Islendingesogene




Illustrasjon frå eit handskrift frå 1700-talet med Soga om Egil Skallagrimsson


Islendingesoger, tidlegare kalla ættesoger, utgjer ein av dei mest berømte og originale delane av den norrøne litteraturen. Islendingesogene er skrivne av islendingar og handlar for det meste om menneske og hendingar på Island. Dei gir eit fargerikt og dramatisk bilete av det islandske samfunnet i perioden frå starten på landnåmstida rundt 870 og fram til tidleg på 1000-talet, då Island var kristna. Denne tida, som islendingane kallar sǫguǫld (sogetida), var prega av harde og ofte blodige konfliktar mellom mektige høvdingeætter. I mange soger skjer delar av handlinga i Noreg og andre nordiske land. Ein reknar med at dei fleste islendingesogene er skrivne på 1200-talet, altså 200-300 år etter at hendingane som er skildra skal ha funne stad. Nær på 40 islendingesoger er bevarte. Vi kjenner ikkje sikkert forfattarane bak nokon av dei, men nokre forskarar har meint at Snorre Sturlason, den fremste kongesoge-forfattaren, har skrive Soga om Egil Skallagrimsson.




Innhaldsliste





  • 1 Innhaldet i sogene


  • 2 Form og stil


  • 3 Ulike teoriar om korleis sogene har blitt til


  • 4 Dei mest kjende sogene


  • 5 Liste over islendingesoger


  • 6 Sjå òg


  • 7 Bakgrunnsstoff

    • 7.1 Islendingesoger på nett





Innhaldet i sogene |


I islendingesogene møter vi eit rikt persongalleri frå alle grupper og lag i det islandske samfunnet: vikingar og handelsmenn, høvdingar, småbønder, leiglendingar og trælar, kvinner og menn, krigarar og skaldar. Vi møter høvdingar på reise til andre land: Noreg, Sverige og Danmark, England, Irland og dei andre øyane i vest. Dei yppar seg mot kongar og jarlar, men skaffar seg også vener, imponerer med skaldekunsten sin og får dyre statusgjenstandar i skaldeløn.


Samfunnet er regulert av lover, og stridssaker kan løysast på Alltinget eller lokale ting. Men ordensmakt har dei ikkje, og kvar mann må leva med sverdet ved sida og kan berre lita på seg sjølv, ætta, frendar og vener. Lite skal til for at ein omfattande konflikt med drap og blodhemn skal bryta ut. Kvar mann må vakta på æra si, og ettermælet er viktigare enn livet. Men dei største heltane syner storsinn og klokskap for å få slutt på vonde konfliktar.


Det er eit mannssamfunn, men samtidig er kvinnene skildra som myndige og stolte, og mang ein gong trassar dei mennene sine.


Sogene skildrar skaldekunst, tragisk kjærleik, sjølvhevding, sjalusi, hemn og drap. Også heidensk tru, lagnad, ætt og samfunn er sentrale motiv.



Form og stil |


Islendingesogene endar oftast tragisk, og det er lagnaden som styrer over menneskelivet. Ofte får vi eit ymt i starten av soga, gjennom draumar og andre frampeik, kva skjebne som ventar hovudpersonane. Heltane kjempar tappert imot, men ingen kan fri seg frå den lagnaden som er lagt for dei. Dette veit den røynde lesaren. Spenninga knyter seg derfor til korleis den tragiske slutten kjem og korleis helten taklar den. Og heltane syner toet i seg, ikkje ved å vinna over lagnaden, men å ta den med stoisk ro og gjerne med kald ironi og ein rammande replikk.


Eit berømt drag ved sogene er den såkalla objektive framstillinga, som skil dei mykje ut frå dei samtidige riddarsogene frå kontinentet. Forfattaren nøyer seg for det meste med å gi att det som skjer, det personane seier, og det andre seier om dei, utan å moralisera. Dette gjeld sjølv om dramatiske hendingar er skildra i blodige og presise detaljar. Personane er konsekvent sette utanfrå, og vi får ikkje høyra kva dei tenkjer og føler. Dette må vi slutta oss til ut frå kva som skjer. Denne forteljemåten har hatt stor innverknad på moderne litteratur. Ein av dei første som tok opp denne stilen i moderne, norsk litteratur var Bjørnstjerne Bjørnson i sine bondeforteljingar.


Sogene er fortalde strengt kronologisk, men med stor økonomi. I periodar der det skjer lite, det kan vera eit år eller to, kan handlinga vera attgjevnen med eit par oppsummerande setningar. Men så tetnar forteljinga til når det skjer noko dramatisk og konfliktane skjerpar seg. Det blir fortalt i detalj, og med mykje bruk av replikkar. Dette skiftet mellom referat og scenisk framstilling er eit typisk trekk ved sogene.


Replikkane kan vera korte og rammande som eit ordtak, og gjerne med ein kald ironi. Språket er konkret, prega av sideordna heilsetningar og lite bruk av leddsetningar og innvikla setningskonstruksjonar. Det vert heller sagt for lite enn for mykje, bruken av underdriving (litotes) er vanleg.


Stilen i sogene varierer ein del. Nokre er stramme og heilstøypte, i såkalla klassisk sogestil. Andre kan vera meir blomstrete og ordrike, og syner påverknad frå den romantiske riddardiktinga.



Ulike teoriar om korleis sogene har blitt til |


Forskarane har sett fram ulike teoriar om korleis sogene har blitt til. Diskusjonen har også handla om kor historisk pålitelege dei er.



  • Friprosalæra går ut på at sogene har blitt så å seia ferdig utforma i den munnlege tradisjonen. Forfattarane har ikkje lagt til så mykje, dei er meir å sjå på som nedskrivarar. Dei som står for denne læra, meiner at sogene har stor historisk verdi. Ein representant for denne retninga i Noreg er Knut Liestøl (1929).


  • Bokprosalæra hevdar at sogene for det meste er frie fiksjonar med magert historisk innhald. Dei byggjer på munnlege tradisjonar, men forfattarane har forma dei nokså fritt då dei vart skrivne. Ein representant for denne retninga er islendingen Sigurđur Nordal.

  • Seinare forskarar har plassert seg mellom desse to ytterposisjonane, eller dei har prøvt å oppheva motsetninga ved å ta sanningsomgrepet opp til ny drøfting. Ein representant for dette synet er M.I.Steblin-Kamenskij (1975).


Dei mest kjende sogene |


Ei av dei mest kjende og lesne sogene er Soga om Egil Skallagrimsson. Dette er ei svært omfangsrik soge som skildrar ein merkeleg og samansett personlegdom. Egil er hard og kampsterk, stolt og freidig, men også kjenslevar og ein stor kunstnar og skald. Nokre held den forholdsvis korte Soga om Ramnkjell Frøysgode for å vera den mest formfullende av islendingesogene. Komposisjonen er stram, innhaldet er usentimentalt og lite prega av romantiske impulsar frå riddartida. Soga om Gunnlaug Ormstunge, ei skaldesoge om tragisk kjærleik, er mykje nytta i skulen. I Soga om laksdølane er det fortalt om Melkorka, den irske prinsessa som vart teken til fange og seld som træl og frille til ein islandsk hovding.



Liste over islendingesoger |


  • Bandamanna saga

  • Bárðar saga Snæfellsáss

  • Bjarnar saga Hítdǿlakappa


  • Brennu-Njáls saga (Njålssoga)

  • Droplaugarsona saga


  • Egils saga Skalla-Grímssonar (Soga om Egil Skallagrimsson)


  • Eiríks saga rauða (Soga om Eirik Raude)

  • Finnboga saga ramma

  • Fljótsdǿla saga

  • Flóamanna saga


  • Fóstbrǿðra saga (to versjonar)


  • Gísla saga Súrssonar (Soga om Gisle Sursson)

  • Grettis saga


  • Grǿnlendinga saga (Grønlendingesoga)

  • Gull-Þóris saga

  • Gunnars saga Keldugnúpsfífls


  • Gunnlaugs saga ormstungu (Soga om Gunnlaug Ormstunge)

  • Hallfreðar saga

  • Harðar saga ok Hólmverja

  • Hávarðar saga Ísfirðings

  • Heiðarvíga saga


  • Hrafnkels saga (Soga om Ramnkjell Frøysgode)


  • Hǿnsa-Þóris saga (Soga om Hønse-Tore)

  • Kjalnesinga saga

  • Kormáks saga

  • Króka-Refs saga


  • Laxdǿla saga (Laksdølasoga)


  • Ljósvetninga saga (tre versjonar)

  • Reykdǿla saga ok Víga-Skútu

  • Svarfdǿla saga

  • Valla-Ljóts saga

  • Vatnsdǿla saga

  • Víga-Glúms saga

  • Víglundar saga

  • Vápnfirðinga saga


  • Þorsteins saga hvíta (Soga om Torstein Kvite)

  • Þorsteins saga Síðu-Hallssonar

  • Þórðar saga hreðu

  • Ǫlkofra saga


Sjå òg |


  • Tætter

  • Vikingtida


Bakgrunnsstoff |


  • Islendingesoger på ulike språk på Iclandic Saga Database.

  • Islendingesoger på ulike språk på Heimskringla.

  • Sagaside

  • Islendingesoger på islandsk Netútgáfan


Islendingesoger på nett |



  • Soga om Ramnkjell Frøysgode (norsk versjon på Heimskringla)


  • Njålssoga (norsk versjon på Heimskringla


  • Soga om Torstein Kvite (norsk versjon på Heimskringla)


  • Færøyingesoga eller Soga om Trond i Gata og Sigmund Brestesson (norsk versjon på Heimskringla)


  • Soga om Hønse-Tore (dansk versjon på Heimskringla)


  • Laksdølasoga (norsk versjon på Iclandic Saga Database)


  • Soga om Ramnkjell Frøysgode (norsk versjon på Iclandic Saga Database)


  • Grettessoga (engelsk versjon på Iclandic Saga Database)


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?