Eurasia




Kart over Eurasia.




Jordkloden med Eurasia. (Kjelde: NASA)


Eurasia eit kontinent som omfattar verdsdelane Europa og Asia, eller ein del av superkontinentet Eurafrasia. Namnet er sett saman av Eur(opa) og -Asia. Arealet er omkring 54 millionar km².


Platetektonisk har Eurasia vore ei samanhengande plate sidan trias, 250 millionar år sidan. Det er sett saman av Den eurasiske plata, Det indiske subkontinentet, Den arabiske halvøya (det arabiske subkontinentet), området aust for Verkhoyanskkjeda i Aust-Sibir og Filippinane.


Politisk er nemninga «Eurasia» bruka som eit fellesnamn for de tidlegare sovjetrepublikkane, spesielt Russland, dei sentralasiatiske og dei transkaukasiske republikkane.


Dei første som segla rundt heile Eurasia, var ein ekspedisjon leidd av finlandssvenske Adolf Erik Nordenskiöld i 1878–79.



Skiljet mellom Europa og Asia |


Grensa mellom Europa og Asia er ein konvensjon med stor symbolverdi, men utan historisk folkerettsleg betydning. Til vanleg blir grensa trekt opp nordfrå langs Uralfjella og vidare ned elva Ural til Kaspihavet. Mellom Kaspihavet og Svartehavet er det ulike meiningar om kor grensa bør trekkjast. Det vanlegaste er at grensa går over vasskiljet i Kaukasus. I så fall er Elbrus det høgaste fjellet i Europa. Den vidare grensa blir, sidan klassisk tid, trekt gjennom Bosporus, Marmarahavet, Dardanellane og Egearhavet.



Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Redningsselskapet