlagde. Mange samfunn vil her bruka nemninga «røter».


Mange iwi samlar seg i større grupper kalla waka (bokstaveleg kalla kanoar som viser til dei opphavlege kanoane maorifolket kom til New Zealand i). Kvar iwi kan vera delt i fleire undergrupper kalla hapu. Iwien Ngāti Whātua består t.d. av desse hapu: Te Uri O Hau, Te Roroa, Te Taou og Ngāti Whātua ki Orakei.


Trass i flytting innanfor New Zealand og giftarmål med ikkje-māoriar gjennom eit par hundreår, består dei fleste iwi enno. Dei har etter kvart fått synleg politisk makt som dei særleg nyttar til å vinna attende landområde og andre rettar som dei er blitt fråtekne dei gjennom dei siste 150 åra. Eit døme på dette er semja mellom den newzealandske staten og Ngāi Tahu iwien som gir kompensasjon for tap av ulike rettar som denne iwien var garantert i Waitangitraktaten av 1840.



Utfordring frå urbane māoriar |


I dei seinare åra har «urbane māoriar» utfordra dei etablerte stammebaserte (iwi-baserte) maori maktsentra. Urbane māoriar er grupper av menneske som ikkje legg skjul på at dei er maoriar, men enten veljer å ikkje identifisera seg med ein særskild iwi, eller ikkje er i stand til det (vanlegvis fordi dei ikkje kjenner til kva iwi dei stammar frå). Ein person av maori-ætt kan òg velja å støtta stammelause strukturar fordi eksisterande iwi ikkje er av verdi for han, eller han meiner at iwi ikkje er i stand til å støtta han, synspunkta eller interessene hans.



Nokre kjende iwi |




Kart over plasseringa av ulike iwi på New Zealand.



  • Ngāi Tahu eller «Kāi Tahu» (som held til sør på New Zealand - dei fleste på Sørøya.)


  • Ngā Puhi (Den største iwi med over 100 000 menneske i høve folketeljinga frå 2001, dei held til i Northland)


  • Ngāti Kahungunu - Hawke's Bay og Wairarapa


  • Ngāti Maniapoto (i Waikato-Waitomo-regionen)


  • Ngāti Porou (i Gisborne-East Cape)


  • Ngāti Tama (i Taranaki og Wellington)


  • Ngāti Toa (i Porirua, dit dei flytta frå Kawhia på 1820-talet under leiinga til Te Rauparaha)


  • Ngāti Ruanui (i Taranaki-regionen)


  • Ngāti Whātua (i og nord for Auckland - mest i Bastion Point i Orakei)


  • Tainui (i Waikato-regionen)


  • Te Arawa (i Bay of Plenty)


  • Te Ātiawa - Taranaki og Lower Hutt


  • Tūhoe (Urewera/Whakatane)


  • Ngāti Tūwharetoa (sentralt på Nordøya)


  • Whakatohea (i Opotiki-distriktet)

Kvar iwi har tilhald i eit definert område (rohe), men mange av desse overlappar kvarandre, somme fullstendig. [1]. Dette har vore ein kompliserande faktor i til dømes langvarige drøftingar og rettssaker om forståing og løysing av tidlegare tiders inngåtte avtalar mellom styresmaktene og maorifolket.



Bakgrunnsstoff |


  • Kart over iwi-område

  • Heimesida til Waikato iwi, ein av stammane i Tainui waka

  • Heimesida til Ngāi Tahu

  • Heimesida til Ngapuhi


  • Urban māori artikkel i The New Zealand Herald omtalar grunnlaget for danning av the National Urban Māori Authority.

    Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?