Ukokplatået




Ukokplatået




Isprinsessa




Ryttar, filstykke av pazyryk frå 300-talet f.Kr.





Pazyrykteppe frå 400-talet f.Kr.


Ukokplatået (russisk Укок) er ei fjerntliggjande og urørt slettelandskap i hjarte av det sørvestlege Sibir, i Altajfjella i Russland, nær grensa til Kina, Kasakhstan og Mongolia. Pazyryk er namnet på det gamle folket som levde i Altajfjella på dette platået og som ein har funne fleire flotte gjenstandar etter, inkludert mumiar som er bevarte i permafrosten. Mange gamle gravrøyser frå bronsealderen er funne i området og er knytt opp til pazyrykkulturen, som kan minne om den segnomsuste Skythia i vest.[1] Uttrykket kurgan vert som regel nytta om slike gravstader. Utgraving i dette området har ført til mange fascinerande funn.[2] Eit av dei mest kjende funna vert kalla «Isprinsessa» og vart grave ut av den russiske arkeologen Natalia Polosmak.[3][4] Tre tattoverte mumiar (om lag 300 f.Kr.) vart grave ut frå permafrosten på Ukokplatået på andre halvdel av 1900-talet.[5]


Ukokplatået er ein del av UNESCO sin verdsarvstad kalla Dei gylne fjella i Altaj, som vert rekna som ein viktig miljømessig skatt. Her finn ein fleire globalt utryddingstruga dyreartar, som snøleopard. Andre utryddngstrua dyr i området som krev ekstra vern er argalisauen, steppeøgle og svartstork.[6]
I dag er Ukokplatået truga av planar om å byggje ein gassrøyrleidning mellom Kina og Russland. Området er òg trugar med planar om ein veg over platået, i tillegg til at dei lokale bøndene driv området for hardt.[7]


Isprinsessa og andre arkeologiske funn vart funne like innanfor eit landområde som Russland og Kina stridast om.[8] Innbyggjarane i Den altaiske republikken krev tilbake lekamane som er tatt frå gravhaugane deira og som for tida ligg i Novosibirsk.[9]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Ukok Plateau» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  • S.I. Rudenko, Kul'tura naseleniia Gornogo Altaia v skifskoe vremia («The Population of the High Altai in Scythian Times»)(Moscow and Leningrad, 1953) translated as Frozen Tombs of Siberia: The Pazyryk Burials of Iron Age Horsemen, M.W. Thompson, tr. (University of California Press, Berkeley) 1970. ISBN 0-520-01395-6



Fotnotar |




  1. Paul G. Bahn (2000). The Atlas of World Geology. New York: Checkmark Books. s. 128. ISBN 0-8160-4051-6. 


  2. «Golden Mountains of Altai». UNESCO. Henta 31. juli 2007. 


  3. «Ice Mummies: Siberian Ice Maiden». PBS - NOVA. Henta 31. juli 2007. 


  4. «Prehistoric Art - Early Nomads of the Altaic Region». The Hermitage Museum. Henta 31. juli 2007. 


  5. «Bronze collect at Novosibirsk State University - including Pazyryk». Henta 30. november 2006. 


  6. «Protect Snow Leopard Habitat / Siberia». forests.org. Henta 31. juli 2007. 


  7. «Altai: Saving the Pearl of Siberia». Henta 30. november 2006. 


  8. Leigh Fenly (2004). «Archaeology News». Henta 27. november 2007. 


  9. «Minor nationality of Russia demands the return of "Princess of Ukok"». Pravda. 11. februar 2005. Henta 27. november 2007. 



Bakgrunnsstoff |


  • Store Altaj - Altaj kraj, Den altaiske republikken, Tyva og Novosibirsk

  • Gassrøyrleidninger i Sibir

  • Ei samling ved Statsuniversitetet i Novosibirsk


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...