Krypdyr









Krypdyr



Ulike krypdyr, snitt av Ernst Haeckel
Ulike krypdyr, snitt av Ernst Haeckel



Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Reptilia

Vitskapleg namn
Reptilia

Laurenti, 1768

Krypdyr eller reptil er ein klasse virveldyr med ca 8000 artar i 4 ordenar. Dei var dei første virveldyra som utvikla egg som klarte seg utan vatn, og utvikla seg for omkring 300 millionar år sidan.




Innhaldsliste





  • 1 Skildring


  • 2 Utvikling


  • 3 Utbreiing


  • 4 Klassifisering


  • 5 Sjå òg


  • 6 Bakgrunnsstoff


  • 7 Kjelder




Skildring |


Krypdyr finst i mange ulike variantar, som alle har det til felles at dei er vekselvarme og har tørr hud kleidd med hornplater eller -skjel. Dei er utbreidd i alle slags biotopar i heile verda, og alle saman (sjølv dei havlevande) pustar med lunger.


Reptilane formeirar seg ved indre befruktning og legg egg. I egga ligg fosteret i ei væskefylt pose med ei amnionhinne og eit læraktig skal utanfor. Nokre artar skjelkrypdyr før levande ungar, men det er fordi egga ligg inne i kroppen (ofte utan skal) heilt til fosterutviklinga er ferdig.



Utvikling |


Krypdyra stammar frå amfibiane, som dei skilde seg ut frå for om lag 300 millionar år sidan. Det eldste kjende krypdyret vert kalla Hylonomus og høyrde med i underklassen Anapsida, som vert kjenneteikna av massive hovudskallar utan opningar for anna enn augo, nasebor, munn og ryggrad.


Tidleg i utviklinga skilde klassen seg i tre ulike underklassar. To av dei har overlevd fram til i dag. I tillegg til anapsidane (i dag representert ved skjelpadder) reknar ein med diapsidane (i dag krokodillar, skjelkrypdyr og bruøgler) og synapsidane (som seinare utvikla seg til pattedyra).


Dei mest kjende forhistoriske krypdyra var dinosaurane, som høyrde til diapsidane og døydde ut for 65 millionar år sidan. Det er brei semje om at fuglane utvikla seg frå denne gruppa for om lag 150 millionar år sidan.



Utbreiing |





Hoggorm er eit vanleg krypdyr i Europa, mellom anna i Noreg.
Foto: Alastair Rae



Krypdyr finst i heile verda, men er mest utbreidd i tropiske og subtropiske strok. Ein kan finna dei i dei aller fleste biotopar, frå tørre ørkenar til ope hav. I Noreg finst fem artar: Hoggorm, buorm, firfisle, stålorm og slettsnok. I tillegg førekjem det ein sjeldan gong at havskjelpaddar som uekte karett og havlærskjelpadde driv i land i norske farvatn.



Klassifisering |


Krypdyra vert rekna som ei parafyletisk gruppe, det vil seie at organismane i gruppa ikkje naudvendigvis er nærare i slekt med kvarandre enn med medlemmar av andre grupper. T.d. er krokodillane nærare i slekt med fuglar enn med andre reptil.



  • Reptilia eller Sauropsida

    • Anapsida

      • Mesosauridae (utdøydd)


      • Procolophonia (utdøydd)


      • Testudines (skjelpaddar)



    • Diapsida

      • Lepidosauromorpha

        • Ichthyopterygia (fiskeøgler (utdøydd))


        • Sauropterygia (svaneøgler (utdøydd))


        • Lepidosauria

          • Sphenodontia (bruøgler)


          • Squamata (skjelkrypdyr: slangar, øgler og ormeøgler)




      • Archosauromorpha

        • Crocodilia (krokodiller)


        • Pterosauria (flygeøgler (utdøydd))


        • Dinosauria (dinosaurusar (utdøydd))

          • Sauritschia (utdøydd)

            • Fuglar Aves


          • Ornitschia (utdøydd)





    • Synapsida (utdøydd)

      • Pelycosauria (utdøydd)


      • Therapsida (utdøydd)



Sjå òg |


  • Søvn hjå dyr


Bakgrunnsstoff |



Kjelder |



  • Norges dyr, Cappelen 1992

  • Krypdyr, engelsk wikipedia

  • Synapsidar, engelsk wikipedia


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?