Arizona




























Arizona

delstat





flagg



våpen

Land

Flag of the United States.svg USA

Hovudstad

Phoenix

Areal
295 254 km²
 - land
294 312 km²
 - vatn
942 km²

Folketal
7 016 270 (2017)
Folketettleik

24 / km²



Guvernør

Doug Ducey

Før innlemming

Territoriet Arizona
Innlemma i USA
14. februar 1912
Statsnummer
48.

Forkorting
AZ




Arizona in United States.svg




Wikimedia Commons: Arizona

Nettstad: az.gov

Arizona er ein av dei sørvestlege delstatane i USA. Hovudstaden er Phoenix.




Sola går ned i Grand Canyon i Arizona



Historie |


Dei første europearane som søkte seg inn i området var to spanske munkar som i (
1539 og 1540 leita etter dei mytiske Sju gullbyane. Dei første busetnadene var i hovudsak å rekne som misjonsretta. På denne tida var Arizona ein del av den spanske kolonien Mexico. I 1775 grunnla spanjolane Fort Tucson. Etter den meksikanske krigen vart Arizona i 1848, saman med dei andre delane av USA som i dag ligg nord for grensa, amerikansk territorium.


Arizona si historie er full av legender om det gamle Ville Vesten og to av dei mest kjende indianarhovdingane Geronimo og Cochise leia sine stammer i gjentekne stridar mot dei kvite.


Byen Tombstone var åstad for den mest kjende revolvarduellen i Vesten – The Gunfight at the O.K. Corral. Staten har om lag 250 000 indianarar i 14 stammer busette i 20 reservat, og det gjer Arizona til ein av dei statane i USA som har flest indianske innbyggjarar.


Arizona er etter Hawaii og Alaska den av delstatane som sist vart innlemma i USA (i 1912).



Geografi |


Arizona er ein av dei sørlegaste delstatane i USA, og består for det meste av flate ørkenlandskap, kor det kan bli ekstremt varmt på sommaren, men også på vinteren er det varmt her.


Grand Canyon ligg i Arizona. Dette underverket består av fleire djupe tronge dalar danna av Coloradoelva over fleire millionar år. Eit anna kjent området danna av STORE naturkreftar er Meteor Crater, eit meteorkrater midt i Arizona. Det vart danna av ein meteoritt som slo ned i Arizonaørkenen for rundt 50000 år sidan. Omkrinsen på det er ca 1 km.


Elles grensar Arizona i sør til Mexico, i vest til California og Nevada, i nord til Utah og i aust til New Mexico. Arealet er 295 000 km².



Økonomi |


Den viktigaste industriproduksjonen i staten gjeld elektriske produkt og varer til bruk i kommunikasjons- og flyproduksjon. Arizona har hatt mange kopargruver og framleis kjem meir enn 50 % av den samla koparproduksjonen i USA frå Arizona. Fleire jordbruksprodukt er viktige i økonomien, viktigast er kreaturoppdrett, meierivarer og bomull.










Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...