Giovanni Bellini











Giovanni Bellini

Giovanni Bellini FeltételezettÖnarcképeKJ.jpg

Fødd
1430
Venezia
Død

29. november 1516
Venezia


Sjanger
historiemåleri
Yrke
kunstmålar, miniatyrmaler

Giovanni Bellini (1433–29. november 1516) var ein italiensk målar frå Venezia. Han vert rekna som ein av dei fremste målarane i den tidlege renessansen i Nord-Italia. Ei rad berømte målarar, som Giorgione og Tizian, måla etter den tradisjonen Bellini danna, ofte kalla den venetianske skulen. Målaren Jacopo Bellini var far hans, og Gentile Bellini ein bror.



Liv og gjerning |


I yngre år gjekk Bellini i lære mellom andre hos svogeren Andrea Mantegna i Padova, ein målar som påverka arbeida hans i tidlege år.


Ein stor del av måleria hans var andaktsbilete som Madonna med barn. Førebileta for madonnabileta hans var greske og bysantinske ikon, som var utbreidde i Venezia. Bellini braut med det stereotype i desse, bileta hans strålar ut dei sterke kjenslene mellom mor og barn. Pietà og Sacra Conversazione utgjer to høgdepunkt mellom andaktsbileta.


Bellini måla også portrett. Berømt er han òg for å la landskapet danne bakgrunnen i bileta sine, med den grønleg-gylne fargen som var slik ein grunnleggjande del av venetiansk målarkunst. I staden for dei skarpe teikningane i tidleg renessansekunst, skapar han, særleg i sine seinare verk, ei pittoresk mjukheit med varme og lysande fargar.


Tronande Madonna (1488) i kyrkja 'Santa Maria Gloriosa dei Frari' i Venezia er eit av Bellini sine hovudverk. Triptykonet syner madonnaen med dei fire evangelistane, eit motiv som Albrecht Dürer nytta som modell for sitt måleri Dei fire apostlane.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Giovanni Bellini» frå Wikipedia på tysk, den 29. juli 2012.


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Giovanni Bellini



Popular posts from this blog

Proving the learnability of XOR function by a particular neural networkhow to find the input for this...

Magento2: How to add a new product type

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command