Khabarovsk kraj

























Khabarovskij kraj
 
 







Khabarovsk kraj sitt flagg


Khabarovsk kraj sitt våpen




Khabarovsk kraj på kartet over Russland

Hovudstad

Khabarovsk

Areal

- Totalt

- % vatn


Rangering: 3.

788 600 km²

1,2 %



Innbyggjartal

- totalt

- folketettleik


Rangering: 35.

ca. 1 343 900[1] (2010)

ca. 1,7/km²



Føderalt distrikt
Fjerne Austen

Økonomisk region
Fjerne Austen

Regionsnummer
27

Offisielt språk

Russisk

Guvernør

Vjatsjeslav Ivanovitsj Sjport

Nasjonalsong
 

Tidssone

UTC +1000

Khabarovsk kraj (russisk skrift Хабаровский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Khabarovsk, arealet er 788 600 km² og innbyggjartalet er 1 343 900 (2010).




Innhaldsliste





  • 1 Geografi


  • 2 Folkesetnad


  • 3 Historie


  • 4 Fotnotar


  • 5 Bakgrunnsstoff




Geografi |


Khabarovsk kraj ligg ved stillehavskysten, i den sentrale delen av det russiske fjerne austen. I sør har territoriet grense til folkerepublikken Kina, i aust ligg Okhotskhavet og Japanhavet - delar av Stillehavet. Over 70 % av territoriet er berglendt - høgste punktet, i fjellkjeda Suntar-Khajata, ligg 2 933 meter over havet. I sør renn elva Amur gjennom territoriet og ut i havet. Denne elva heiter Heilongjiang på kinesisk side. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.


78 % av territoriet er skogdekt. Det finst store førekomstar av kol og tinn og uutnytta oljeførekomstar. Ellers finst det reservar av mange ulike metall, til dømes jern, gull og sølv. Berre om lag 8 % av arealet er jordbruksland - det vert dyrka litt kveite, havre, bygg, soyabønner og poteter her. Det er mange elvar og innsjøar i området, og det er eit populært reisemål for jegerar og fiskarar frå andre delar av Russland.



Folkesetnad |


Dei største byane er Khabarovsk (577 400) og Komsomolsk-na-Amure (263 900).[1]


Etniske russarar er i klart fleirtal i befolkninga. Ved folketeljinga i 2010 var dei største etniske gruppene:[1]



  • Russarar: 88,1 %


  • Ukrainarar: 2,0 %

Det bur òg fleire urfolksgrupper i området, desse utgjorde ved folketeljinga små minoritetar:



  • Nanaiar: 11 009 (0,8 %)


  • Evenkar: 4101 (0,3 %)


  • Ultsjar: 2621 (0,2 %)


  • Nivkhar: 2149 (0,2 %)


  • Evenar: 1128 (0,1 %)


  • Udegejar: 620


  • Negidalar: 480


  • Orotsjar: 441


Historie |




Gate i Komsomolsk-na-Amur


Dei første russiske oppdagarane kom til dette området på midten av 1600-talet. Dei nådde Okhotskhavet i 1639 og bygde eit fort. I 1650 nådde oppdagaren Jerofej Khabarov elva Amur. Området er i dag oppkalla etter han. Russarane i dette området kom etter kvart i konflikt med kinesiske interesser, og i 1689 forlét russarane området rundt Amur under Nertsjin-avtalen.


På midten av 1800-talet kom russarane attende. Dei oppdaga at det gjekk an å segla opp Amur med havgåande skip, og i 1858 vart fortet Khabarovka - dagens by Khabarovsk - bygd ved Amur-elva. Grensa med Kina vart regulert ved ein avtale same år. Etter den russiske revolusjonen var Khabarovsk i hendene på kontrarevolusjonære styrkar - kvitegardistar - mellom 1918 og 1920. Den administrative eininga Khabarovsk kraj vart oppretta i 1938. I 1991 vart det Jødiske autonome området, som hadde vore underlagt Khabarovsk kraj, lausreve.



Fotnotar |



  1. 1,01,11,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010


Bakgrunnsstoff |



  • Khabarovsk kraj sine offisielle heimesider på russisk og engelsk


  • Kommersant artikkel på engelsk


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...