John Fogerty
John Fogerty | |
John Fogerty i Lucca i Italia i 2009 | |
Fødd | 28. mai 1945 (73 år) |
---|---|
Fødestad | Berkeley, California, United States |
Fødenamn | John Cameron Fogerty |
Alias | The Blue Ridge Rangers |
Opphav | USA |
Aktiv | 1959 til i dag |
Sjanger | Roots-rock, countryrock, bluesrock, swamp-pop, Southern rock, rock and roll, heartland-rock, Americana |
Instrument | Gitar, synging, munnspel, klaverinstrument |
Kjende instrument | Gibson Les Paul Rickenbacker 325 Fender Telecaster |
Plateselskap | Verve Forecast, Fantasy, Asylum, Warner Bros., DreamWorks, Geffen |
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
John Cameron Fogerty (fødd 28. mai 1945) er ein amerikansk musikar, låtskrivar og gitarist, mest kjend for tida si som frontmann i Creedence Clearwater Revival og som soloartist.[1] Fogerty er ein av få som er nemnd både lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane (40. plass) og den 100 beste songarane (72. plass) i verda. Songane hans «Proud Mary» og «Born on the Bayou» er òg rangert blant dei beste popsongane («Proud Mary», 41. plass) og gitarsongane («Born on the Bayou», 53. plass) gjennom tidene.
Fogerty vant i 1997 Grammy for «Årets beste rock-album» med albumet Blue Moon Swamp. Fogertys musikk ligg hovudsakleg innan sjangrane rock, country og swamp-rock.
Innhaldsliste
1 1959–1972
2 1972–1986
3 1997–
4 Diskografi
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
1959–1972 |
Fogerty grunnla i 1959 rockebandet Tommy Fogerty and the Blue Velvets saman med bror sin Tom. Bandet endra seinare namn til The Velvets. Dei skifta namn i 1964 til The Golliwogs, som igjen vart endra til Creedence Clearwater Revival i desember 1967. I CCR hadde Fogerty stordomstida si som frontfigur, låtskrivar og songar. Heile ni låtar som gruppa hadde i sitt repertoar, alle skrivne av Fogerty, hamna på topp 10-lister verda over. Ein av dei mest kjente songane Fogerty skreiv var «Proud Mary». Ike & Tina Turner hadde suksess med ein coverversjon av låten, som vart skriven i 1969. Òg Elvis Presley spelte låten ofte under konsertane sine på byrjinga av 1970-talet.
Under innspelinga av albumet Mardi Gras vart Fogerty uvener med Doug Clifford og Stu Cook. Året før hadde han og broren Tom vorte uvener. Då CCR vart oppløyst i oktober 1972 byrja han innspelinga av det første soloalbumet, The Blue Ridge Rangers som kom ut i april 1973.
1972–1986 |
The Blue Ridge Rangers inneheldt coverversjonar av kjente country-songar. Fogerty brukte ein stor del av 1974 til å skrive nye songar, og i 1975 kom det andre soloalbumet hans, John Fogerty. Albumet inneheldt blant anna songen «Rockin' All Over the World», som vart ein hit. I 1977 spelte det engelske bandet Status Quo inn sin kjende versjon av songen. Fogerty byrja innspelingar av eit nytt album i 1976, men han var ikkje nøgd med resultatet og albumet Hoodoo vart aldri gjeve ut.
Personlige problem og uvenskapen hans med Saul Zaentz og Fantasy Records medverka til at han forsvann frå musikkverda i 1976. I 1985 gjorde han comeback, og fekk ein hit med låten «The Old Man Down the Road» og albumet Centerfield, der han spelte samtlege instrument sjølv. Han vart no saksøkt av Fantasy Records med skuldingar om plagiat. Fantasy Records eigde rettane til alle songane til Fogerty, og no vart han skulda for å plagiere seg sjølv. Dessuten vart han saksøkt av Saul Zaentz for ærekrenkingar. Fogerty vart ikkje dømt for plagiat, men måtte endre ein «ærekrenkande» songtittel. Seinare saksøkte Fogerty Zaentz med krav om erstatning for kostnadane hans i plagiatsaka, og vann fram. Etter albumet Eye of the Zombie i 1986, forsvann han frå musikkbransjen nok ein gong.
1997– |
I 1997 kom albumet Blue Moon Swamp, og no var John Fogerty tilbake for fullt etter 11 år. Albumet var ein bestseljar i fleire land, og han vann Grammy for «Best Rock Album of the Year» i 1997. Singelen «Blueboy» vart ein hit i fleire land. Etter ein verdsturné og konsertalbumet Premonition i 1998, trekte han seg igjen unna rampelyset.
I 2004 var han tilbake med albumet Deja Vu (All Over Again), og gjennomførte nok ein verdsturné. Sidan 2005 har Fogerty stadig vekk halde konsertar, og albumet Revival kom ut i 2007. Revival kom på 11. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 50 beste albuma frå 2007. I 2009 gav han ut albumet The Blue Ridge Rangers Rides Again på sitt eige plateselskap Fortunate Son Records.
Han fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 1998. Då Creedence Clearwater Revival vart innvalt i Rockens æresgalleri i 1993, nekta Fogerty å spele saman med dei tidlegare bandkollegaene sine.
Diskografi |
- for utgjevingar med Creedence Clearwater Revival, sjå diskografien til Creedence Clearwater Revival
- 2009 The Blue Ridge Rangers Rides Again
- 2007 Revival
- 2004 Deja Vu (All Over Again)
- 1998 Premonition (konsert)
- 1997 Blue Moon Swamp
- 1986 Eye of the Zombie
- 1985 Centerfield
- 1976 Hoodoo – ikkje gjeve ut
- 1975 John Fogerty
- 1973 The Blue Ridge Rangers
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «John Fogerty» frå Wikipedia på bokmål, den 16. august 2013.
↑ «Billboard 200». billboard.com. March 23, 1985. Henta 16. august 2013.
Bakgrunnsstoff |
(en) Offisiell nettstad
IMDb om John Fogerty
Creedence Clearwater Revival | |
---|---|
Doug Clifford · Stu Cook · John Fogerty · Tom Fogerty | |
Studioalbum | Creedence Clearwater Revival (1968) · Bayou Country (1969) · Green River (1969) · Willy and the Poor Boys (1969) · Cosmo's Factory (1970) · Pendulum (1970) · Mardi Gras (1972) |
Konsertalbum | Live in Europe (1973) · The Concert (1980) |
Samleplater | Creedence Gold (1971) · More Creedence Gold (1973) · Pre-Creedence (1975) · Chronicle, Vol. 1 (1976) · The Best of Creedence Clearwater Revival (1977) · 20 Golden Greats (1979) · Creedence Country (1981) · Hits Album (1982) · At the Movies (1985) · Chronicle, Vol. 2 (1986) · Rollin' On the River (1988) · Heartland Music Presents Creedence Clearwater Revival (1992) · Keep On Chooglin' (1999) · Creedence Clearwater Revival: Box Set (2001) · Bad Moon Rising: The Best of Creedence Clearwater Revival (2003) · Platinum (2004) · Creedence Clearwater Revival Covers the Classics (2009) |
Singlar | «Porterville»/«Call It Pretending» · «Suzie Q. (Part 1)»/«Suzie Q. (Part 2)» · «I Put a Spell on You»/«Walk on the Water» · «Proud Mary»/«Born on the Bayou» · «Bad Moon Rising»/«Lodi» · «Green River»/«Commotion» · «Down on the Corner»/«Fortunate Son» · «Travelin' Band»/«Who'll Stop the Rain» · «Run Through the Jungle»/«Up Around the Bend» · «Lookin' Out My Back Door»/«Long As I Can See the Light» · «Have You Ever Seen the Rain?»/«Hey Tonight» · «Sweet Hitch-Hiker»/«Door to Door» · «Someday Never Comes»/«Tearin' up the Country» · «I Heard It Through the Grapevine»/«Good Golly Miss Molly» |
Andre artiklar | Diskografi · The Golliwogs · Creedence Clearwater Revisited · Recollection · Fogerty v. Fantasy · Saul Zaentz · Fantasy Records |
|