Beau de Rochas-syklusen





Trykk-volum-diagramm for Beau de Rochasyklusen.


Beau de Rochas-syklusen er ein termodynamisk syklus, oppkalla etter den franske ingeniøren Beau de Rochas, som fyrst publiserte teorien attom prosessen.
Beau de Rochas-syklusen vert nytta i stempelmotorar med innvendig forbrenningar, der forbrenninga foregår under (tilnærma) konstant volum.




Innhaldsliste





  • 1 Prosessar i syklusen


  • 2 Soge


  • 3 Praktisk bruk


  • 4 Sjå òg




Prosessar i syklusen |


Syklusen er sett saman av fire termodynamiske prosessarar:


  • 1 - 2 : Isentropisk prosess - kompresjon av luft-gassblandinga (mekanisk energi vert tilført).

  • 2 - 3 : Isokor prosess - termisk energi vert tilført frå forbrenning av drivstoff og trykket i sylinderen aukar, Isokor sidan Volumet er konstant.

  • 3 - 4 : Isentropisk prosess - energi vert levert til omgjevnadane ved at ekspansjon av luft-gassblandinga set stemplet i rørsle.

  • 4 - 1 : Isokor prosess - trykkfall når eksosen vert sleppt at av sylinderen, Isokor sidan V er konstant.

Det som kjenneteiknar Beau de Rochas-syklusen er at forbrenninga skjer under konstant trykk. I forbrenningsmotorar som syg inn ei luft-gassblanding føregår forbrenninga med tilnærma konstant trykk, så desse arbeider etter Beau de Rochas-syklusen. Dette gjeld både firetaktsar og totakts forgassar- og gassmotorar, så frå ein termodynamisk ståstad er det ikkje nokon skilnad på desse. Begge typane arbeider etter Beau de Rochas-syklusen. Det som skil totakts og firetaktsmotorar er måten dei kvittar seg med eksosen og fyller sylinderen med frisk luft-gassblanding.



Soge |


Beau de Rochas-syklusen vert ofte feilaktig referert til som Ottoprosessen, etter Nikolaus August Otto. Grunnem til dette er at Otto lenge vart rekna som oppfinnaren av firetaktsmotoren, som Christian Reithmann hadde funne opp 17 år tidlegare. Men det var Beau de Rochas som hadde den naudsynte teoretiske kunnskapen til å forstå syklusen frå ein termodynamiske ståstad. Arbeidet til Reitmann og Otto var av meir eksperimental karakter.



Praktisk bruk |


Beau de Rochas-syklusen ligg til grunn for gassmotorar, forgassarmotorar og bensinmotorar med drivstoffinnsprøyting.



Sjå òg |


  • Dieselsyklusen

  • Seiliger-Sabathé-syklusen


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...