Thomas Mann









Thomas Mann

Thomas Mann 1937.jpg

Fødd
6. juni 1875
Lübeck
Død

12. august 1955
Zürich


Yrke
romanforfattar, essayist, sjølvbiograf, novelleforfattar, samfunnskritiker, dagbokskriver, manusforfattar, universitetslærar, skribent, forfattar

Thomas Mann på Commons

Nobelprisen
Nobelprisen i litteratur

1929



Thomas Mann (fødd 6. juni 1875 i Lübeck, død 12. august 1955 i Zürich) var ein tysk forfattar og nobelprisvinnar.


Han blei fødd i hansastaden Lübeck. Faren, Thomas Johann Heinrich Mann, var senator og storkjøpmann som handla med korn, men døydde då Thomas Mann var berre 15 år. Mor hans, Julia da Silva-Bruhns, var av tysk-brasiliansk slekt. Familien flytta etter farens død til München, der Mann levde frå 1891 til 1933, med unntak av eit eitt-årig opphald i Palestrina i Italia med broren Heinrich tidleg i karrièren. Han gifta seg med Katharina Hedwig («Katja») Pringsheim, dotter av ein prominent, sekularisert jødisk familie av intellektuelle, og som bl.a. var barnebarn av den tyske kvinnerettsforkjemperen Hedwig Dohm og nedstamma frå ein av Münchens rikaste familiar. Han emigrerte til Küsnacht ved Zürich i Sveits i 1933, og døydde i det nærliggjande Kilchberg i 1955. I den lange perioden i eksil blei familien forsørgd av Katja Mann, mens Thomas Mann konsentrerte seg om å skrive.


Thomas Mann fekk Nobelprisen i litteratur i 1929, for romanen Buddenbrooks. Like kjende er Døden i Venedig og Doktor Faustus.


Han var den yngre broren av Heinrich Mann, og far til Klaus, Erika, Golo (Angelus Gottfried Thomas), Monika, Elisabeth og Michael Mann.


Dei fleste av novellene hans omhandlar spenninga mellom den usikre, dødselskande kunstnaren og den lovlydige, livsbekreftande borgaren. Mann sine dagbøker, som blei avsegla i 1975, talar gripande om hans eigen kamp med homoseksuelle ynskje, som fann uttrykk i verka hans, særleg Døden i Venedig. Mann skildra kjenslene sine for den unge fiolinisten og målaren Paul Ehrenberg som «den sentrale opplevinga for hjartet mitt».



Verk |



  • Der kleine Herr Friedemann, novellesamling 1898, ikkje omsett


  • Huset Buddenbrook, roman 1901, omsett 1903 o.fl.


  • Tonio Kröger, novelle 1903, omsett 1949


  • Hans kongelige høyhet, 1909, omsett 1950


  • Døden i Venedig]], forteljing 1912, omsett 1913


  • Der Zauberberg (Trolldomsfjellet), roman 1924, først omsett 1935 (tidlegare norsk tittel: Trollfjellet)


  • Mario und der Zauberer, forteljing 1930, ikkje omsett


  • Josef og hans brødre, tetralogi 1933-43, omsett 1993-1995


  • Das Problem der Freiheit, 1937, ikkje omsett


  • Lotte in Weimar, Roman 1939, ikkje omsett


  • Die vertauschten Köpfe - Eine indische Legende, 1940, ikkje omsett


  • Doktor Faustus, roman 1947, omsett 1969


  • Der Erwählte, roman 1951, ikkje omsett


  • Storsvindleren Krull, 1922/1954, omsett 1952 (tidlegare norsk tittel: Plattenslageren)

  • I tillegg er fleire artiklar og essays av Mann omsette til norsk.


Filmografi |


Eit utval filmar som er bygde på Mann sine romanar, noveller og motiv.



  • 1923 - Die Buddenbrooks - Regi: Gerhard Lamprecht


  • 1953 - Königliche Hoheit - (med Ruth Leuwerik og Dieter Borsche)


  • 1957 - Bekenntnisse des Hochstaplers Felix Krull - Regi: Kurt Hoffmann (med Horst Buchholz som Felix Krull, Liselotte Pulver som Zaza og Ingrid Andree som Zouzou)


  • 1959 - Buddenbrooks - Regi: Alfred Weidenmann (med Hansjörg Felmy som Thomas Buddenbrook, Hanns Lothar som Christian Buddenbrook og Liselotte Pulver som Tony Buddenbrook)


  • 1964 - Tonio Kröger - Regi: Rolf Thiele (med Jean-Claude Brialy som Tonio Kröger)


  • 1965 - Wälsungenblut - Regi: Rolf Thiele (med Gerd Baltus og Rudolf Forster)


  • 1971 - Tod in Venedig - Regi: Luchino Visconti (med Dirk Bogarde som von Aschenbach)


  • 1974 - Lotte in Weimar - Regi: Egon Günther (med Lilli Palmer som Lotte)


  • 1977 - Unordnung und frühes Leid - Regi: Franz Seitz (med Martin Held og Ruth Leuwerik)


  • 1979 - Die Buddenbrooks - Regi: Franz Peter Wirth (TV-serie med Carl Raddatz, Martin Benrath og Ruth Leuwerik)


  • 1982 - Bekenntnisse des Hochstaplers Felix Krull - (TVserie med John Moulder-Brown som Felix Krull)

  • 1982 - Der Zauberberg - Regie: Hans W. Geissendörfer (med Christoph Eichhorn som Hans Castorp, Rod Steiger som Mynheer Peperkorn og Charles Aznavour som Naphta)


  • 1983 - Doktor Faustus - Regi: Franz Seitz (med Jon Finch)


  • 1994 - Mario und der Zauberer - Regi: Klaus Maria Brandauer (med Brandauer som Cipolla, Julian Sands og Rolf Hoppe)


  • 2001 - Die Manns / Ein Jahrhundertroman - Regi: Heinrich Breloer (med Armin Mueller-Stahl som Thomas Mann og Monika Bleibtreu som Katja Mann)


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Thomas Mann



  • http://www.tma.ethz.ch/ - Thomas-Mann-Arkiv, ETH Zürich

  • http://www.dhm.de/lemo/html/biografien/MannThomas/


  • http://www.adel-genealogie.de/Mann/is_toc.htm - Familien Manns forfedrar


  • Thomas Mann-Corpus Teksts&#248k


  • http://members.aon.at/digitaleleseecke/Neue-Medien.htm#ROLLENDE SPHÄREN Zur CD-ROM-Edition "Thomas Mann »Rollende Sphären«"


  • www.ub.fu-berlin.de/ - kommentert lenkesamling


  • www.thomasmann.de Thomas Mann ved Fischerverlag













Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...