1970
< 1970 > | ||||||||||||||||||||||||||
1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1970 (romartal MCMLXX) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.
Byrjinga av 1970 markerer byrjinga på Unixtid.
Innhaldsliste
1 Hendingar
1.1 Utlandet
1.2 Noreg
2 Fødde
3 Døde
Hendingar |
Utlandet |
Sovjetisk frimerke frå 1970 som viser romsonden «Luna 16».
12. januar: Den nigerianske borgarkrigen tok slutt då Biafra kapitulerte.
14. januar: Eisaku Sato blei vald til statsminister i Japan for ein tredje periode.
15. januar: Biafra blei teke opp att i Nigeria etter ein 32 månader lang krig.
Muammar al-Gaddafi blei statsoverhovud for Libya.
5. mars: Ikkjespreiingsavtalen mot atomvåpen blei verksam.
18. mars: Statsminister Lon Nol i Kambodsja avsette prins Norodom Sihanouk som president medan Sihanouk var utanlands.
11. april: Apollo-programmet: Det amerikanske romskipet «Apollo 13» blei skote opp mot månen. Ferda blei seinare avbroten.
14. mai: Grunnlegginga av terroristgruppa Rote Armee Fraktion (RAF).
1. juni: Sojuz-programmet: Oppskytinga av «Sojuz 9», eit sovjetisk tomannsromskip.
21. juli: Aswandammen i Egypt stod ferdig.
17. august: Venera-programmet. Den sovjetiske romsonden «Venera 7» blei skoten opp mot Venus.
12. september: Luna-programmet. Den sovjetiske romsonden «Luna 16» blei skoten opp mot månen. Han blei den første sovjetiske sonden som vende tilbake med prøvar.
10. oktober: Fiji erklærte sjølvstende frå Storbritannia.
12.-13. november: Syklonen i Gangesdeltaet som er blitt kjend som den døydelegaste i historia traff Aust-Pakistan (noverande Bangladesh) og drap 300 000-500 000 menneske.
2. desember: Miljøvernbyrået blei grunnlagt i USA.
Noreg |
1. januar: Ei meirverdiavgift («moms») på 20 % erstatta den tidlegare omsetjingsavgifta (oms) på 13,64 %.
22. januar: Prisstoppen frå 26. september 1969 blei oppheva.
6. februar: Øvre Pasvik nasjonalpark blei oppretta.
2. juni: Saudastreiken byrja, og varte i nesten fem veker.
19. juni: Naturvernlova blei vedtatt.
25. juni: Stortinget vedtar at Noreg skulle byrja forhandlinger om medlemskap i Europafellesskapen (EF).
30. juni: Kristiansund lufthamn, Kvernberget opna.
27. juli: Mardøla-aksjonen. Aksjonistar oppretter teltleir i traseen for anleggsveg for den planlagde utbygginga av Mardølavassdraget.
1. november: Folketeljing. Noreg hadde 3 874 133 innbyggjarar.
Fødde |
Journalist og forfattar Åsne Seierstad fødd 10. februar
- Sjå òg Fødde i 1970.
4. januar: Carl Frode Tiller, norsk forfattar
25. januar: Margunn Haugenes, norsk fotballspelar
10. februar: Åsne Seierstad, norsk journalist og forfattar
20. februar: Hege Myklebust, norsk målkvinne
21. februar: Trond Einar Elden, norsk skirennar
7. april: Leif Ove Andsnes, norsk pianist
16. april: Margreth Olin, norsk filmskapar
19. mai: Vidar Busk, norsk musikar
7. juli: Susann Goksør Bjerkrheim, norsk handballspelar
8. juli: Beck, USA-amerikansk musikar
12. august: Kristopher Schau, norsk komikar
29. oktober: Edwin van der Sar, nederlandsk fotballspelar
9. desember: Anna Gavalda, fransk forfattar
Døde |
President Gamal Abd al-Nasser døydde brått 28. september
- Sjå òg Døde i 1970.
2. februar: Bertrand Russell, britisk matematikar og filosof
15. mars: Tarjei Vesaas, norsk forfattar
15. mars: Arthur Adamov, russisk-fransk forfattar
19. mai: Halvard Lange, norsk politikar
27. juli: António de Oliveira Salazar, portugisisk stastminister
18. september: Jimi Hendrix, USA-amerikansk musikar
25. september: Erich Maria Remarque, tysk forfattar
28. september: Gamal Abd al-Nasser, statsleiar i Egypt
4. oktober: Janis Joplin, USA-amerikansk songar
9. november: Charles de Gaulle, fransk general og president
21. november: Chandrasekhara Venkata Raman, indisk fysikar
23. november: Alf Prøysen, norsk forfattar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>