Natur




Utsyn i Jurafjella. Fjell, skog og skyer er typiske representantar for «naturen». Veg, gjerde, bygningar og beiteområde er menneskeskapte.


Natur er eit vidt omgrep som i regelen viser til noko som er i verda og ikkje er forma av menneske. Det kan brukast om opphavlege, gjerne medfødde eigenskapar, som motsetnad til det som er tillært, kunstig eller prega av kultur.


Naturomgrepet er kjend sidan den greske antikken. Dei greske før-sokratikarane blei kalla fysikoi, 'naturforskarar', og brukte ordet fysis om dei iliggjande eigenskapane til plantar, dyr og andre element i verda utviklar på eiga hand. På latin blei det greske omgrepet omsett til natura, som tyder 'fødsel'. I moderne tid er naturvitskap blitt til læra om den fysiske verda og reglane ho følgjer. Samstundes er omgrepet «natur» eller «naturleg» blitt brukt om mange alternativ til moderne kultur, vitskap og teknologi.




Innhaldsliste





  • 1 Døme


  • 2 Filosofi og vitskap


  • 3 Kunst og kultur


  • 4 Kjelder




Døme |


«Naturen» kan vera ein motsats til «sivilisasjonen», anten i form av (ein viss type) menneske eller deira påverknader. Ein kan snakka om å dra «ut i naturen» når ein forlét eit område prega av bygningar, landskapsarkitektur og menneskeleg infrastruktur og dreg til eit meir urørt område som er prega av plantar, dyr og naturlege prosessar som erosjon, vind og forråtning. Men medan det finst område som er klart «unaturlege», som byar, og område som er klart «naturlege», som urskog og villmark, er det likevel vanskeleg å skilja dei. Ingen byar er utan naturleg innslag, mange kulturlandskap er utforma av menneske i samspel med naturen, og parkar er menneskeskapte men med naturlege element og gjerne med føremålet om å gje ei naturkjensle. Naturreservat er laga for å ta vare på ein viss type natur, men blir ofte tekne vare på av menneske.


Naturleg eller «naturell» kan tyda at noko ikkje er ordna eller tillage. Materiale som ikkje er farga, som hår, ull eller pels, kan ha naturfarge, medan matvarer som blir serverte med lite tilreiing kan kallast naturelle. Det naturlege kan også setjast som motsetnad til industrielle, vitskapsbaserte eller på annan måte «kunstige» prosessar. Mange eldre metodar for å gjera noko har fått nemninga «natur-» eller «naturleg» etter at dei i stor grad er blitt fortrengde av nyare metodar. Nokre døme på slike motsetnadspar er naturmedisin versus (skule)medisin, naturgjødsel versus kunstgjødsel og naturlege perler versus kulturperler. Å leva «i pakt med naturen» kan visa til ulike miljøvennlege levemåtar som har mindre innverknad på eit økosystem enn typiske industrialiserte samfunn eller andre som driv «rovdrift på naturen». Menneske ein meiner lever slik frå gammalt av kan kallast naturfolk.



Filosofi og vitskap |


I antikken samanlikna mange filosofar, særleg Aristoteles, natur som ein organisme, som mennesket.


Under renessansen rekna naturfilosofar som Descartes og Newton natur som ein mekanisme, liknande ein maskin. Hobbes innførte omgrepet naturtilstand om menneske, som han meinte var ein brutal og nådelaus kamp dei imellom. Til motsats meinte opplysingsfilosofen Rousseau at menneske av natur var gode, og at dei alle hadde visse grunnleggjande naturrettar.


I moderne naturvitskap oppfatta tenkjarar som Darwin og Haeckel natur som ei utvikling, liknande historia. Forskarar som Carl von Linné med sin Systema naturae forsøkte å systematisera naturen. Frå denne tida byrja ein studera naturhistorie og laga naturhistoriske museum.



Kunst og kultur |




Natural Art Nr. 387 (1979) av Jacek Tylicki.


Ulike retningar innan kunst og kultur har gått ut på å dyrka ulike tilnærmingar til naturen.
Innan romantikken var natur særs viktig, både som inspirasjon og motiv. Seinare realisme og naturalisme la vekt på å skildra verda så naturtru som mogleg. Vidare har ei moderne kunstform kjend som stadkunst eller kunst i naturen (engelsk land art, Earth art eller Earthworks) går ut på å laga kunst som er del av naturen eller ved hjelp av material derfrå.


Naturturisme er ei form for reise som har vore del av turisme sidan romantikken. Denne forma for turisme går ut på å oppsøka «urørte» område. Ei nyare form for naturretta turisme er økoturisme, ein turisme som har som mål å ikkje øydeleggja miljøet på staden ein vitjar.


Naturisme eller nudisme er ein tankeretning som legg vekt på verdien av det å gå naken, ein «naturlegare» tilstand enn å gå med klede. Naturisme blir ofte dyrka i naturlege omgjevnader, som strender eller fjell.



Kjelder |



  • «natur» i Store norske leksikon, snl.no.

  • Denne artikkelen bygger på «Natur» frå sc, den 19. juni 2011.


  • Denne artikkelen bygger på «Nature» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2011.


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?