Staving


Sjå òg det å stava

Ei staving er ein del av talen som ein kan seia på eitt slag. Til dømes er ordet ball bygt opp av ei staving, medan kyrkje er sett saman av to. Stavingar blir sedde på som dei fonologiske «byggeklossane» til ord. Dei verkar inn på eit språk sin rytme, prosodi, trykk, diktformer og så bortetter.

I tradisjonell generativ fonologi[1] blei ikkje stavinga rekna som ei primitiv eining, men sidan fyrstninga av 1970-talet har ho stått sentralt i fonologisk analyse.[2]




Innhaldsliste





  • 1 Oppbygging


  • 2 Typologi


  • 3 Stavingsgrenser


  • 4 Fotnotar




Oppbygging |




Ei CVC-staving (konsonant-vokal-konsonant) framstilt som ein tre-struktur. Merk forkortingane σ = staving, O = opptakt, R = rim, N = nukleus, C = koda og (helt nedst) konsonant og V = vokal


I ei staving finn me alltid ein kjerne eller nukleus (av latin nucleus / nuculeus 'kjerne'), som regel ein vokal, og i tillegg ofte ein eller fleire fonar rundt. Desse er som regel konsonantar, ettersom ein annan vokal ville føre til ei ny staving.
Fonar som kjem før kjernen blir kalla opptakt. Dei som kjem etter, blir kalla koda (av latin cōda / cauda 'hale'). Kvar av desse delane kan ha ein eller fleire fonar. I stavinga lam er det til dømes ein fon i opptakten og ein i kodaen. I stavinga fint er det to fonar i kodaen.
Det er vanleg å rekne med at opptakta og kjernen eller kjernen og kodaen utgjer ei eining på eit høgare nivå:


  • 1. Opptakt og kjerne blir samla kalla kropp.

  • 2. Kjerne og koda samla blir kalla rim.

Det er ei utbreidd oppfatning at anten den fyrste strukturen, der stavinga har kropp pluss koda, eller den andre strukturen, der stavinga har opptakt pluss rim, er korrekt og universell. Mellom dei som meiner dette, er det vanlegast å postulere opptakt pluss rim som det universelle. Eit argument for opptakt-pluss-rim-analysen er det tilhøvet at fonologisk påverknad oftare skjer mellom kjerne og koda enn mellom opptakt og kjerne, og det er lettare å finne døme på avhengnad mellom kjerne og koda enn mellom opptakt og kjerne. Eit mogeleg argument for kropp-pluss-koda-analysen er det tilhøvet at opptakt pluss kjerne (= kropp) er den einaste stavingstypen som finst i alle språk; jamfør Typologi nedanfor.

Ei alternativ oppfatning er at somme språk har ei staving med kropp pluss koda medan andre språk har ei staving med opptakt pluss rim.[3]



Typologi |


Dersom me nyttar forkortingane O (opptakt), N (nukleus eller kjerne) og C (koda), kan me setje opp dei fire stavingstypane som finst i språka i verda slik:


  • 1. N

  • 2. ON

  • 3. NC

  • 4. ONC

Språka i verda klassifiserast etter kva stavingstypar dei har:[4]



  • Språktype I har berre stavingstype 2. ON. Døme: senufo.


  • Språktype II har stavingstypane 1. N og 2. ON. Døme: samoisk, swahili.


  • Språktype III har stavingstypane 2. ON og 4. ONC. Døme: arabisk, fulfulde, tysk.


  • Språktype IV har alle fire stavingstypane. Døme: finsk, norsk.

Språk som høyrer til type III og type IV, kan me vidare dele inn i dei som berre tillèt éin konsonant i opptakt og koda, som fulfulde, og dei som tillèt fleire, som norsk og tysk.
Finsk kjem i ei mellomstilling, ved at berre nye lånord har meir enn éin konsonant i opptakt, og berre koda inne i ord kan ha to konsonantar. Døme: proosa 'prosa', der pr utgjer opptakta i den fyrste stavinga, og hurskas 'from', der stavingsgrensa går mellom s og k, slik at rs blir koda i den fyrste stavinga: hurs.kas (eit punktum blir ofte nytta i fonologien for å markere stavingsgrense). Pronssi 'bronse' illustrerer båe fenomena: prons.si.
Arabisk kan analyserast på to vis. Det fyrste alternativet er å rekne med at alle opptakter og kodaer berre tillèt éin konsonant, med unnatak av ordfinal koda. Døme er مكتب mak.tab 'kontor' (med éin konsonant i kvar posisjon) og وقت waqt 'tid' (med to konsonantar i ordfinal koda). Det andre alternativet er å rekne arabisk til dei språka som berre tillèt éin konsonant i kvar posisjon, som fulfulde, og seie at den siste av to ordfinale konsonantar står utanfor stavinga: waq.t. Ein kallar ein slik konsonant som står utanfor stavinga for ekstrasyllabisk. Det finst òg dei som i staden for å rekne ein slik konsonant for ekstrasyllabisk reknar han som opptakt i ei fylgjande defekt staving.[5]



Stavingsgrenser |


Ein viktig føresetnad for den typologiske framstillinga ovanfor er at fleirstavingsord kan delast opp i ein sekvens av stavingar med ei grense mellom kvar staving, som når me seier at fulfulde-ordet fulfulde 'fulfulde' kan delast opp slik, der punktum markerer stavingsgrensene: ful.ful.de. I eit språk som fulfulde er ikkje dette problematisk, for me får ein einfeld og einskapleg analyse av språket dersom me føreset at det har to stavingstypar, ON og ONC, og at både opptakt og koda berre tillèt éin konsonant.

I språk som òg har stavingar utan opptakt og som i tillegg tillèt meir enn éin konsonant i både opptakt og koda, til dømes norsk og engelsk, er det ofte vanskelegare å avgjere kvar stavingsgrensene går, og det er usemje mellom forskarane.



Fotnotar |



  1. Chomsky, N., og M. Halle 1968. The Sound Pattern of English. New York: Harper & Row.


  2. Hooper, J.B. 1972. The syllable in phonological theory. Language 48. 525-540.


  3. Yoon, Y.B. & B.L. Derwing 2001. A language without a rhyme: Syllable structure experiments in Korean. The Canadian Journal of Linguistics, 46(3/4), 187-237.


  4. Clements, G.N., and S.J. Keyser 1983. CV Phonology: A Generative Theory of the Syllable. (Linguistic Inquiry Monographs).


  5. Gussmann, E. 2002. Phonology. Analysis and Theory. (Cambridge Textbooks in Linguistics).


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?