Radiosendar




Antennetårn på Crystal Palace transmitter i London.


Radiosendar, òg kjend under omgrepet transmitter (gjennom-sendar, formidlar) er ei elektronisk innretning som sender eit elektromagnetisk signal som formidlar innhald i form av radio, television, eller telekommunikasjon.


Døme på radiosendarar er WLAN-sendar i berbar PC, mobil basestasjon, sendaren i ein mobiltelefon, eller store installasjonar som radisendarane på Tryvann i Oslo.


Dei første radiosendarane var gnistsendarar, oppfunne og patentert av Nikola Tesla. Gnistsendarane kunne berre brukast for telegrafi, og dei beslagla så store frekvensområde at dei vart forbodne. Dei vart etterfølgde av røyrsendarar som kan modulerast med lydar og andre signal. Røyrsendarar og transistor består av ein oscillator som er ein forsterkar med positiv tilbakekopling slik at han oscillerer, og eit frekvensbestemmande ledd som kan vera ein krystall. Oscillatoren vert gjerne etterfølgd av eitt eller fleire forsterkartrinn. Det siste trinnet vert kopla til antenna. Amplitudemodulering kan skje i det siste trinnet. Frekvensmodulering kan skje i oscillatoren.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Radiosendar» frå Wikipedia på bokmål, den 28. november 2017.


Bakgrunnsstoff |


  • International Telecommunication Union

  • Jim Hawkins' Radio and Broadcast Technology Page

  • WCOV-TV's Transmitter Technical Website


Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister