Billy Strange
























Billy Strange
Fødd
29. september 1930(1930-09-29)
Fødestad
Long Beach i California i USA
Død
22. februar 2012 (81 år)
Dødsstad
Franklin i Tennessee i USA
FødenamnWilliam Everett Strange
OpphavUSA
InstrumentGitar
Tilknytte artistar
  • Nancy Sinatra

  • The Wrecking Crew

PlateselskapEra Records
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medJoan O'Brien

William Everett «Billy» Strange (29. september 1930–22. februar 2012) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, gitarist og skodespelar. Han var studiomusikar og vart kjend frå Wrecking Crew, og innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum som ein del av The Wrecking Crew i 2007.




Innhaldsliste





  • 1 Biografi


  • 2 Utvalde filmar

    • 2.1 Som skodespelar


    • 2.2 Film- og TV-musikk



  • 3 Utvald diskografi


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff




Biografi |


Strange slo seg saman med Mac Davis og skreiv fleire hitsongar for Elvis Presley, som «A Little Less Conversation», kjenningsmelodien til Charro!, og «Memories». Strange skreiv òg musikk for to Presley-filmar, Live a Little, Love a Little og The Trouble with Girls. Han skreiv òg «Limbo Rock» som vart spelt inn av The Champs og Chubby Checker.


Strange spelte inn mange coverversjonar av James Bond-songar for GNP Crescendo Records og akkompagnerte og arrangerte Nancy Sinatra sin versjon av «You Only Live Twice» i tillegg til Nancy og Frank Sinatra sin «Somethin' Stupid». Han vart anerkjendt av Rockabilly Hall of Fame som ein pioner innan sjangeren.[1]


Strange spelte gitar på fleire Beach Boys-hittar, som «Sloop John B» og på albumet Pet Sounds. Han spelte òg gitar for Nancy Sinatra, Jan & Dean, The Ventures, Willie Nelson, The Everly Brothers, Wanda Jackson, Randy Newman og Nat King Cole blant fleire. Ein av dei mest kjende framføringane hans var på Nancy Sinatra sin versjon av «Bang Bang (My Baby Shot Me Down)».


Strange arrangerte og dirigerte alle albuma til Nancy Sinatra på Reprise i tillegg til Nancy Sinatra og Lee Hazlewood si plate for RCA Records,, Nancy & Lee Again og albumet Nancy & Lee 3 i 2003. Han arrangerte òg Sinatra og Mel Tillis-albumet Mel & Nancy i 1981. Han arrangerte og dirigerte for Frank Sinatra, Dean Martin, Sammy Davis jr., Duane Eddy og Elvis Presley. Ein av dei mest kjende arrangementa hans var «These Boots Are Made for Walkin'» for Nancy Sinatra. Strange song òg for Steve McQueen i Baby the Rain Must Fall.[2]


Strange spelte kjenningsmelodiar for mange Disney-filmar og TV-show som «The Munsters» (1964), «Batman» (1966) og «Have Gun – Will Travel» (1957). Han er gitaristen som spelar på kjenningsmelodien til «The Munsters».


«A Little Less Conversation», som han skreiv med Mac Davis, vart nytta i DreamWorks-filmen Shark Tale (2004) og Megamind (2010).[3]


Han song sin eigen song, «The Ballad of Bunny and Claude», i Merrie Melodies Bunny And Claude (We Rob Carrot Patches) (1968) og The Great Carrot-Train Robbery (1969).[3]



Utvalde filmar |



Som skodespelar |



  • Coal Miner's Daughter – Speedy West (1980)


Film- og TV-musikk |



  • Movin' with Nancy (1967)


  • Live a Little, Love a Little (1968)


  • Elvis (1968)


  • The Trouble with Girls (1969)


  • De Sade (1969)


  • Bunny O'Hare (1971)


  • The Simpsons (1995, 1 episode)


  • Ocean's Eleven (2001)


  • Smallville (2002, 1 episode)


  • Everybody Loves Raymond (2003, 1 episode)


  • Bruce Almighty (2003)


  • Shark Tale (2004)


  • Megamind (2010)


Utvald diskografi |


  • Billy Strange Plays Roger Miller

  • Mr. Guitar

  • The James Bond Theme / Walk Don't Run '64

  • English Hits of '65

  • Goldfinger


  • Secret Agent File (seinare gjeve ut på ny som eit samlealbum)

  • James Bond Double Feature

  • In the Mexican Bag

  • Great Western Themes

  • Billy Strange and The Challengers

  • Strange Country

  • 12 String Guitar

  • Railroad Man


  • Super Scary Monster Party (samlealbum)


  • De Sade (filmmusikk)


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Billy Strange» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2016.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. «Billy Strange». Rockabilly Hall of Fame. Henta 30. november 2016. 


  2. Friskics-Warren, Bill (24. februar 2012). «Billy Strange, '60s Session Gitarist, Dies at 81». The New York Times. s. D8. 


  3. 3,03,1 Minovitz, Ethan (23. februar 2012). «Gitarist and låtskrivar Billy Strange dies at 81». Big Cartoon News. Big Cartoon DataBase. 






Bakgrunnsstoff |



  • Billy Strange på Allmusic


  • Billy Strange-diskografi på Discogs


  • IMDb om Billy Strange


  • Billy Strange på Find a Grave


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?