Selskabet Bondevennerne


Selskabet Bondevennerne var ein interesseorganisasjon for norske bønder som vart stifta i 1865 av Søren Jaabæk, etter inspirasjon frå det danske Bondevennernes Selskab. Organisasjonen kan reknast som den første politiske klasseorganiseringa i Noreg, av di han organiserte politisk verksemd hos bønder over store delar av landet under ei sentral leiing i Mandal. Rørsla breidde veldig raskt om seg men vart oppløyst under eit tiår etter stiftinga. Sentralleiinga i Bondevenane framstod som radikale og uttrykte sterk kritikk mot borgarleg undertrykking av bønder, med ein agitasjon som var samanfallande med den dei norske arbeidarrørslene seinare kom til å nytte. Mykje tyder på at sentralleiinga var langt meir radikal enn storparten av medlemsmassen.


Bondevenane utdanna bønder i politiske arbeidsmetodar, og lokallag i organisasjonen stod mellom anna for opprettinga av dei første samvirkelaga og sparebankane i landet. Dei fleste lokallaga i organisasjonen heldt fram som eigne einingar, eller gjekk gradvis over til å verte lokallag for Venstre, ettersom organisasjonen vart oppløyst.




Innhaldsliste





  • 1 Historie

    • 1.1 Stiftinga


    • 1.2 Samanbrotet



  • 2 Bonderørsla vs. arbeidarrørsla


  • 3 Politikk


  • 4 Kultur og arv


  • 5 Sjå òg




Historie |



Stiftinga |


Bondevenane vart stifta då Noreg, på slutten av 1860-åra gjekk inn i ei økonomisk krise som hovudsakleg råka jordbruksnæringa i landet. Rørsla breidde seg raskt utover og tok form av eit masseparti med svært mange lokallag og ei sentral leiing i Mandal.


Selskapet var ein tendens i tida; bøndene var i mykje større grad enn tidlegare vortne ein del av pengehushaldinga, noko som òg gjorde dei meir gjeldande politisk - då særs lokalt.



Samanbrotet |


I løpet av 1870-åra viste Søren Jaabæk, som var den samlande figuren i rørsla seg meir og meir som utprega radikal. Han gav m.a. uttrykk for motstand mot statskyrkja og skreiv rosande innlegg om Den første Internasjonalen. Slike haldningar passa dårleg med store delar av medlemsmassen i Bondevenane, og samstundes som økonomien for bøndene i Noreg gradvis vart betre, løyste organisasjonen seg sakte men sikkert opp.


Etter 1873 var alle laga inaktive, medan nokre få heldt fram som uavhengige bygdelag. Storparten av idealistane frå Bondevenane gjekk til Venstre, men sjølvsagt òg til dei andre partia; Moderate Venstre, Centrum og Høire.



Bonderørsla vs. arbeidarrørsla |


Ein av dei største skilnadane mellom den gryande bonderørsla og arbeidarrørsla (Les: Marcus Møller Thrane) i denne perioden var korleis dei organiserte seg. Medan arbeidarrørsla var meir laust organisert, hadde Bondevenane bygd ein organisasjon med svært mange lokallag heilt nede på fogderinivå. Den hadde ei sentral, koordinerande leiing frå Mandal, eiga medlemsavis -Folketidende- og ein landsmøteinstitusjon som høgste organet.


«De Forrettede herske altid der, hvor de Arbejdende og Frembringende have en underordnet Indflydelse. Sagen er den: Fremstødene bør virke nedenfra og opad.»


Mange av ideala og tankane som rådde blant Bondevenane kan i nokon grad samanliknast med dei ein såg i arbeidarrørsla. Begge var store klasserørsler som arbeidde mot undertrykking frå borgarskapen. Det store skiljet som likevel dukka opp mellom dei to rørslene kan kanskje mellom anna grunnast i at mange bønder frykta ei proletarisering av den frie bonden (les: industrijordbruk).



Politikk |


Politikken dei organiserte bøndene framheldt var prega av eit sterkt krav om desentralisering av makt og kapital og styrking av det lokale sjølvstendet i distrikta. Rørsla var inspirert av ein tidleg form for antikapitalisme, samstundes som ein ynskte å byggje ned byråkratiet.


Eit av dei største krava til Bondevenane var ei utviding av røysteretten til at «enhver anden myndig Mand i selvstændig Stilling (red. anm.: som eig sitt eige land, m.a.o. ein bonde) bliver Stemmeberettiget, naar han ilignes umiddelbar Skat».


I delar av grunnplanet i rørsla var det òg ei utbreidd konservativ haldning til religion, kultur og teknologi. Den sentrale leiinga i rørsla var langt meir radikal enn grasrota. Den kritiske haldninga til teknologi kan til dels grunnast i frykta for at den frie bonden skulle bli proletarisert. Skiljet mellom sentralleiinga og dei lokale medlemane var truleg delaktig i at organisasjonen gjekk so fort i oppløysing.


Rørsla var ikkje politisk i den grad at den deltok i stortingsval. Den samla veljarar frå ei stor yrkesgruppe, heldt møter, utdanna og opplyste slik at bøndene vart ei meir unison veljargruppe, og vanskelegare for dei rådande partia å oversjå.



Kultur og arv |


Bondevenane var ein organisert politisk fellesskap med opne debattar om utfordringar i tida.


Bondevenane stod for oppstarten av sparebankar, handelslag, meieri og trygdelag, og midt i alt dette; leselag og avhaldslag. Det var gjennom Bondevenane dei første samvirketenestene oppstod med t.d. utbetaling av utbytte til alle luteigarane.



Sjå òg |


  • Søren Jaabæk

Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?