Ny-Ålesund
Ny-Ålesund er ein tettstad inst i Kongsfjorden på Svalbard, og den 4. nordlegaste busettinga i verda.
Her held forskingsstasjonar frå fleire land til. Den norske stasjonen blir driven av Kings Bay AS som er kalla opp etter gruveselskapet Kings Bay som hadde verksemd her frå 1909 til 1963.
Ny-Ålesund flyplass, Hamnerabben og ei sjøhamn på sørsida av Kongsfjorden gjev kommunikasjon med omverda.
Historie |
Kvalfangaren Jonas Poole fortalde alt i 1610 at det fanst kol i området. I 1909 byrja ein så smått å vinna det ut, men det var då Peter S. Brandal kom med i 1917 største utbygginga tok til. Reiaren frå Ålesund trong kol til skipa sine, og fekk ikkje frå Storbritannia fordi han var blitt svartelista for å ha handla med Tyskland medan første verdskrigen var i gang.
Då krigen slutta gjekk kolprisen ned, og drifta blei for kostbar. Den norske staten gav støtte til fortsatt drift, noko som styrkte det norske kravet på Svalbard.
Gruvedrifta haldt fram til 1960-talet, då ei stor ulukke den 5. november 1962 drap 21 arbeidarar. Desse dødsfalla, som kom på toppen av over 60 i all tida gruvene hadde vore i drift, førte til den politisk dramatiske Kings Bay-saka, og at gruvedrifta blei nedlagd.
I 1968 opna Norsk polarinstitutt ein forskingsstasjon på staden, og på 80- og 90-talet følgde andre land etter. I dag har Noreg, Tyskland, Storbritannia, Italia, Japan, Frankrike, Sør-Korea og Kina alle forskingsstasjonar i Ny-Ålesund. Elles har Ny-Ålesund fått ein plass i den norske polarforskingssoga ved å ha vore utgangspunktet for Roald Amundsen og Umberto Nobile si ferd over Nordpolen med luftskipet «Norge» i 1926.
Vern |
Busetting og besøk i Ny-Ålesund er strengt regulert, mellom anna for å verna forskingsprosjekta mot innblanding. Eit mindre tal turistar får vitja byen under cruise, men berre for ein dag. Det er ikkje lov for framande å overnatta her utan å ha vore invitert av ein ny-ålesundar.
For å bu her fast må ein ha arbeid på staden, og ta tryggingskurs for å kunne verna seg mot isbjørn. Norske tilsette i Kings Bay får ikkje arbeida i meir enn fem år.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell side for Kings Bay
|