Pangea




Kart over Pangaea




Splittinga av Pangea


Pangea, Pangaea eller Pangæa (frå gresk παν, pan, som tyder «heile», og Γαῖα, Gaea, som tyder «jorda») var eit superkontinent som eksisterte i paleozoikum og mesozoikum for om lag 250 millionar år sidan, før dei forskjellige landmassane braut opp og danna dagens kontinent[1].




Innhaldsliste





  • 1 Kontinentaldriftteorien


  • 2 Paleogeografi


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder

    • 4.1 Fotnotar





Kontinentaldriftteorien |


Teorien om Pangea vart sett fram geofysikaren Alfred Wegener i 1912, der han hevda at kontinenta heilt fram til triasperioden (om lag 200 mill. år sidan) utgjorde ein enkel landmasse, eit superkontinent, som han gav namnet Pangæa. Dette vart splitta opp i fleire landmassar som dreiv frå kvarandre. Teorien bygde på likskapar i dei forskjellige verdsdelane, kystlinje som passa i saman på begge sider av Atlanterhavet, like fossile dyr og planter og like bergartar dukka opp på begge sider av hava. Teorien vart avvist av dei fleste forskarar på den tida fordi han ikkje forklarte korleis slik kontinentaldrift føregjekk.


Forklaringa på kontidentaldrifta vart funne i 1960-åra etter omfattande forsking av havbotn, jf. platetektonikk og havbotnspreiing.



Paleogeografi |


Pangea, som låg langt sør då vår tids store kolførekomstar vart danna i tropane, byrja å sprekke opp i permtida, samstundes som delar flytta seg nordover. I juratida byrja Sør-Amerika å drive vekk frå Afrika. I krittida løyste India, Australia og Antarktis seg ut frå austsida av det noverande Afrika.


I byrjinga av tertiærtida opna Nord-Atlanteren seg, då Nord-Amerika dreiv bort frå Vest-Europa og Grønland dreiv bort frå Noreg, og samstundes skilde Australia og Antarktis lag. Raudehavet opna seg for 30 millionar år sidan, og Island byrja å vekse «over skrevs» på den midtatlantiske ryggen for 20 millionar år sidan. Nord-Amerika og Europa fjernar seg framleis frå kvarandre, slik at Atlanterhavet stadig vert breiare, om lag 2 cm i året. Raudehavet vert tolka som eit byrjande verdshav.


Pangea oppstod ved ei samanføying av eit nordleg superkontinent, Laurasia, og eit sørleg, Gondwana. Pangea var omgjeve av urhavet Panthalassa. Kontinenta slik vi kjenner dei i dag oppstod ved fragmenteringa av Pangea, som byrja i jura.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pangea


  • USGS oversyn

  • Tektoniske krefter

  • Kart over Pangea i trias på Paleomaps


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Pangea» frå Wikipedia på bokmål, og «Pangaea» frå Wikipedia på engelsk den 19. august 2008.


Fotnotar




  1. Plate Tectonics and Crustal Evolution, 3. utg.., 1989, av Kent C. Condie, Pergamon Press





Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Redningsselskapet