Skipsmodell som kyrkjeskip





Christianus Quintus i Holmens Kirke


Kyrkjeskip, av og til kalla votivskip, er skipsmodellar for utsmykking i ei kyrkje. I Danmark kan så mykje som annakvar kyrkje ha ein eller fleire skipsmodellar hengande - eller ståande. Skikken er òg vanleg i Noreg. Slike modellskip vert ofte kalla votivskip, sidan dei i visse tilfelle er gjevne som votivgåver. Eit meir folkeleg namn er kyrkjeskip, eit ord som elles vert bruka om sjølve kyrkjerommet.




Innhaldsliste





  • 1 Utbreiing


  • 2 Historie


  • 3 Symbolikk


  • 4 Kyrkjeskip i Noreg


  • 5 Konservering av kyrkjeskip


  • 6 Litteratur og kjelder

    • 6.1 På nettet





Utbreiing |


Kyrkjeskipa er kjende frå alle europeiske stader med tilknyting til havet, men ingen stader er tradisjonen meir levande enn i Danmark. Med utgangspunkt i den danske tradisjonen finn vi òg mange kyrkjeskip i område påvirka av dansk kultur, spesielt i Nordtyskland og Sørslesvig, men òg i Holstein og i Noreg.




Fregatten Jylland i Kastelskirken



Historie |


I Europa finst votivskip heilt frå 1400-talet, i Danmark skal dei ha dukka opp seinast på midten av 1500-talet. Dei eldste skipa som er bevart i Norden, er Galeonen i Storkyrkan i Stockholm (ca 1590), skipet i Mariakirken i Bergen (ca. 1610) og modellen i Ho kirke i Danmark (ca1605).


Sankt Mortens kirke i Randers har tre kyrkjeskip, det eldste, datert til 1632, førestiller orlogsskipet Randers. Dei to andre er Epeneser og Cecilie. Ingen stader er kyrkjeskipa meir populære enn på Fanø. Her har Sønderho kirke rekorden med 14 registrerte modellar, følgd av Nordby kirke med 9.





Haabet i De Gamles Bys Kirke


Den mest populære skipsmodellen i Danmark er fregatten Jylland, som heng i over 30 danske kyrkjer. Det mest populære namnet registrert i databasen kirkeskipet.dk er Haabet, som det er 75 av. Elles førekjem mytologiske namn som Odin, Juno og især Neptun – namn som kan synest malplasserte i ei kristen kyrkje, og som difor mest truleg er henta frå originalen som skipet er ein modell av.


Forskarar vil ikkje bruke omgrepet votivskip om dei danske kyrkjeskipa, sidan få av desse skipa har vore votivgåver. Strengt tatt kan denne nemninga berre brukast når gjevaren har gjeve ein lovnad til sin Gud om at han vil gje gåva om han overlever ein sjukdom, eit skipsforlis eller ein annan livstruande situasjon. Eit døme på eit ekte votivskip på det danske Handels- og Søfartsmuseet er ei djunke som stammar frå eit kinesisk tempel som hadde fått det som eit votivgåve.





Neptunus i Davidskirken,København


Etter ein noko rommelegare definisjon av ordet votivskip, kan omgrepet brukast om skipsmodellar gjevne i takksemd av ein sjømann eller sjøreisande som har overlevd eit forlis, og som gjerne sjølv byggjer ein modell av det forliste skipet. Etter denne definisjonen finst det minst eitt ekte votivskip i Danmark, nemleg kutteren Jenny Skomager i Helligåndskirken i Hvide Sande. Den er både bygd og gjeven av ein sjømann som forliste i Austersjøen i desember 1961.



Symbolikk |


Kyrkjeskipa er sjeldan votivgåver. Det finst mange forklaringar på kvifor skipa heng i kyrkjene:



  • Skipet er eit gammalt symbol for kyrkjelyden og kyrkja, som hjelper menneska på reisa over livsens hav. Merk det språklege samanfallet med omgrepet kyrkjeskip om forsamlingsrommet i kyrkjene, eit samanfall som òg er i latin.

  • Når somme kyrkjer har modellar av fleire skip, er det sannsynleg at folket på denne måten har meint å gje skipa velsigning og forbøn.

  • Skipet kan ha vore eit bilete på stordom, makt og verdiar. Derfor er skipet òg eit vanleg motiv i mange byvåpen.

  • Tilslutt er bruken forklart med at sjøfolk og andre reisande kan ha sett slike skip i kyrkjene i Europa, og tenkt at eit slikt må vi få oss i kyrkja heime. Om storfolket kunne donere dyre altertavler, kunne vanlege sjøfolk pynte kyrkjene med slikt husflidarbeid.

Det synest vere ein uskriven regel at kyrkjeskip alltid er gjevne som gåve – det er ikkje noko kyrkja berre kjøper seg.



Kyrkjeskip i Noreg |




Orlogsskipet i Dolstad kyrkje




Elsfjord kyrkje har ein modell av ein nordlandsbåt til kyrkjeskip


Skikken med kyrkjeskip er ein del av den felles dansk-norske tradisjonen.


Kyrkjeskipet i Dolstad kyrkje er eit orlogsskip lensmann Petter J. Agerborg gav til kyrkja på 1760-talet. Skipet fører naturleg nok Dannebrog. Det finst ikkje tradisjon for at skipet kan vere nokon votivgåve. Derimot er det to segner som ikkje kan vere sanne, men som likevel på kvar sin måte dreg inn votivtanken: Etter ei segn vart kyrkjefolket ein preiksøndag overfalne av sjørøvarar. Før sjørøvarane kom seg unna, stemna eit orlogsskip inn Vefsnfjorden, og tok røvarane til fange slik at alt det dei hadde røva kom til rettes. Etter den andre segna var det nokre samar på kyrkjeveg som var tekne til fange av bumenn nær Dolstad etter ein strid mellom dei. Samane stod i fare for å verte drepne då det kom eit orlogsskip inn fjorden, og skipet kom samane til unnsetning. Etter begge segnene vart kopien av skipet gjeven i takksemd av dei som på underfullt vis hadde fått hjelp frå skipet.



Konservering av kyrkjeskip |


I Danmark bruker kyrkjedepartementet Handels- og Søfartsmuseet som konsulent ved reparasjon av gamle kyrkjeskip og når nokon vil kjøpe nye skipsmodellar til kyrkjene. I norske kyrkjer har Sjøfartsmuseet stått for rigging og oppussing av gamle kyrkjeskip.



Litteratur og kjelder |


Artikkelen er omsett frå dansk wikipedia og supplert med opplysningar knytt til Noreg.



  • Kirkeskibe i Danmark og de tidligere hertugdømmer Slesvig og Holsten, 128 sider, Anngret Pods, Forlag Heinrich Müller Söhne, 1988, på dansk ved Dr. phil. Henning Henningsen.


  • Kjell Jacosen: Dolstad kyrkje gjennom 250 år 1735-1985


På nettet |


  • Norsk forlishistorisk forening om kyrkjeskip

  • Jenny Skomager


  • kirkeskibet.dk med database over danske kirkeskibe

  • kirkeskibe.dk



Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skipsmodell som kyrkjeskip







Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?