Mora


Mora er ei måleeining for stavingsvekt. Ein mora (forkorta μ) varar like lenge som ein kort språklyd, men konsonantar fremst i ei staving (i opptakta til stavinga) tel ikkje som eigne moraer. Det varierer frå språk til språk om konsonantar i koda tel som eigne moraer.




Innhaldsliste





  • 1 Lette og tunge stavingar


  • 2 Etymologi


  • 3 Nokre døme

    • 3.1 Latin


    • 3.2 Mandarin



  • 4 Bibliografi




Lette og tunge stavingar |


Stavingar som inneheld éin mora (monomoraiske stavingar), blir kalla lette stavingar, medan dei som inneheld to eller fleire, blir kalla tunge stavingar. Ein kan eventuelt reservere tung for stavingar med to moraer (bimoraiske stavingar) og overtung for dei med tre (trimoraiske stavingar) (eventuelt fleire) moraer. Om ein godtek skiljet mellom tunge og overtunge stavingar, avheng av kva syn ein har på stavinga. Duanmu 2009, som hevdar at den maksimale stavingsstrukturen er CVX, der C = konsonant, V = vokal og X = vokal eller konsonant, har ikkje rom for overtunge stavingar; stavinga er då monomoraisk (lett; CV) eller bimoraisk (tung; CVX).



Etymologi |


Ordet «mora» kjem av det latinske mora, som tyder 'hefte, drying, utsetjing; kvild; tidsrom; hindring'.



Nokre døme |



Latin |


Dei tre latinske orda amātur 'ho/han blir elska', amantur 'dei blir elska' og mīlites 'soldatar' kan då transkriberast slik, dersom lange vokalar er attgjevne med dobbeltskriving:



  • amātur [amaatur]


  • amantur [amantur]


  • mīlites [miilites]

Etter vanleg stavingsdeling i latin kan vi dele dei i stavingar som nedanfor, der [.] representerer stavingsgrense. Vi har òg sett inn [·] mellom moraene innanfor kvar staving, og konsonantar som ikkje utgjer eigne moraer, er heva:


  • [a . ma·a . tu·r]

  • [a. ma·n . tu·r]

  • [mi·i . li . te·s]

Dei monomoraiske stavingane [a] og [li] i døma ovanfor er lette stavingar, medan dei bimoraiske stavingane [ma·a], [tu·r], [ma·n], [mi·i] og [te·s] er tunge. Lang vokal tel som to moraer, og det gjer òg kort vokal pluss konsonant (så lenge konsonanten står i same stavinga).
Moraen er relevant for plasseringa av aksenten i latin. Den latinske aksentregelen må mellom anna innehalde denne formuleringa:


  • Aksenten ligg på den stavinga som inneheld nest siste mora føre siste staving.

Her er nest siste mora utheva:


  • [a . ma·a . tu·r]

  • [a. ma·n . tu·r]

  • [mi . li . te·s]

Difor har amātur og amantur aksent på nest siste staving og mīlites aksenten på tredje siste staving.



Mandarin |


Den sinittiske språket mandarin har eit klårt skilje mellom monomoraiske (lette) og bimoraiske (tunge) stavingar, skriv Duanmu (2009). Dei monomoraiske stavingane er trykkveike og manglar leksikalsk tone, medan dei bimoraiske er trykksterke og har ein av fire leksikalske tonar. Substantivet 妈 'mor' er bimoraisk, trykksterkt og har ein leksikalsk tone. Substantivet 妈妈 māma 'mor, mamma' har éi bimoraisk, trykksterk staving med leksikalsk tone og éi monomoraisk, trykkveik staving utan leksikalsk tone (ikkje-moraiske konsonantar i opptakta er heva):


  • má·á] 'mor'

  • 妈妈 māmamá·á . ma] 'mor, mamma'

Landsnamnet 中国 Zhōngguó 'Kina' har to bimoraiske stavingar, begge med trykk og leksikalsk tone.


  • 中国 Zhōngguóʈʂú·ŋ́ . ˈò·ó] 'Kina'

Mandarin kan berre ha éitt toneelement per mora. Les meir om tonar i mandarin i artikkelen Tonologien i mandarin.



Bibliografi |



  • Duanmu, San (2009), Syllable structure, Oxford: Oxford University Press 

Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command