Formel 1



Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!


Utdatert

Treng oppdatering: Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han.



Formel 1-feltet kort etter starten i Grand Prix på Indianapolis-bana i USA i 2003


Formel 1, somme gonger forkorta F1, er den øvste klassen i motorsport som vert regulert av Fédération Internationale de l'Automobile (FIA). Med ordet formel meinast at det er eit sett reglar som både bilar og utøvarar må oppfylle.


Kvart år sidan 1950 har verdsmeisterskapen formel 1 gått føre seg ved ei rekkje løp, kalla Grand Prix, på ei rekkje motorbaner rundt om i verda. Unntaket er Monaco Grand Prix og Melbourne Grand Prix som går føre seg på stengde byvegar. Ved slutten av kvart løp vert dei tre beste sjåførane premiert. Poeng vert rekna ut både til dei som køyrer og til bilkonstruktørane.


Når alle løp er køyrde ved slutten av sesongen, vert den utøvaren som har sanka flest poeng kåra som verdsmeister, det same gjeld for bilkonstruktørane. Det er difor stor prestisje blant bilfabrikantar å delta i og vinne formel 1, og sporten er verdas dyraste motorsport.


Formel 1 er ein særs populær sport i fjernsyns-samanheng, og løpa vert sett av mange millionar menneskje i mange land. Bilane konkurrerer i særs høge hastigheiter, ofte over 300 km/t, og førarane vert utsett for store G-krefter i svingane og ved innbremsing. Regelsettet i Formel 1 legg ei rekkje restriksjonar på både bilar og førarar, for å halde dei stadig aukande hastigheitene på eit samtidigt trygt nivå.




Innhaldsliste





  • 1 Bilane

    • 1.1 Motor


    • 1.2 Dekk


    • 1.3 Aerodynamikk



  • 2 Utøvarane


  • 3 Løpa


  • 4 Bakgrunnsstoff




Bilane |




Brabham-BMW BT 54 frå 1985.


Bilane i Formel 1 er einsetars opne bilar med friliggjande hjul. Føraren av bilen er plassert framføre motoren. Understellet er laga av karbonfiber, som er lett, men samtidigt er det stivt og sterkt. Etter regelverket skal heile bilen, førar, motor og drivstoff inkludert, ikkje vege mindre enn 600 kg. [1]


Tradisjonelt er sporten staden der verdas største bilfabrikantar, som Ferrari og Mercedes, konkurrerer om å utvikla den beste bilen. Ved sida av dei store bilfabrikantane finst det og privateigde lag. Desse laga konstruerer sine eigne bilar, men har som regel motorar levert frå bilfabrikantar. Kjende private lag som har gjort det stort innan F1, er McLaren og Williams.



Motor |




Renault V8 motor frå 2006, om lag 2 400 omdreiningar per minutt.


Spesifikasjonane for motorane har endra seg en god del gjennom åra. Dagens motorar er 1,6 liters V6 motorar, med turbo. Motorane kan køyrast opp til 15 000 omdreiningar. [2]Frå og med 2009-sesongen er reglane slik at motoren skal halde i tre løp. Byter ein motor før denne tida, må føraren av bilen starte neste løp 10 plassar lenger bak, enn det ein kvalifiserte for.
[3]


Bilane i formel 1 får ikkje ha eigne innebygde startsystem, men må startast av utstyr anten i pit-leiren eller ved startoppstillinga.


I dag er det vanleg at fleire lag køyrer med same motor. Mercedes leverer til dømes motorar til Williams-racing i tillegg til seg sjølv. Dette gjer motorleverandørane for å få inn meir data til å utvikle motorane med, men også for å tene pengar. På same tida slepp mindre lag tid og utgifter på utvikle sine eigne motorar



Dekk |


Dekka har stor betydning for farten og køyreeigenskapane til bilen. Dagens dekk i Formel 1 skal brukee mønsterlause dekk (såkalla slicks), med mindre det er regn.


I byrjinga var det 4 forskjellige dekkprodusentar som leverte dekk til dei formel 1-laga:Dunlop, Firestone, Pirelli, Englebert. Etterkvart har dekkprodusentar kome til og falle frå. Frå 1999 var Bridgestone og Micheleng dei einaste dekkleverandørane, fram til 2007-sesongen då FIA bestemte at det berre skulle vere ein leverandør til alle laga, for å spare kostnader innan sporten. Dekkleverandørar fekk moglegheita til å søkje om å få levere dekk. Micheleng hadde alt i 2005 bestemt seg å få trekkje seg ut etter 2006-sesongen og leverte såleis ikkje inn noko søknad. Dei siste årane er det Pirelli som har stått for dekkane.




Dekk frå Bridgestone.
































Dekkfabrikant
Land
Årstal

Avon

Storbritannia Storbritannia
1954, 1956-1957, 1959, 1981

Bridgestone

Japan Japan
1976-1977, 1997-2008

Continental

Tyskland Tyskland
1954-1955, 1958

Dunlop

Storbritannia Storbritannia
1950-1970, 1976-1977

Englebert

Belgia Belgia
1950-1958

Firestone

USA Sambandsstatane
1950-1960, 1966-1974

Goodyear

USA Sambandsstatane
1967-1998

Michelin

Frankrike Frankrike
1977-1984, 2001-2006

Pirelli

Italia Italia
1950-1958, 1981-1986, 1989-1991


Aerodynamikk |


Bilane si evne til å ta svingen vert i stor grad avgjord av det aerodynamiske marktrykket som presser bilen ned mot bana. For å oppnå eit optimalt marktrykk, har bilane vinger framfor framhjula og også bak på bilen.



Utøvarane |





Michael Schumacher vart verdsmeister i formel 1 heile 7 gongar


Formel 1 utøvarar må ha ei veldig god psyke samt ei god helse. Ein må desutan også ha ein superlisens frå FIA for å kunne køyre. FIA gjev ut superlisensar ved etterspørsel. Det er likevell ikkje opp til kven som helst å få ein superlisens. Reglemanget krev at søkaren må anten vere regjerande verdsmeister i ei lågare motorport, til dømes innan Formel 3 eller GP2 Serien (tidlegare kjend som formel 3000) eller fullførd bra jamnt over.


Dessutan kan utøvarar frå Champ Car eller Indy Racing League søkje om superlisens om dei har fullførd som nummer seks eller betre i førarmeisterskapen der. Dette vart gjort mogleg slik at amerikanske motorsportutøvarar kan delta utan å måtte byrje i dei lågare FIA-regulerte klassane.


Berre ved heilt spesielle tilfelle vert ein superlisens gjeve ut utanfor desse kriteria. Dette for å sikre at utøvarar har dei naudsynte ferdigheitene og ikkje er ein fare for andre deltakarar


Dei fleste av utøvarane i formel 1 sluttar rundt midten av 30-åra. Mange vel å fortsetje i motorsportsgreiner som er mindre fysisk utfordrande. Både Gerhard Berger og Alain Prost har etter at utøvarkarrieren tok slutt, returnert til formel 1 som eigarar av sine eigne formel 1-lag.



Løpa |




kart overt Silvertstone bana i England


Eit formel 1 løp, ofte kalla Grand Prix, går føre seg ved å køyre eit visst tal på rundar, som oftast på ei lukka asfaltert bane. Start og mål-linja er ved ei rettstrekning, deretter føl som regel pit-leiren, der bilane skifte dekk og gjere andre justeringar på bilen som kan vere naudsynt. Elles varierer dei ulike banene både i lengda og i utforminga av bana.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell Formel 1-nettstad

  • formel-1.no, den største norske F1 nettstaden


























Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008

Italia Ferrari

Tyskland BMW Sauber

Frankrike Renault

Storbritannia Williams

Australia Red Bull

Japan Toyota

Italia Toro Rosso

Japan Honda

Storbritannia Super Aguri

India Force India

Storbritannia McLaren
Flag of Finland.svg Räikkönen
Brasil Massa
Tyskland Heidfeld
Flag of Poland.svg Kubica
Spania Alonso
Brasil Piquet
Tyskland Rosberg
Japan Nakajima
Storbritannia Coulthard
10 Australia Webber
11 Italia Trulli
12 Tyskland Glock
14 Frankrike Bourdais
15 Tyskland Vettel
16 Storbritannia Button
17 Brasil Barrichello
18 Japan Sato
19 Storbritannia Davidson
20 Tyskland Sutil
21 Italia Fisichella
22 Storbritannia Hamilton
23 Flag of Finland.svg Kovalainen







Vinnarar av førarmeisterskapen i Formel 1

1950 G. Farina
1951 J. M. Fangio
1952 A. Ascari
1953 A. Ascari
1954 J. M. Fangio
1955 J. M. Fangio
1956 J. M. Fangio
1957 J. M. Fangio
1958 M. Hawthorn
1959 J. Brabham



1960 J. Brabham
1961 P. Hill
1962 G. Hill
1963 J. Clark
1964 J. Surtees
1965 J. Clark
1966 J. Brabham
1967 D. Hulme
1968 G. Hill
1969 J. Stewart



1970 J. Rindt
1971 J. Stewart
1972 E. Fittipaldi
1973 J. Stewart
1974 E. Fittipaldi
1975 N. Lauda
1976 J. Hunt
1977 N. Lauda
1978 M. Andretti
1979 J. Scheckter



1980 A. Jones
1981 N. Piquet
1982 K. Rosberg
1983 N. Piquet
1984 N. Lauda
1985 A. Prost
1986 A. Prost
1987 N. Piquet
1988 A. Senna
1989 A. Prost



1990 A. Senna
1991 A. Senna
1992 N. Mansell
1993 A. Prost
1994 M. Schumacher
1995 M. Schumacher
1996 D. Hill
1997 J. Villeneuve
1998 M. Häkkinen
1999 M. Häkkinen



2000 M. Schumacher
2001 M. Schumacher
2002 M. Schumacher
2003 M. Schumacher
2004 M. Schumacher
2005 F. Alonso
2006 F. Alonso
2007 K. Räikkönen
2008 L. Hamilton



Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?