24SevenOffice


24SevenOffice er eit norsk IT-firma med hovudkontor i Skien og kontor i Oslo, Stockholm (Sverige) samt London (England).




Innhaldsliste





  • 1 Firmahistorie


  • 2 Produkt


  • 3 Konkurrentar


  • 4 Modular


  • 5 Bakgrunnsstoff




Firmahistorie |


24SevenOffice vart starta i 1996 i Porsgrunn av Stian Rustad. Selskapet heitte tidlegare kontorplassen.no men skifta i februar 2005 namn til 24SevenOffice.


I februar 2005 kjøpte selskapet den svenske konkurrenten Start & Run. Dette gjorde at 24SevenOffice fekk 400 nye kundar.


I august 2005 hadde selskapet ein emisjon som gav 15 millionar kroner til selskapet. Selskapet vart lista på OTC-marknaden som ein unotert aksje 5. oktober 2005. Tickeren er 24SO og 11. oktober same år vart aksjen handla til 11,50 kr, noko som verdsette selskapet til 67 millionar kroner.


I desember 2005 gjekk selskapet inn i ei partnaravtale med Active24.


I januar 2006 vart selskapet hovudsponsor til Petter Solberg, tidlegare verdsmeister i WRC, i en sponsoravtale verdt 5 millionar norske kroner.



Produkt |


24SevenOffice er eit web-basert ERP-system for små og mellomstore føretak. Systemet inkluderer modular for CRM, rekneskap, fakturering, e-post, fil-/dokumenthandsaming og prosjektstyring.


Systemet er web-basert og nyttar HTML, JavaScript, CSS, XML og XMLHttpRequest for å oppnå eit raskt brukargrensenitt. Teknikken som vert nytta vert ofte omtala som Ajax.


24SevenOffice har vunne fleire prisar, inkludert «Seal of Excellence» på CeBIT og «Årets Produkt 2005» i Kapital.



Konkurrentar |


Den einaste to direkte konkurrentane er amerikanske NetSuite og norske Office123, som òg tilbyr eit liknande web-basert system. Andre web-baserte konkurrentar inkluderer Salesforce.com, SugarCRM og QuickBooks Online.


Tradisjonelle konkurrentar i Noreg er Mamut, Visma, SuperOffice og HansaWorld.



Modular |


  • Fakturering

  • Rekneskap

  • Salsstøttesystem (CRM)

  • Fil-/dokumenthandsamar

  • E-post

  • Prosjektstyring

  • Kalender

  • Publisering

  • Netthandel


Bakgrunnsstoff |


  • 24SevenOffice si vevside

  • Test av 24SevenOffice i PCWorld








Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister