Arne Kvalheim









Arne Kvalheim

StatsborgarskapNoreg
Fødd
25. april 1945
Hønefoss
Yrke
politikar, langdistanseløpar

Arne Magnus Kvalheim (fødd 25. april 1945 i Hønefoss) er ein norsk tidlegare mellom- og langdistanseløpar som representerte IK Tjalve. Han vann ni NM-gull på bane i perioden 1966-72, og vart nummer seks på 5000 meter under EM i friidrett 1974 i Roma. Hans personlege rekordar er; 1.48,7 på 800 m (1967), 3.38,5 på 1500 m (1968), 13.26,4 på 5000 m (1974) og 28.47,0 (1974). Arne Kvalheim er bror til Knut Kvalheim som også gjorde det stort på friidrettsarenaen.




Innhaldsliste





  • 1 Aktiv

    • 1.1 Medaljar i norske meisterskap



  • 2 Politikk


  • 3 Kjelde

    • 3.1 Fotnotar





Aktiv |


Arne Kvalheim trente under Arne Nytrø i Tjalve, men flytte i 1966 til USA for å studera ved University of Oregon, der han trente under Bill Bowerman. [1] Kvalheim deltok i 11 individuelle NM på distansane 800 meter, 1500 meter, 5000 meter og terrengløp. Han sette i alt åtte norske rekordar i løpet av karrieren sin. I 1968 sette han ny nordisk 1500 metersrekord på 3,38.5, hans personlege bestetid og tredje best i Europa. Dermed sletta han Arne Hamarsland sin nesten ti år gamle rekord på distansen. Han vart også fyrste nordmann til å springa ei engelsk mil på under fire minutt; dette skjedde i 1967. Same året representerte han Europalaget mot Nord-Amerika på 1500 meter.


Dei einaste olympiske leikane Arne Kvalheim deltok i, var sommar-OL 1968 i Mexico by. Her tevla han i 1500 meter, men vart slått ut i semifinalen. [2]


Då EM i friidrett 1969 vart arrangert i Hellas, valde Arne Kvalheim å boikotta meisterskapen i protest mot det dåverande diktaturstyret i landet, det såkalla juntastyret hadde rana til seg statsmakta i 1967. Det same valet tok Helge Pharo og svenske Anders Gärderud. [3] Han vann kongepokalen i friidrett same året, og i 1973 fekk han Bislett-medaljen. Kvalheim deltok under EM i friidrett 1974 i Roma og kom her på sjetteplass på 5000 meter. Arne Kvalheim la opp som 29-åring. [4]



Medaljar i norske meisterskap |


  • 1965: Sølvmedalje på 800 m – 1.51,5, bakom Stig Rekdal (1,51,4)

  • 1966: Gullmedaljar på 800 m (1.50,2) og 1500 m (3.48,5) framom høvesvis Knut Brustad (1.51,9) og Stig Rekdal (3.50,8)

  • 1967: Gullmedalje på 1500 m – 3.44,5, framom Bjørn Husby (3.45,9)

  • 1969: Gullmedaljar på 1500 m – 3.42,3, framom Knut Brustad (3.45,9) og på 5000 m – 14.11,6, framom Terje Schrøder-Nielsen (14.14,6)

  • 1970: Gullmedaljar på 1500 m – 3.41,9, framom Knut Kvalheim (3.45,5) og på 5000 m – 14.13,6, framom Per Halle (14.13,6)

  • 1971: Gullmedalje på 5000 m – 14.05,0 framom Per Halle (14.05,8)

  • 1972: Gullmedalje på 1500 m – 3.43,8, framom Arne Hovde (3.45,8)

  • 1974: Sølvmedalje på 1500 m – 3.45,7, bakom Lars Martin Kaupang (3.44,2)

  • 1975: Sølvmedalje på 1500 m – 3.45,9, bakom Lars Martin Kaupang (3.44,2)

  • 1976: Bronsemedalje på 5000 m – 13.59,0

  • 1977: Sølvmedalje på 5000 m – 14.22,9, bakom Knut Kvalheim (14.15,9)

  • 1978: Bronsemedalje på 5000 m – 13.53,3


Politikk |


Etter han la opp som friidrettsutøvar var Kvalheim partipolitisk aktiv for Arbeidarpartiet i Oslo. Han representerte partiet som medlem i Oslo bystyre frå 1975-1987, den siste fireårsperioden, 1984-87, var han kommunalråd for kommunikasjon i Oslo kommune. Frå 1987-1992 var han administrerande direktør for Oslo spektrum. I 2013 gjekk Kvalheim ut med kritikk mot ei slapp haldning i NRK mot dopingdømte utøvarar. Han meinte kanalen burde konfrontera dei og ikkje berre driva med «koseprat» i intervju. [5] Kvalheim har også nyleg tilrådd unge idrettsutøvarar å gjera 100-200 tåhev kvar dag for å styrka leggmuskulaturen og slik unngå skadar. [6]



Kjelde |



  • «Arne Kvalheim» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 25. september 2013.

  • friidrett.no


Fotnotar |




  1. Kondis.no: Trening for fire tiår siden, av Arne Kvalheim.


  2. Profil på Sports-reference.com


  3. Aftenposten, 14.04.08: Oppfordrer ingen til å gjøre som meg


  4. Kondis.no: Trening for fire tiår siden, av Arne Kvalheim.


  5. Dagsavisen, 13.08.13: Kvalheim opprørt over NRK


  6. Dagens Næringsliv: - Leggene må styrkes







Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...