29. september
29. september er den 272. dagen i den gregorianske kalenderen (273. under skotår). Det er 93 dagar att av året.
Innhaldsliste
 1 Merkedag
 1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
 1.2 Religiøs helgedag
 1.3 Primstaven
 
 2 Namnedag
 2.1 Helgendag i den katolske kyrkja
 
 3 Hendingar
 3.1 Utlandet
 3.2 Noreg
 
 4 Fødde
 5 Døde
Merkedag | 

Erkeengelen Mikael blir feira med mikkelsmesse den 29. september.
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar | 
Religiøs helgedag | 
Bevegelege heilagdagar som fell på 29. september i 2019:
- navaratri
Primstaven | 
 Mikkelsmesse til minne om erkeengelen Mikael, vist mellom anna med ei skålvekt eller eit strålande englefjes. Dagen markerte slutten på innhaustinga og byrjinga på jaktsesongen. Dagen blei feira for å takka Gud for grøden, og var heilagdag fram til 1770 i Noreg. Slik vêret var denne dagen, skulle det òg bli neste sommar.
Namnedag | 
| Noreg | Mikael, Mikal og Mikkel | 
| Sverige | Mikael og Mikaela | 
| Danmark | Sankt Michael | 
Helgendag i den katolske kyrkja | 
- Erkeenglane Mikael, Gabriel og Rafael
Hendingar | 

Den moderne politistyrken i London, som blei ein modell for mange andre land, patruljerer den dag i dag.
Foto: Adrian Pingstone
Utlandet | 
 1399: Henrik IV blei ny konge etter Rikard II av England.
 1829: Metropolitan Police, den første moderne politistyrken, tok til å patruljera gatene i London.
 1991: Den første folkevalde presidenten i Haiti, Jean-Bertrand Aristide, blei avsett i eit militærkupp.
Noreg | 
 1687: Kong Kristian V av Danmark-Noreg lét Kristian den femtes norske lov tre i kraft.
 1888: Fridtjof Nansen og mannskapet når vestkysten av Grønland, etter å ha gått over innlandsisen.
 1929: Noregs landslag i fotball vert nordiske meistrar for perioden 1926-29, etter å ha vunne 2-1 over Sverige på Ullevål stadion i Oslo.
Fødde | 

Lech Wałęsa har fødselsdag den 29. september.
- Sjå òg Fødde den 29. september.
 1518: Tintoretto, italiensk målar
 1547: Miguel de Cervantes, spansk forfattar
 1571: Caravaggio, italiensk målar
 1758: Horatio Nelson, Lord Nelson, britisk admiral og folkehelt
 1832: Joachim Oppenheim, forfattar og rabbinar
 1851: Rasmus Flo, norsk forfattar
 1859: Harald Sohlberg, norsk målar
 1867: Walther Rathenau, tysk industrimann og politikar
 1901: Enrico Fermi, italiensk-amerikansk fysikar
 1930: Colin Dexter, britisk kriminalforfattar
 1936: Silvio Berlusconi, italiensk politikar og mediemogul
 1943: Lech Wałęsa, polsk politikar og nobelprisvinnar
 1959: Jon Fosse, norsk forfattar og dramatikar
 1978: Kurt Nilsen, norsk songar
Døde | 

Rudolf Diesel døydde i 1913, 55 år gammal
- Sjå òg Døde den 29. september.
 1530: Andrea del Sarto, italiensk målar
 1560: Gustav Vasa, svensk konge
 1794: Edvard Storm, norsk diktar og skulemann
 1891: Herman Melville, USA-amerikansk forfattar
 1902: Emile Zola, fransk forfattar
 1913: Rudolf Diesel, tysk ingeniør og oppfinnar
 1930: Ilja Repin, russisk målar
 1973: W.H. Auden, britisk-amerikansk diktar
 2006: Jan Werner Danielsen, norsk songar
| < September > | |
|---|---|
| < 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 > |