J.J. Cale




























J.J. Cale
J.J. CALE.jpg
Cale i 2007
Fødd
5. desember 1938(1938-12-05)
Fødestad
Oklahoma City i USA
Død
26. juli 2013 (74 år)
Dødsstad
La Jolla i California i USA
FødenamnJohn Weldon Cale
OpphavUSA
Aktiv1958–2013
Sjanger
Americana, cajun, blues, swamprock, countryrock, red dirt, Tulsa Sound
Instrument
Gitar, vokal, piano, klaverinstrument, bass, trommer
Tilknytte artistar
Leathercoated Minds, Eric Clapton, Leon Russell
Plateselskap
Shelter, Mercury, Polygram, Virgin, Rounder, Silvertone
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medChristine Lakeland

John Weldon «J.J.» Cale[1] (5. desember 1938–26. juli 2013) var ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar. Sjølv om han prøvde å halde ein låg profil[2] inspirerte han mange musikarar som Neil Young og Eric Clapton, som skildra han som «ein av dei viktigaste aristane i rockehistoria».[3] Han vert rekna som ein del av opphavet til Tulsa Sound, ein laus sjanger basert på blues, rockabilly, country og jazz.


Cale skreiv mange songar som vart spelt inn av andre artistar, som «After Midnight» og «Cocaine» av Eric Clapton; «Call Me the Breeze» av Lynyrd Skynyrd, John Mayer, Johnny Cash og Bobby Bare; «Clyde» av Waylon Jennings og Dr. Hook; «I Got The Same Old Blues» av Captain Beefheart, Lynyrd Skynyrd, Freddie King og Bryan Ferry og «Magnolia» av Poco, Beck, Lucinda Williams, Iron & Wine, José Feliciano, Ben Bridwell, John Mayer med Eric Clapton og Sadie Johnson.


I 2008 fekk Cale ein Grammypris i lag med Clapton for albumet deira The Road to Escondido.




Innhaldsliste





  • 1 Biografi


  • 2 Diskografi

    • 2.1 Singlar


    • 2.2 Studioalbum


    • 2.3 Konsertalbum


    • 2.4 Samarbeidsalbum


    • 2.5 Albums med andre artistar


    • 2.6 Samleplate


    • 2.7 Videoar



  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff




Biografi |


John Cale var fødd 5. desember 1938 i Oklahoma City.[1] Han voks opp i Tulsa i Oklahoma, og tok eksamen ved Tulsa Central High School i 1956. I tillegg til å lære seg å spele gitar, byrja han å studere prinsippa ved lydteknikk medan han framleis budde heime hos foreldra i Tulsa, der han bygde seg sjølv eit innspelingsstudio.[4] Etter skulen vart han trekt ut til militærteneste og studerte ved Air Force Air Training Command i Rantoul i Illinois. Cale hugsa «eg ønskte ikkje eigentleg å bere våpen og gjere alle dei reiene der, så eg gjekk inn i Luftvåpenet der eg dreiv teknisk trening og lærte meg ein del om elektronikk.» [5] Cale kjennskap til miksing og lydinnspeling kom til å spele ei viktig rolle i å skape ein særeigen stil på studioalbuma hans.[6]




Cale på scenen i München i Tyskland i 1975.


I lag med fleire andre unge musikarar frå Tulsa, flytta Cale til Los Angeles tidleg i 1960-åra, der han skaffa seg jobb som lydteknikar.[7] I 1966, medan han budde i Los Angeles, spelte han inn ein demo-singel for Liberty Records av songen «After Midnight». Han sendte kopiar av singelen til vener frå Tusla som budde i Los Angeles, og fleire av dei hadde klart å skaffe seg jobb som studiomusikarar. Sjølv om han klarte å skaffe seg ein fast spelejobb på Whisky a Go Go (der Elmer Valentine føreslo at han skulle kalle seg sjølv J.J. Cale for å ikkje bli forveksla med John Cale frå Velvet Underground)[8][9]), fann han lite suksess som plateartist og klarte heller ikkje å tene nok pengar som lydteknikar. Han selde derfor gitaren og reiste heim att til Tulsa, der han vart med i eit band med Tulsa-musikaren Don White.


I 1970 fekk han vite at Eric Clapton hadde spelt inn ein versjon av «After Midnight» på debutalbumet sitt i 1970. Som følgje av dette vart det føreslått for Cale at han burde utnnytte denne publisiteten og spele inn sitt eige album. Det første albumet hans, Naturally, etablerte stilen hans, som av Los Angeles Times-skribenten Richard Cromelin vart skildra som «ein unik hybrid av blues, folk og jazz, markert av ein tilbakelent groove og den flytande gitaren og lakoniske røysta til Cale. Han brukte tidleg trommemaskinar og dei ukonvensjonelle miksane hans skapte ein særeigen og tidlaus kvalitet i arbeidet hans som skilde han frå resten av Americana-puristane.»[10]


I biografien sin Shakey frå 2003 skreiv Neil Young, «Av alle musikarane eg nokon gong har høyrd, så må det vere [Jimi] Hendrix og J.J. Cale som er dei beste gitaristane.»[11] I dokumentarfilmen To Tulsa and Back: On Tour with J.J. Cale frå 2005, vart gitarstilen til Cale skildra av Eric Clapton som «skikkeleg, skikkeleg minimal» og la til at «det handlar berre om finesse».


Den største amerikanske hitsingelen hans, «Crazy Mama», nådde 22. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i 1972. I dokumentarfilmen To Tulsa and Back fortalte Cale at han fekk tilbodet om å spele på Dick Clark sitt American Bandstand for å marknadsføre songen, noko som kunne ha flytta han høgare på listene. Cale avslo då han ikkje fekk spele med sitt eige band og måtte mime til teksten.[12]


Cale flytta til California att i 1980 og vart einebuar, buande i ei campingvogn utan telefon. Albumet hans #8 frå 1983 vart dårleg motteke og han bad om å bli frigjeve frå kontrakten sin med PolyGram. Då han seinare vart spurt om kva han hadde gjort i 1980-åra sa han: «Klypt plenen og lytta til Van Halen og rap.»[13]


Cale fungerte ofte som sin eigen produsent, lydteknikar og studiomusikar. Vokalen hans, som stundom nesten er kviskrande, var ofte langt bak i lydbiletet. Han forklarte at den unike stilen hans kom av kunnskapen hans som lydteknikar og miksar og sa «På grunn av all teknologien no så kan du lage musikken din sjølv, og mange folk gjer det no. Eg byrja med dette for lenge sidan og skapte min eigen unike stil.»[14]


Cale døydde 74 år gammal i La Jolla i California den 26. juli 2013, etter å ha blitt råka av eit hjarteinfarkt. Han etterlet seg kona Christine Lakeland.[15][16][17][18]


Den 10. august 2018 vart det annonsert på nettsida hans at det skulle kome eit posthumt album med songar som ikkje var gjevne ut før seinare på året.



Diskografi |


Kjelde:[19]



Singlar |


  • 1958 «Shock Hop»/«Sneaky» (som Johnny Cale)

  • 1960 «Troubles, Troubles»/«Purple Onion» (som Johnny Cale Quintet

  • 1961 «Ain't That Lovin You Baby»/«She's My Desire» (som Johnny Cale Quintet)

  • 1965 «It's A Go Go Place»/«Dick Tracy», Liberty 55840

  • 1966 «In Our Time»/«Outside Looking In», Liberty 55881

  • 1966 «After Midnight»/«Slow Motion», Liberty 55931

  • 1971 «Crazy Mama», Shelter 7314 (frå albumet Naturally, nådde 22. plassen på en amerikanske singellista den 8. april 1972, og 21. plassen i Canadan den 15. april)

  • 1972 «After Midnight», Shelter 7321 (nådde 42. plassen på den amerikanske singellista i juli 1972)

  • 1972 «Lies»/«Riding Home», Shelter 7326 (frå albumet «Really», nådde 42. plassen på den amerikanske singellista i desember 1972)

  • 1976 «Hey Baby»/«Cocaine», Shelter (released 1976. desember peaking at #96 in the US singles chart)

  • 1979 «Katy Kool Lady»/«Juarez Blues», Shelter WIP 6521


Studioalbum |


  • 1971 Naturally (A&M/Shelter)

  • 1972 Really (A&M/Shelter)

  • 1974 Okie (A&M/Shelter)

  • 1976 Troubadour (Shelter)

  • 1979 5 (Island/MCA)

  • 1981 Shades (Island/MCA)

  • 1982 Grasshopper (Island/Mercury)

  • 1983 #8 (Mercury)

  • 1990 Travel-Log (Silvertone/BMG)

  • 1992 Number 10 (Silvertone Records/BMG)

  • 1994 Closer to You (Delabel/Virgin)

  • 1996 Guitar Man (Delabel/Virgin)

  • 2004 To Tulsa and Back (Blue Note)

  • 2007 Rewind (Universal)

  • 2009 Roll On (Rounder)


Konsertalbum |


  • 2001 Live


Samarbeidsalbum |


  • 2006 The Road to Escondido (med Eric Clapton; vann Grammyprisen for beste kontemporære bluesalbum i 2008

  • 2016 Live in San Diego (alternativt kalla Live in San Diego with special guest JJ Cale)


Albums med andre artistar |


  • 1966 A Trip Down The Sunset Strip (som ein del av Leathercoated Minds)

  • 1973 Back in '72 - Bob Seger - Cale spelar gitar på songen «Midnight Rider»

  • 1973 «Hank Wilson's back» - Leon Russell - Cale spelar gitar på dei fleste songane

  • 1990 «The Rhythm of the Saints» - Paul Simon - Cale spelar gitar

  • 2006 «Uncovered» - Tony Joe White - Cale var medlåtskrivar, song og spelte gitar på songen «Louvelda»

  • 2010 Clapton - Eric Clapton - Cale syng og spelar gitar på songane «River Runs Deep» og «Everything Will Be Alright»

  • 2013 Old Sock – Eric Clapton – Cale spelar gitar og syng på songen «Angel»


Samleplate |


  • 1984 Special Edition (ei samling av hittar frå tidlegare album)

  • 1997 Anyway the Wind Blows: The Anthology

  • 1998 The Very Best of J.J. Cale

  • 2000 Universal Masters Collection

  • 2003 After Midnight (tysk utgjeving)

  • 2006 The Definitive Collection

  • 2006 Collected (med bonusspor, berre nederlandsk)

  • 2011 The Silvertone Years


Videoar |


  • 1979 In Session At The Paradise Studios - Los Angeles, J.J.Cale med Leon Russell

  • 2004 Eric Clapton's Crossroads Festival Cale med band frå den amerikanske turneen sin i 2004 spelte eit sett med Clapton.

  • 2005 on tour with J J Cale - to Tulsa and back - dokumentarfilm frå 2005 filma under ein turné i 2004 med Cale, Christine Lakeland, Jimmy Karstein, Bill Raffensperger, Rocky Frisco


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «J.J. Cale» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2018.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. 1,01,1 «Bio». JJ Cale official website. Henta 15. september 2018. 


  2. «I was always a background person...it took me a while to adjust to the fact that people were looking at me...'cause I always just wanted to be part of the show, I didn't want to be the show.» To Tulsa and Back: On Tour with J.J. Cale (2005)


  3. Martin Chilton (25. juli 2014). «Eric Clapton: JJ Cale got me through my darkest days». The Telegraph. Henta 15. september 2018. 


  4. To Tulsa and Back: On Tour with J.J. Cale, 2005


  5. Ibid


  6. Long time collaborator drummer Jim Karstein remarked, 'You'll cut tracks with him and you'll listen to it and you'll think, «Well, I don't know about that one» and then he'll take the tapes away and he puts his secret sauce on 'em, you know, that nobody but he knows what it is that he does in the dark of night and then he'll come back out and you'll go «Wow!». Ibid


  7. Hoekstra, Dave (15. april 1990). «Songwriter J.J. Cale prefers to remain in the background». Chicago Sun-Times. 


  8. To Tulsa and Back: On Tour with J.J. Cale, 2005


  9. Rocky Frisco tells the same version of the story mentioning the other John Cale but without further detail.«JJ Cale Dead of Heart Attack». whereseric.com. 28. juli 2013. Henta 15. september 2018. Obituary: JJ Cale was music's towering figure 


  10. Cromelin, Richard (24. februar 2009). «J.J. Cale rolls on». Los Angeles Times. 


  11. McDonough, Jimmy (2013). Shakey: Neil Young's Biography. ISBN 9781446414545. 


  12. «J.J. Cale Biograph». Sing 365.com. Arkivert frå originalen 2013-01-18. Henta 15. september 2018. 


  13. «JJ Cale». Telegraph. 2013-07-28. Henta 15. september 2018. 


  14. «Obituary: JJ Cale was music's towering figure». gulfnews.com. 28. juli 2013. Henta 15. september 2018. 


  15. Gripper, Ann (27. juli 2013). «JJ Cale dead at 74: Tributes paid to singer låtskrivar after his death from a heart attack». Daily Mirror. Henta 15. september 2018. 


  16. «JJ Cale passed away at 8:00 pm on Friday July 26 at Scripps Hospital in La Jolla, CA.». JJ Cale official website. Henta 15. september 2018. 


  17. Castillo, Mariano (27. juli 2013). «Writer of hits JJ Cale dead at 74». CNN.com. Henta 15. september 2018. 


  18. «Cale's agent confirms his death». The Rosebud Agency. 


  19. «Music». JJ Cale official website. Henta 15. september 2018. 






Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: J.J. Cale


  • Offisiell nettstad


  • The Long Reach of J.J. Cale på MTV.com


  • J.J. Cale på Discogs


  • IMDb om J.J. Cale






Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?