Fjellovergang




Pass i Polen.




Julierpasset i Sveits.


Fjellovergang, skard eller fjellpass er den lågaste staden i ei åsside eller ein fjellkam. Sidan mange fjellkjeder i verda har fungert som formidable hindringar for reisande, har passa vore viktige sidan historisk tid, og har spelt særs viktige roller i handel, krig og folkevandring.


Avhengig av forma og kor bratt fjellsidene er, vert det nytta ulike namn på fjellpass, til dømes «skard», «kløft» eller «gjel».


Fjellpassar er analoge til det matematiske omgrepet sadelflate med eit sadelpunkt som det høgaste punktet mellom to dalar og det lågaste punktet langs ein rygg.[1][2] På eit topografisk kart får kotane kring eit pass form som eit timeglas, som indikerer eit lågt punkt mellom to høgare punkt.[3]


Ein finn ofte pass like ovanom kjelda til ei elv, og dei er derfor ofte eit vasskilje. Passa kan vere særs korte, og bestå av bratte sider på kvar side av passet eller dei kan vere mange kilometer lange dalar der høgaste punktet berre kan finnast etter grundige undersøkingar.


Vegar, og i nyare tid jernbane, har i lang tid vorte lagt gjennom pass. Somme høge og kuperte pass har gjerne tunnelar under passet for at trafikken skal gå raskare og gjennom heile året.


Toppen av fjellovergangar er ofte den einaste flate staden i området, så det vert ofte bygd bygningar der. For land som har grenser langs fjellrekkjer, er passa ofte ein del av grensa, med anlegg som grensekontroll eller tollstasjonar, og stundom militære stasjonar der ein berre treng relativt få soldatar til å vakte passet. For fjellovergangar med vegar er det ofte vanleg å ha eit vegskilt med namnet på passet og høgda over havet. Eit døme er Argentina og Chile som deler den tredje lengste riksgrensa i verda, 5300 km lang, frå nord til sør i Andesfjella. Det går i alt 42 fjellovergangar mellom dei.[4]


Det er tusenvis av namngjevne fjellovergangar i verda, og somme av dei er ganske kjende, som Store St. Bernhard-passet på 2473 moh. i Alpane, Khyberpasset på 1027 moh. mellom Afghanistan og Pakistan, og Khardung La på 5359 moh i Jammu og Kashmir i India. Marsimik La er med 5590 meter over havet eit mindre kjend pass, men er eit av dei høgaste passa i verda med vegsamband og ligg i India, heilt nord på Changthangplatået nær grensa til Kina.



Sjå òg |


  • Kløft

  • Gjennombrotsdal

  • Sadelpunkt


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Mountain pass» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  1. Eberhart, Mark E. (2004). Why Things Break: Understanding the World by the Way it Comes Apart. Random House. s. 232. ISBN 978-1-4000-4883-0. Henta 7. september 2012. 


  2. Bishop, Michael P.; Shroder, John F. (2004). Geographic Information Science and Mountain Geomorphology. Springer. s. 86–87. ISBN 978-3-540-42640-0. Henta 7. september 2012. 


  3. Harvey, Mark William Thornton; Simer, Peter (1999). The National Outdoor Leadership School Wilderness Guide: The Classic Handbook. Simon and Schuster. s. 185. ISBN 978-0-684-85909-5. Henta 7. september 2012. 


  4. «Pasos - Chile» (på Spanish). Gendarmería Nacional Argentina. Arkivert frå originalen 2007-07-18. Henta 7. september 2012.  CS1 maint: Unrecognized language (link)






Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjellovergang



Popular posts from this blog

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Why is system upgrade showing unstable version when upgrading in backend?System Settings > System Upgrade link does not existsComposer Error While upgrading magento version 2.1.6 to 2.2.2How to upgrade magento 1.4.0.0 to above 1.6 versionIssue with upgrading Magento Version from 2.1.7 to 2.1.12Magento 2.2.5: Error on running setup: upgrade after upgrading Magento from 2.2.2 to 2.2.5Are there any Magento Code Release Notes?getting error when upgrading from Magento 2.1.5 to Magento 2.2.6Will the installed third party plugins upgrade when we upgrade Magento version via composerWhy PHP Settings Check and Checking Component Dependency showing error during Magento 2.3 upgrade?Fatal error: Out of memory (in composer) during upgrade Magento2.2.1 to Magento 2.3 when run composer update command