Little Richard
Little Richard | |
Little Richard spelar i mars 2007 | |
Fødd | 5. desember 1932 |
---|---|
Fødestad | Macon |
Fødenamn | Richard Wayne Penniman |
Alias | The True queen Of Rock 'n' Roll The Originator, The Emancipator, The Architect Of Rock 'n' Roll; The queen of Rockin' an Rollin' Rhythm & Blues Soulin', The Georgia Peach |
Opphav | Macon i Georgia, USA |
Aktiv | 1951 - til i dag |
Sjanger | Rhythm & Blues Rock & roll Soul Gospel |
Instrument | Vokal Piano Keyboard |
Plateselskap | RCA Records, Brunswick, Specialty, Mercury Records, Vee-Jay Records, Reprise Records |
Verka som | songar, pianist, musikar, låtskrivar, komponist, prest, plateartist |
Far | Enotris Johnson |
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award |
Richard Wayne Penniman (fødd 5. desember 1932), kjend som Little Richard, er ein amerikansk songar, låtskrivar og pianist, og var ein pioner i musikksjangeren rock and roll. Han vart fødd i Macon i Georgia, og var sterkt inspirert av gospel.
Little Richard fekk eit gjennombrot med songen «Tutti Frutti» i 1955, og følgd opp med ein serie internasjonale hittar: «Long Tall Sally», «Rip It Up», «Lucille», «Jenny Jenny», «Keep A Knockin’», «Good Golly Miss Molly», «Ooh! My Soul» og fleire andre. I Noreg var hans største hit «Baby Face» i 1957.
Han var ein av dei sju første som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1986.
Little Richard sine første songar var ei blanding av boogie-woogie, rhythm and blues og gospel, men ofte med eit markant etterslag, funky saksofonlinjer og ru, skrikande vokal, stønn, skrik og anna. I 1957 medan karrieren var på eit toppunkt vart han andeleg gjenfødd som kristen og melde seg inn på ein bibelskule og trekte seg tilbake frå musikkindustrien.[1] Sidan den gong har han via mykje av livet sitt til dette kallet.[1]
Little Richard har vorte hylla av mange andre artistar. James Brown kalla Little Richard idolet sitt[1] og sa han var den første som putta funk i ein rock and roll-rytme.[2] I High School-årboka si skreiv Bob Dylan at ambisjonen hans «var å følgje Little Richard» og i 1959 fortalde Elvis Presley om Little Richard «Your music has inspired me - you are the greatest.»[1]Otis Redding, John Lennon, Paul McCartney, George Harrison, Ringo Starr, Mick Jagger, Keith Richards, Pete Townshend, Roger Daltry, John Fogerty, Dick Dale, Bob Seger, Jimi Hendrix, Robert Plant, Jimmy Page, Jeff Beck, Eric Clapton, David Bowie og mange andre rock n' roll-ikon har òg omtalt Little Richard som ein av dei største inspirasjonskjeldene sine. Av Rolling Stone vart han plassert på 8. plass på lista deira over dei 100 største musikkartistane gjennom tidene.[3], men seks av sju artistar føre han på lista er nemnd over av dei som hadde han som inspirasjonskjelde.
Kjelder |
Delar av denne artikkelen bygger på «Little Richard» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2008.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,11,21,3 White, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press.
↑ «Little Richard». Rock and Roll Hall of Fame.
↑ The Immortals: The First Fifty : Rolling Stone
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Little Richard | |
---|---|
Studioalbum | Here's Little Richard · Little Richard · The Fabulous Little Richard · Pray Along with Little Richard · Pray Along with Little Richard (Vol 2) · The King of the Gospel Singers · Little Richard Is Back (And There's a Whole Lotta Shakin' Goin' On!) · Little Richard's Greatest Hits · The Wild and Frantic Little Richard · The Explosive Little Richard · The Rill Thing · Mr. Big · The King of Rock and Roll · The Second Coming · Southern Child · Friends from the Beginning - Little Richard and Jimi Hendrix · Right Now! · Talkin' 'bout Soul · Little Richard Live · God's Beautiful City · Lifetime Friend · Shake It All About |
Konsertalbum | The Incredible Little Richard Sings His Greatest Hits - Live! · Little Richard's Greatest Hits: Recorded Live! |
Singlar | «Tutti Frutti» · «Long Tall Sally» · «Slippin' and Slidin'» · «Rip It Up» · «Ready Teddy» · «She's Got It» · «Heeby-Jeebies» · «The Girl Can't Help It» · «All Around the World» · «Lucille» · «Send Me Some Lovin'» · «Jenny, Jenny» · «Miss Ann» · «Keep A-Knockin'» · «Good Golly Miss Molly» · «Ooh! My Soul» · «True Fine Mama» · Baby Face» · «Kansas City» · «By the Light of the Silvery Moon» · «He's Not Just A Soldier» · «He Got What He Wanted (But He Lost What He Had)» · «Crying in the Chapel» · «Bama Lama Bama Loo» · «Whole Lotta Shakin' Goin On» · «Goodnight, Irene» · «I Don't Know What You've Got (But It's Got Me)» · «Poor Dog» · «Commandments Of Love» · «Freedom Blues» · «Greenwood, Mississippi» · «In The Middle of The Night» · «Call My Name» · «Great Gosh A-Mighty!» · «Operator» · «Somebody's Comin'» · «Twins» |
Tilknytte tema | Diskografi · Songar · Album · Songar av Little Richard · Billy Wright · Robert Blackwell · Art Rupe · Esquerita · Jimi Hendrix · James Brown · Larry Williams · Little Richard (miniserien) |
|