Hans Konrad Foosnæs












Hans Konrad Foosnæs
Hans Konrad Foosnaes.jpg
Hans Konrad Foosnæs
Foto: Ludwik Szacinski

Fødd
2. februar 1846
Namdalseid
Død
30. juli 1917
Beitstad
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrke
politikar, bonde, rektor

Hans Konrad Henriksson Foosnæs (2. februar 1846–30. juli 1917) var ein norsk gardbrukar, skulemann og Venstre-politikar. Han var ein sentral politikar i tiåra før og etter 1900, i eigenskap av å vere folkehøgskulestyrar, bondeførar, skyttarleiar og stortingsrepresentant. Foosnæs var landbruksminister 1908-10. Han var ein inspirerande talar som kunne vere ironisk når han var forarga, men som var elskverdig av person og talte varmt for dei sakene han brann for.[1] På hans eldre dagar oppstod ei persondyrking som kunne minne om kultdyrkinga av Bjørnstjerne Bjørnson.[1]




Innhaldsliste





  • 1 Liv

    • 1.1 Yrke


    • 1.2 Politikk


    • 1.3 Utmerkingar



  • 2 Notar


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff




Liv |


Foosnæs vart fødd inn eit storbondemiljø på Årgård i Namdalseid kommune i Nord-Trøndelag. Tomas Olsson Fosnes var farfar hans, og Hans Barlien morfar hans. Same året som han vart fødd flytta Foosnæs med familien til slektsgarden Fosnes i Beitstad i dagens Steinkjer kommune.



Yrke |


Foosnæs fekk si første utdanning på fastskulen i Beitstad. Sidan var han elev i det første kullet ved Sagatun Folkehøyskole på Hamar 1864-66. Deretter fekk han privatundervisning i Christiania vinteren 1866-67, vinteren etterpå hadde opphald ved to folkehøgskular i Danmark. Ved den eine skulen, i Roskilde, vart han kjend med Lars M. Bentsen og dei to bestemte seg for å opprette ein folkehøgskule i Trøndelag.


Foosnæs var 1872-76 styrar ved den første folkehøgskulen nordafjells, halden på Re i Stjørdal. I 1876 tok Foosnæs over farsgarden i Beitstad. Åra 1876-79 dreiv han ein ny folkehøgskule som vekselvis hadde tilhald i Vefsn, Overhalla, Grong, Stod, Inderøy og Beitstad. Attåt yrket som gardbrukar hadde han ei rekke interesser innan næringslivet i heimfylket. Mellom anna grunnla han Indtrøndelagens Dampbaadsamlag, og var stor skog- og sagbrukseigar, styreformann ved Mære landbruksskole 1894-1908, formann i amtsskulestyret, mangeårig medlem av representantskapet og av styret i Norges Brannkasse og styreformann i Beitstaden Sparebank 1873-89. Foosnæs var forlikskommissær 1878-1908 og amtsrevisor 1881-1908.



Politikk |


Foosnæs var aktiv både lokal- og rikspolitisk for Venstre. Han var medlem av Beitstad heradsstyre frå 1878, ordførar 1880-1910 og 1914-16.[2] Frå 1876 var han valmann til og med 1903, då ordninga vart fjerna. Han vart i 1882 vald til stortingsmann frå Nordre Trondhjems amt og hadde sete på Stortinget 1883-85, 1889-1900 og 1903-06. I den fyrste perioden på tinget var han medlem av militærkomiteen. Foosnæs interesserte seg i særleg gard for landbrukspolitikk og jarnbanepolitikk. 1889-1900 og 1903-06 var han såleis medlem i landbrukskomiteen. Han var formann 1892-94 og 1898-1900, to periodar der Venstre hadde fleirtal i tinget. Elles var han medlem av Lagtinget 1892-1900 og av valkomiteen 1894-1900 samt 1903-05.


Foosnæs var republikanar og motstandar av unionen med Sverige. Han var med på å grunnlegge det frivillige skyttarvesenet i 1882, ei motvekt til den kongekontrollerte hæren. Under statsrådssaka og riksrettssaka i 1884 var Foosnæs formann i Skyttersamlagenes fellesstyre.[1] Han var også formann i Indtrøndelagens og Namdalens folkevæbningssamlag frå 1881. Ved unionsoppløysinga i 1905 var Foosnæs medlem av Stortinget sin spesialkomité. Han var motstandar av Karlstadforliket, oppteteken av samane sine rettar i grenseområda og motstandar av desarmeringa av grensefestningane.[1] Frå Stortingets talarstol sa han at ein lett kunne ha møtt svenskane med 100 000 mann, ei påminning om skyttarrørsla.[1] Då Noregs statsform vart eit aktuelt spørsmål, heldt Foosnæs fast på republikken, men ved kroninga av kong Haakon VII og dronning Maud i Trondhjem i 1906 var han medlem av Stortingets deputasjon.[1]


Foosnæs var statsråd i Landbruksdepartementet i Gunnar Knudsens første regjering frå 19. mars 1908 til 1. februar 1910. Foosnæs viktigaste landvinning som landbruksminister var truleg lova som gav kommunane forkjøpsrett til skogeigedomar.[1]


Foosnæs var også medlem av den parlamentariske landbrukskommisjonen 1895-1902, formann dei to siste åra. Vidare var han medlem av lappekommisjonane av 1889, 1892 og 1897. Seinare, 1902-08, var han formann i Finnmarkens jordsalskommisjon, og til sist medlem av fjellbeitekomiteen av 1912.


Foosnæs var gift med syster til Johannes Bragstad. Han døydde i Beitstad i 1917. På dødsleiet mottok han eit telegram frå eit bondestemne på Stiklestad som hylla han som «de norske bønders Tord Foleson».[1]



Utmerkingar |


Foosnæs vart tildelt 7. juni-medaljen og Kroningsmedaljen 1906. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1901, og fekk kommandørkorset av 1. klasse av same orden i 1910.



Notar |




  1. 1,01,11,21,31,41,51,61,7 «H.K. Foosnæs». Norsk biografisk leksikon. 


  2. «Hans Konrad Henriksen Foosnæs». Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. 



Kjelder |


  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

  • Norsk Biografisk Leksikon


Bakgrunnsstoff |



  • Hans Konrad Foosnæs i Steinkjerleksikonet


  • Biografisk informasjon om Hans Konrad Foosnæs NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...