Vilhjálmur Einarsson


Vilhjálmur Einarsson (fødd 5. juni 1934) er ein islandsk tidlegare friidrettsutøvar og skulemann frå Reyðarfjörður som vann sølvmedaljen i tresteghopp under Sommar-OL 1956 og bronsen ved EM i friidrett 1958.


Under dei olympiske sommarleikane 1956 i Melbourne sette Vilhjálmur ny olympisk rekord med 16,26 m i den andre finaleomgangen, ein rekord brasilianaren Adhemar da Silva forbetra til 16,35 m i fjerde omgang. Sølvmedaljen var den aller fyrste OL-medaljen til Island. To år seinare stod Vilhjálmur på bronseplassen då trestegøvinga var avvikla ved friidretts-EM i Stockholm. Den 7. august 1960 sette han personleg rekord med 16,70 meter heime på Laugardalsvöllur, framleis landsrekord i 2018. Ein månad etter rekordhoppet vart han femtemann i øvinga under Sommar-OL i Roma, seks centimeter bak bronsevinnaren.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |



  • EM 1954 i Bern: Utslått i kvalifiseringa (14,10 m=nr 17)


  • OL 1956 i Melbourne: Sølvmedalje - 16,26 m, bakom Adhemar da Silva (16,35)


  • EM 1958 i Stockholm: Bronsemedalje - 16,00 m


  • OL 1960 i Roma: Nr 5 - 16,37 m


  • EM 1962 i Beograd: Nr 6 - 15,62 m

Sonen Einar Vilhjálmsson hevda seg mellom verdseliten i spjutkasting i 1980-åra.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Vilhjálmur Einarsson» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2018.







Popular posts from this blog

六本木駅

Joseph Lister

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$