Ronnie Scott


















Ronnie Scott
Fødd28. januar 1927
Fødestad
Aldgate i England
Død
23. desember 1996 (69 år)
DødsstadLondon
FødenamnRonald Schatt
OpphavStorbritannia
SjangerJazz
InstrumentTenorsaksofon

Ronnie Scott (28. januar 1927–23. desember 1996) var ein engelsk jazz-tenorsaksofonist og jazzklubbeigar.




Innhaldsliste





  • 1 Historie


  • 2 Utvald diskografi


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff




Historie |


Scott byrja å spele i små jazzklubbar då han var 16 år gammal. Han turnerte med trompetisten Johnny Claes frå 1944 til 1945 og med Ted Heath i 1946, i tillegg til å arbeide med Ambrose, Cab Kaye og Tito Burns. Han var involvert med det kortvarige Club Eleven (1948–1950), med Johnny Dankworth og andre, og var medlem av generasjonen britiske musikarar som arbeidde på Cunard-skipet «Queen Mary» (periodeivis 1946–ca. 1950) for å kunne vitje New York og høyre ny musikk på direkten. Scott var av dei tidlegaste britiske musikarane som var påverka av spelestilen til Charlie Parker og andre bebop-musikarar.


I 1952 vart Scott med i orkesteret til Jack Parnell og leia så sitt eige ni mann stort orkester med mellom andre Pete King, som han seinare opna sin eigen jazzklubb i lag med, Victor Feldman, Hank Shaw og Phil Seamen frå 1953 til 1956. Han leia The Jazz Couriers i lag med Tubby Hayes frå 1957 til 1959, og var leiar for ein kvartett inkludert Stan Tracey (1960–1967).


I denne perioden spelte han òg stundom i studio for andre artistar, mellom anna på The Beatles sin «Lady Madonna». Han spelte òg på filmmusikk, som «Fear Is the Key» av Roy Budd. Han heldt fram å spele for artistar opp gjennom åra og spelte mellom anna soloen på hitsingelen til Phil Collins frå 1981, «I Missed Again».


Frå 1967–69 var Scott medlem av The Kenny Clarke-Francy Boland Big Band som turnerte mykje i Europa i lag med Johnny Griffin og Eddie «Lockjaw» Davis, samstundes som han dreiv sin eigen oktett med John Surman og Kenny Wheeler (1968–1969), og ein trio med Mike Carr på klaverinstrument og Bobby Gien på trommer (1971–1975). Han leia så forskjellige grupper, hovudsakleg med John Critchinson på klaverinstrument og Martin Drew på trommer.


Ronnie Scott var høgt respektert på begge sider av Atlanteren. Charles Mingus sa om han i 1961: «Av dei kvite gutane er det Ronnie Scott som ligg nærast den svarte blueskjensla, som Zoot Sims gjer det.»[1] D



Utvald diskografi |


  • 1948: Boppin' at Esquire (indigo)

  • 1958: The Couriers of Jazz! (Carlton/Fresh Sounds)

  • 1965: The Night Is Scott and You're So Swingable (Redial)

  • 1965: When I Want Your Opinion, I'll Give it to You (Jazz House)

  • 1969: Live at Ronnie Scott's (Columbia)

  • 1977: Serious Gold (Pye)

  • 1990: Never Pat a Burning Dog (Jazz House)

  • 1997: If I Want Your Opinion (Jazz House)

  • 1997: The Night Has a Thousand Eyes (Jazz House)

  • 2000: Boppin' at Esquire (Indigo)

  • 2002: Ronnie Scott Live at the Jazz Club (Time Music)


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Ronnie Scott» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2013.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  • Clarke, Donald (Ed.). The Penguin Encyclopedia of Popular Music, Viking, 1989.

  • Kernfeld, Barry Dean (Ed.). The New Grove Dictionary of Jazz, Macmillan Press, 1988.

  • Kington, Miles; Gelly, Dave. The Giants of Jazz, Schirmer Books, 1986.

  • Larkin, Colin. The Encyclopedia of Popular Music, 3rd edition, Macmillan, 1998.

  • Ruppli, Michel; Novitsky, Ed. The Mercury Labels. A discography, Vol. V., Record and Artist Indexes, Greenwood Press, 1993.

  • Ronnie Scott with Mike Hennessey. Some of My Best Friends are Blues (autobiography). London: Northway Books, 2002. ISBN 978-0-9550908-3-7


  • Ronnie Scott's Jazz Farrago compilation of best features from Jazz At Ronnie Scott's magazine, Hampstead Press, 2008, ISBN 978-0-9557628-0-2, [1]

  • Ian Carr, Digby Fairweather, & Brian Priestley. Jazz: The Rough Guide. ISBN 1-85828-528-3

  • Richard Cook & Brian Morton. The Penguin Guide to Jazz on CD 6th edition. ISBN 0-14-051521-6



  1. "Ronnie Scott", Brian Priestley, in Carr et al.





Bakgrunnsstoff |



  • Ronnie Scott — biography by Jason Ankeny for Allmusic

  • Ronnie Scott discography


  • Pete King - Daily Telegraph obituary


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?