Ivo Caprino









Ivo Caprino

Ivo Caprino.jpg

Fødd
17. februar 1920
Christiania
Død

8. februar 2001
Snarøya


Yrke
filmregissør, filmprodusent, manusforfattar, filmklyppar

Ivo Caprino (17. februar 1920–8. februar 2001) var ein norsk filmprodusent, filmregissør og forfattar. Han er best kjend for dokkefilmane sine, særleg Flåklypa Grand Prix og filmatiseringa hans av norske folkeeventyr.


Caprino vart fødd i Oslo, og var son til visesongaren, illustratøren og dokkemakaren Ingeborg Gude og den italienske målaren og møbelsnikkaren Mario Caprino. Oldefar hans på morssida var målaren Hans Gude og farfar hans var italiensk høgsterettsjustitiarius. Caprino budde på Snarøya i Bærum heile livet.




Innhaldsliste





  • 1 Løyndommen til Caprino


  • 2 Norske folkeeventyr


  • 3 Flåklypa Grand Prix


  • 4 Supervideograf


  • 5 Prisar


  • 6 Filmografi


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff




Løyndommen til Caprino |


Ivo Caprino hadde ei brei utdanning innan animasjonsfilm. Han studerte dokkefilm i Praha, miniatyr- og trickfilm i Roma og teiknefilm i London. Han debuterte med dokkefilmen Tim og tøffe sist på 40-talet.


Caprino utvikla snart den unike «løyndommen» sin; eit system han tok patent på, som gjorde det mogleg å røra figurane kontinuerleg framføre kameraet. Fyrst i 1993 vart løyndommen avslørt for publikum. Trass i at han var patentert, var det ingen som kom på sporet av løyndommen. Han bestod av eit «klaviatur», der tangentane var bundne til 12 ulike strengar. Desse vart førte saman i eit røyr. I andre enden av røyret var figuren montert, med strengane spreidde til dei ulike kroppsdelane. Dokkeføraren «spelte» på klaviaturet omtrent som på eit trekkspel, og rørsla spreidde seg via strengane. Først med fjernsynsfiguren Televimsen frå 1960-åra brukte Caprino for alvor den vanlegare animasjonsteknikken, med møysommelege einskildbiletopptak: ørsmå flyttingar av kroppsdelane til figurane.


Gjennombrotet hans kom med Veslefrikk med fela i 1952. Den vann fyrstepremien for beste barnefilm i filmfestivalen i Venezia. Til jubileet åt H. C. Andersen laga han filmen Den standhaftige tinnsoldat etter eventyret med same namn. Denne må reknast som eit tidleg høgdepunkt i karrieren til Caprino.



Norske folkeeventyr |


Caprino forsøkte å laga ein heil spelefilm med enkelte av eventyra til Asbjørnsen og Moe, med dei trolske teikningane til Theodor Kittelsen som inspirasjon. Eventyra skulle knytast samma med realfilm, der ein fylgjer etter Asbjørnsen medan han samlar dei inn. Planane lét seg berre realisera stykkevis. Dei fire kortfilmane Askeladden og de gode hjelperne, Reveenka, Sjuende far i huset og Gutten som kappåt med trollet har vorte sett av mange norske familiar. Men filmane vart aldri samansette til den heilskapen dei var tiltenkt.



Flåklypa Grand Prix |


Som langfilmregissør debuterte Caprino i 1959, med Ugler i mosen. Her var det animasjonsfigurar som spelte hovudrollene. Langfilmen Flåklypa Grand Prix vart den største produksjonen til Caprino, og den største norske filmsuksessen gjennom tidene. Arbeidet med dokkefilmen basert på Kjell Aukrust sitt persongalleri som var starta i 1969, og hadde premiere 28. august 1975. Det etter kvart så kjende lydsporet til filmen er komponert av Bent Fabricius-Bjerre.


Bilen «Il Tempo Gigante» vart bygt i full storleik for å marknadsføra filmen i utlandet. Understellet på bilen kjem frå Cadillac. Biltilsynet registrerte bilen med nummer BL 50000. I dag står han utstilt i ein glasmonter i Hunderfossen Familiepark, der Caprino også har bygt sitt eige Caprinoland. Det kjende 14 meter høge trollet som utgjer inngangspartiet til ein restaurant i Hunderfossen, er også designa av Caprino. Eit æveshjul laga av Caprino, står òg der.



Supervideograf |


Seinare utvikla Caprino supervideografen, eit system der fem videokamera vert nytta til å laga eit 225-graders panorama som kan visast i spesielle kinoar. Desse kinoane finst på Nordkapplatået, i Hunderfossen familiepark, på Akvariet i Bergen, i Hardangervidda Natursenter i Øvre Eidfjord, Norsk Bremuseum i Fjærland og 6–7 andre stader.



Prisar |


Ivo Caprino fekk ei rekkje prisar, mellom andre Filmkritikerprisen i 1956, Aamot-statuetten for framifrå innsats i norsk film i 1967, Teskjekjerringprisen i 1991 og Amandaprisen sin ærespris i 1995, forutan ei rekkje prisar frå internasjonale filmfestivalar. Han vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1989.



Filmografi |


Dette er ei liste over dei mest kjende filmane som Caprino anten har laga sjølv eller bidrege til:


  • 1975 – Flåklypa Grand Prix

  • 1967 – Gutten som kappåt med trollet

  • 1966 – Sjuende far i huset

  • 1963 – Papirdragen

  • 1962 – Reveenka

  • 1961 – Askeladden og de gode hjelperne

  • 1959 – Ugler i mosen

  • 1958 – Et hundeliv med meg

  • 1955 – Den standhaftige tinnsoldat

  • 1955 – Klatremus i knipe

  • 1954 – Karius og Baktus

  • 1952 – Veslefrikk med fela

  • 1950 – Musikk på loftet/En dukkedrøm

  • 1949 – Tim og Tøffe


Kjelder |


  • «Ivo Caprino» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2009

  • Gunnar Strøm sin artikkel på Store Norske Leksikon om Caprino.

  • Per Haddal sin utdjupande artikkel på Store Norske Leksikon om Caprino.


Bakgrunnsstoff |


  • Nettsida til supervideografen

  • Caprinos eventyrlige verden

  • Per Haddal sin biografi om Caprino. Avfotografert bok hjå Nasjonalbiblioteket.

  • Ivo Caprino på the Internet Movie Database.


Popular posts from this blog

Magento 2 - Add success message with knockout Planned maintenance scheduled April 23, 2019 at 23:30 UTC (7:30pm US/Eastern) Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast?Success / Error message on ajax request$.widget is not a function when loading a homepage after add custom jQuery on custom themeHow can bind jQuery to current document in Magento 2 When template load by ajaxRedirect page using plugin in Magento 2Magento 2 - Update quantity and totals of cart page without page reload?Magento 2: Quote data not loaded on knockout checkoutMagento 2 : I need to change add to cart success message after adding product into cart through pluginMagento 2.2.5 How to add additional products to cart from new checkout step?Magento 2 Add error/success message with knockoutCan't validate Post Code on checkout page

Fil:Tokke komm.svg

Where did Arya get these scars? Unicorn Meta Zoo #1: Why another podcast? Announcing the arrival of Valued Associate #679: Cesar Manara Favourite questions and answers from the 1st quarter of 2019Why did Arya refuse to end it?Has the pronunciation of Arya Stark's name changed?Has Arya forgiven people?Why did Arya Stark lose her vision?Why can Arya still use the faces?Has the Narrow Sea become narrower?Does Arya Stark know how to make poisons outside of the House of Black and White?Why did Nymeria leave Arya?Why did Arya not kill the Lannister soldiers she encountered in the Riverlands?What is the current canonical age of Sansa, Bran and Arya Stark?