Taliban




Flagg brukt av Taliban.


Taliban (pasjto طالبان‎ ṭālibān 'studentar'), er ei islamistisk gruppering som oppstod i Pakistan og Afghanistan på 1990-talet. Gruppa er kjend for å ha hatt makta i Afghanistan frå 1996 til 2001, og for å stå bak ei rekkje åtak mot militære og sivile. Taliban er hovudsakleg støtta av pasjtunar som følgjer ein fundamentalistisk type av sunniislam.[1]


Rørsla oppstod i Nord-Pakistan på 1990-talet, etter at sovjetiske troppar trekte seg ut av Afghanistan og landet braut ut i borgarkrig. Ein held føre at Taliban oppstod ved pakistanske koranskular som hadde støtte frå Saudi-Arabia, kjend for å støtta ei intolerant linje innan sunniislam. Leiaren for Taliban i Pakistan er rekna for å vera mulla Muhammed Omar.[1]


Frå hausten 1994 gjorde dei seg merka i Afghanistan. Etter å ha etablert seg sørvest i landet tok dei kontroll over Herat-provinsen i september 1995 og hovudstaden Kabul i 1996. I 1998 hadde dei herredøme over rundt 90 % av landet.[1]




Taliban-medlem slår ei kvinne som gjekk utan burka offentleg. Filma i løynd av RAWA i Kabul i 2001.


Taliban hadde som mål å innføra fred, tryggleik og sin versjon av sjaria i landet. I førstninga var dei velkomne blant lokalbefolkninga, nettopp ved å gjera område trygge for handel og ferdsel. Dei innførte også ei rekkje reglar og straffer som blei sterkt kritiserte, til dømes påbod om å ha skjegg for menn og å dekka seg til med burka for kvinner; forbod mot musikk, film og fjernsyn, amputasjonar som straff for tjuveri og steining for drap og utruskap.[1]


Etter terroråtaka i USA 11. september 2001 blei Taliban skulda for å gje ly til terrorgruppa al-Qaida. Afghanistan blei invadert av USA og ei rekkje allierte, og Taliban-regimet blei styrta. Sidan har amerikanske styrkar drive klappjakt på talibanleiarar, samtidig som fleire grupper tilknytte Taliban har vakse fram i Afghanistan og Pakistan.[1] I åra som har følgd har talibantilknytte grupper hatt årlege «våroffensivar» retta mot diplomatiske og militære mål og mot afghanske sivile.[2] Forsøk frå den afghanske regjeringa på å forhandla fram fred med Taliban har ikkje ført fram.[3]


I Pakistan skal Tehrik Taliban Pakistan (TTP), leia av Hakimullah Mehsud, ha stått bak ei rekkje sjølvmordsåtak og andre åtak. Ubekrefta rykte går også ut på at mullah Omar og andre leiarar skal ha slått seg ned i den pakistanske byen Quetta.[1]



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |




  1. 1,01,11,21,31,41,5 Who are the Taliban?, bbc.co.uk (3 January 2012)


  2. John Wendle, The Taliban spring offensive - civilians count the cost, guardian.co.uk (1 May 2013)


  3. Emma Graham-Harrison, Julian Borger, Afghanistan peace deal: Taliban talks hit deadlock, guardian.co.uk (2. April 2013)







Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...