Giorgione

Multi tool use
Altartavla i Castelfranco, ca 1502
Giorgio Barbarelli da Castelfranco, best kjend som Giorgione, (ca 1477–1510), var ein italiensk målar under den venetianske høgrenessansen. Hans mest kjende verk er måleriet La Tempesta (Stormen) frå omkring 1508.
Sjølv om Giorgione har hatt stor innverknad på seinare målarar, med Tizian som den viktigaste, er lite kjent om livet hans.
Liv og verk |
Giorgione studerte under Giovanni Bellini. I verkstaden til Bellini i Venezia arbeidde han mellom andre saman med Tizian. Dei tidlegaste bileta av Giorgione er, truleg, dei to små Salomos dom og Moses si eldprøve. Kort etter måla han i heimbyen det vakre Madonna di Castelfranco, eit ekte venetiansk verk som enno finst i Castelfranco. Måleriet har ei stille, mjuk stemning og ei riddarleg-verdsleg herleggjering av kvinneleg ynde. Den fine landskaps-komposisjonen her, og i dei føregåande bileta, varslar den epokegjerande innsatsen Giorgione hadde i utviklinga av landskapsmåleriet.
Tilbake i Venezia, ca 1505, utsmykka Giorgione husvegger med olje- og freskomåleri. Truleg var det kjennskap til måleri av Leonardo da Vinci og Fra Bartolommeo som opna hans syn for den menneskelege form i fri utfalding og for dekorativ linjeføring. Desse elementa, og hans venetianske koloritt, er basis for hans sensuelt ladda framsyning av delar av livsførselen til eliten i Venezia.
Lite og inkje skjer i dei verka som særleg kjenneteiknar Giorgione som målar. Ei bukolisk stemning kviler over den arkadiske scena; landskap og figurar stemmer overeins i mjuk samklang i ei sart, drøymande kjensle. Alt medan den nakne kvinnekroppen utfaldar seg tvangfritt og som den største openberring av fagerdom.
Truleg døydde Giorgione i ein pest.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Giorgione» frå Wikipedia på dansk, den 7. mars 2013.
Autoritetsdata | - WorldCat
- VIAF
- GND
- LCCN
- ISNI
- BNF
- BNF (data)
- LIBRIS
- SUDOC
- ULAN
|
---|
|
Lb,UjAFoE6Ns
Popular posts from this blog
For det lutherske bispedømet, sjå Nidaros bispedøme. Nidaros erkebispedøme var eit katolsk erkebispedøme med sete i Nidaros. Det vart oppretta av kong Olav Kyrre mellom 1070 og 1080 som bispedøme. Bispedømet vart opphøgd til erkebispedøme i 1153. Erkebispedømet vart innstifta av pave Anastasius IV i 1154, og var i funksjon fram til reformasjonen i 1537. Erkebiskopen sitt hovudsete var Erkebispegarden, rett ved domkyrkja Nidarosdomen. Frå 1152 til 1154 var Nicholas Breakspear i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av erkesetet. Innhaldsliste 1 Utbreiing og jurisdiksjon 2 Overhyrdar 2.1 Lydbiskopar 3 Biskopar 3.1 Biskopar 3.2 Erkebiskopar Utbreiing og jurisdiksjon | Kart over den nordiske kyrkjeprovinsen (1153-1387) Erkebispedømet omfatta i tillegg til Noreg øyane i vest i Noregsveldet. Nidaros var eit metropolitanerkebispedøme med fylgjande underliggjande bispedøme suffraganar: Bj...
Do VLANs within a subnet need to have their own subnet for router on a stick?
What are the differences between the usage of 'it' and 'they'?
Dragon forelimb placement
How do we improve the relationship with a client software team that performs poorly and is becoming less collaborative?
What typically incentivizes a professor to change jobs to a lower ranking university?
How to write a macro that is braces sensitive?
Modeling an IPv4 Address
Writing rule stating superpower from different root cause is bad writing
Can I ask the recruiters in my resume to put the reason why I am rejected?
Approximately how much travel t...
Tettstaden Birsay på Orknøyane. Ruinane av jarleplasset om lag midt i biletet. (Fotografi frå 2012) Utsikt mot Birsay og Brough of Brisay (fotografi frå 2009) Birsay er ein tettstad i eit sokn (parish) med same namn, nordvest på øya Mainland [Note 1] på Orknøyane, om lag 31 km frå Kirkwall. Staden er omtala fleire stader i Orknøyingasoga [1] , der han er kalla «Byrgesherad» (norrønt: Birgisherað ). Namnet skriv seg truleg frå elvenamnet Birgisá [2] . Innhaldsliste 1 Den gamle hovudstaden 2 Bispesetet 3 Jarlepalasset 4 Kjelder og utfyllande opplysningar 4.1 Notar 4.2 Fotnotar 4.3 Bakgrunnsstoff Den gamle hovudstaden | Hovudartikkelen for dette emnet er Torfinn Sigurdsson . Soknet er i dag i hovudsak ei jordbrukskommune men er mest kjend for dei mange kulturminna i området. Tettstaden Birsay blir gjerne omtala som «den gamle hovudstaden på Orknøyane» [3] , og ein viser d...