Ørekyt

















Ørekyt

Status i verda: LC Livskraftig


Vairon WIKI800px.JPG



Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Actinopterygii

Orden:

Cypriniformes
Familie:
Cyprinidae
Slekt:
Phoxinus

Art:

P. phoxinus

Vitskapleg namn
Phoxinus phoxinus

Linné, 1758

















Ørekyt, ørekyte
Namn på andre språk
NordsamiskNoarsa
SvenskElritsa
DanskElritse
EngelskMinnow
TyskElritze, Bitterfisch, Maipiere, Pfrille
FranskVairon
SpanskPiscardo, pescardo, foxino
RussiskGoljan (Гольян)

Ørekyt(e) (Phoxinus phoxinus) er ein liten karpefisk med stor utbreiing i ferskvatn over heile Eurasia. I Noreg finst han naturleg på Austlandet og i indre delar av Nord-Noreg, men han er i ferd med å spreia seg til Vestlandet. Norsk svarteliste 2007 reknar han som ein høgrisikoart, og det vert satsa mykje på å hindra spreiing.




På utstillinga 'Subaqueous Vltava i Praha




Innhaldsliste





  • 1 Kjenneteikn


  • 2 Levesett

    • 2.1 Formeiring



  • 3 Ørekyta som framand art


  • 4 Bakgrunnsstoff




Kjenneteikn |


Ørekyta er ein liten fisk, som regel under 8 cm. Dei største eksemplara kan likevel verta så lange som 14 cm. Hoa er større enn hannen.


Vanlegvis er fargen diskret, med brun til olivengrøn rygg med flekkar og ein sølvkvit buk. I gytetida har derimot hannane djupt raude undersider



Levesett |


Ørekyta lever i stim i kaldt vatn med høgt oksygeninnhald. Om sommaren kan det vera opptil 100 fisk i ein ørekytstim, dei lever då i vassflata og er relativt pelagiske. Om vinteren er fisken ein mindre sosial botnfisk.


Dei et algar, planteavfall (i elvar), blautdyr, krepsdyr og insekt. Som andre karpefiskar manglar dei tenner, men har i staden såkalla svelgtenner bak i svelget som mel opp maten før han kjem ned i magen.



Formeiring |


Paringstida er frå juni til juli. Då blandar dei djupt raude hannane seg med rognfulle hoer i små stimar. Her dannar det seg par, som etter kvart sym i lag ned i botnen for å gyta. Egga er hylla inn i ein geleaktig masse og vert lagde i klumpar mellom steinar på botnen. Hannen sym over dei og befruktar dei. Som regel klekker egga etter ca. to veker, men dette er avhengig av vasstemperatur.


Yngelen held seg i nærleiken av klekkestaden den første tida. Når plommesekken er brukt opp, sym dei ut i vatnet og leitar etter smådyr og algar dei kan eta. Om tilhøva er gode, veks dei raskt og vert kjønnsmogne etter berre eit år.



Ørekyta som framand art |


Ørekyt har vorte spreidd aktivt som agnfisk og kosttilskot til fisk av menneske sidan 1800-talet, og er såleis vorte ein framand art mange stader. Undersøkingar tyder på at ørekyta kan vera ein viktig konkurrent til aureyngel der dei finst i tette bestandar, noko dei ofte gjer i vatn der auren er den einaste andre fisken. Vaksen aure et lite ørekyt, både fordi ørekyt lever i stim og fordi dei sjeldan held seg på same staden i vatnet som aure som er stor nok (20 cm eller meir) til å eta ørekyt. Det er òg observert at ørekyt et aureyngel.


Det er sett inn tiltak for å hindra ytterlegare spreiing av ørekyt, til dømes bygging av jordvollar, rotenonbehandling og oppgangssperrer i vatn.



Bakgrunnsstoff |


  • Ørekyt på Artsdatabanken.no

  • Ørekyt på Fishbase.org


Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister