Frijazz


Frijazz, òg kalla avantgardejazz, er ein ikkje klårt definert sjanger innan jazzmusikken, kjenneteikna av stor fridom i høve til konvensjonar og stilartar i uttrykk og spelestil. Frijazzen vart til i USA på 1950- og 1960-talet, med musikarar som Ornette Coleman, Cecil Taylor, Albert Ayler, Archie Shepp, Bill Dixon og Paul Bley som vidgjetne utøvarar.


Jazzen er ei musikkform der improvisasjon er viktig, men i frijazzen fekk improvisasjonen ei enno større rolle enn i jazzen elles; melodien vart fri i ei særs vid meining av ordet. Denne sjangeren kom til som ein reaksjon på ei kjensle av at den opphavlege afroamerikanske musikkforma som jazz var, hadde vorte prega av anna musikk på ein måte som hadde fjerna jazzen for langt frå sii opphav i musikk-kjensla og musikktradisjonane hjå den svarte folkesetnaden i USA. Frijazzgruppene var vanlegvis sett saman av ein tropetist, ein saksofonist, ein trommeslagar og ein kontrabassist, og tropetisten og saksofonisten spela meir mot kvarandre enn med kvarandre, medan trommene og kontrabassen var dei elementa som held dei improvisasjonsfylte komposisjonane saman. Soleis vart det lagt vekt på at trommene var eit viktig instrument i den svarte folkesetnadens musikkarv.



Kan hende er John Coltranes frijazzinnspelingar frå sluttan av musikarkarrièra hans det mest kjende dømet på frijazzsjangeren. Men sjølv om frijazz ofte vert rekna for å høyre 1950- og 60-åras USA til, har sjangeren vorte halde ved like og vore utvikla vidare i seinare tider og på andre stadar. Frå midten av 1960-talet kom det òg til ein europeisk frijazz som i og for seg ikkje var knytt beinveges til den USA-amerikanske, og på mange vis var eigenarta. I brodden for denne utviklinga stod musikarar som til dømes Derek Bailey, Willem Breuker, Gunter Hampel, Peter Kowald, Joachim Kühn, Maggie Nicols, Evan Parker, Friedhelm Schönfeld, Manfred Schulze, Irène Schweizer, John Stevens og Keith Tippett. Frå dette har det utvikla seg i mengd ulike spelemåtar innan den europeiske frijazzen, òg i form av at element av frijazz har vorte integrert i komposisjonar som klassifiserast under andre sjangrar. Til den annan og tredje generasjonen av europeiske frijazzutøvarar, og til gruppa av komponistar som nyttar seg av frijazz som element i musikken sin, er å rekne til dømes Hannes Bauer, Joëlle Léandre, Thomas Lehn, Tony Buck, Theo Jörgensmann, Mats Gustafsson, Axel Dörner og Christopher Dell.



Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.







Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?