Ingefær





Ingefær



Ingefær
Ingefær



Systematikk

Familie:

Ingefærfamilien,
Zingiberales,
enfrøbladede planter

Vitskapleg namn
Zingiber officinale

Ingefær (Zingiber officinale) er ei plante som har vore dyrka i mange tusen år i India og Kina. Arta høyrer til ingefærfamilien. Han blir brukt som krydder i mange, moglegvis dei fleste matlagningstradisjonar i verda. Det er rotstokken som vert nytta.




Innhaldsliste





  • 1 Nytte i matlagning


  • 2 Økonomi og utbreiing


  • 3 Medisinsk nytte


  • 4 Litteratur




Nytte i matlagning |


Unge ingefærrøter er saftige og ein mild smak, noko som gjer at dei ofte blir sylta i eddik eller sherry som delikatesse, eller berre brukt i tilberedningen av anna mat. Eldre ingefærrøter er mykje turrare, og har seige fibrar. Safta frå eldre ingefærrøter har ein særs sterk smak, og er mykje nytta i kinesisk matlagning til å gøyme andre sterke smakar, t.d. lammekjøtt og fisk.


Ingefær blir òg brukt til godteri, brukt som smaksstoff i småkaker, og er det primære smaksstoff i ingefærøl, ein søt leskedrikk.


I vestleg matlaging blir ingefær nesten utelukkande nytta til søtsaker, slik som ingefærøl, småkaker, godteri, og kakar.


Tørka ingefærpulver har ein særs skarp smak, som ikkje minner mykje om frisk ingefær. Av denne grunnen kan ein ikkje bruke ein av dei to formene for ingefær som erstatning for den andre.




Ingefærrot



Økonomi og utbreiing |


Ingefær blir dyrka i det meste av den tropiske del av verda. Dei dyraste variantane, og òg dei av høgaste kvaliteten kjem vanlegvis frå Australia, Sør-India og Jamaica, sjølv om mest ingefær blir dyrka i Kina.



Medisinsk nytte |


Det er truleg at ingefær er effektivt mot kvalme forårsaka av t.d. reisesjuke. Ingefærota inneheld òg mange antioksidantar, og pulverisert turka ingefær finst i tablett-form. Drikken ingefærøl har òg alltid vore tilrådd mot kvalme i dei landa der det har vore brygga.



Litteratur |


  • Branney, T. M. E. ; Hardy Gingers, 2005, ISBN 0-88192-677-9




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ingefær



  • Denne artikkelen bygger på «Ingefær» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2011.


Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command