Hå gamle prestegard
Koordinatar:
Hovudbygget, tidlegare bustadhus
Hå gamle prestegard er ein tidlegare prestegard, vest for Nærbø i Hå kommune. På 1980-talet vart bygningane restaurert, og dei fekk funksjon som kulturhus. I 1989 vart prestegarden tildelt Fritt Ords honnør for restaurering av eit verdifullt gardstun og for levande kulturarbeid i husa.
Garden ligg heilt ut mot storhavet og er i dag eit kunst- og kultursenter. Her finn ein eit galleri med vekslande kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Det er òg kafeteria og sal av kunst.I kjellaren i jærhuset er det utstilt funn av restar etter 8200 år gamal busetting i området. Langs kyststripa er det eit stort strandgravfelt frå folkevandringstida.
Bilete |

Jærhuset

Den gamle løa
Bakgrunnsstoff |
Vis Hå gamle prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Hå gamle prestegard på http://www.ha.no
Strandgravfeltet nedanfor Hå gamle prestegard
Denne Rogalandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.