Po

















Po

elv

Po bacino idrografico.png

Land

Flag of Italy.svg Italia, Flag of Switzerland.svg Sveits Flag of France.svg Frankrike

Nedslagsfelt
71 000 km²


Lengd
652 km
Middelvassføring

1 540 m³/s

Kjelde

Dei cottiske Alpane
 - høgd
2 022 moh.
Munning

Adriahavet



Wikimedia Commons: Po river

Po (latin Padus, i antikken Eridanus) er den lengste elva i Italia med ei lengd på 652 km. Elva renn frå vest til aust på tvers av heile Nord-Italia, frå Viso (i Dei cottiske Alpane) til Adriahavet nær Venezia. Ho har eit nedslagsfelt på 71 000 km², som inkluderer sideelvar frå både Frankrike og Sveits.


Elva renn gjennom mange viktige italienske byar, inkludert Torino og (indirekte) Milano i Lombardia. Ho er forbunde til Milano via eit nettverk av kanalar kalla navigli, som Leonardo da Vinci hjelpte til å utforme. Nær enden av elva dannar ho eit breitt elvedelta med hundrevis av små kanalar og fem store kalla Po di Maestra, Po della Pila, Po delle Tolle, Po di Gnocca og Po di Goro i den sørlege delen av Comacchio, eit område kjend for ål. Posletta svarer til Gallia Cisalpina, som vart delt inn i Gallia Cispadane Gaul (Sør for Po) og Gallia Transpadane (Nord for Po).


Den vidstrakte dalen rundt Po vert kalla Posletta (it: Pianura Padana) og er så effektivt forbunde til elva at heile dalen vart det viktigaste industriområdet i landet. Elva vert styrt av eit spesielt styringsorgan kalla Magistrato delle Acque.


Hovudnæringa til bønder rundt elva er korn.


I 2005 fann ein «enorme» mengder benzoylecgonine, som vert utsondra i urinen til kokainbrukarar. Basert på desse tala vart det estimert at dette utgjorde 4 kg dagleg eller om lag 27 dosar per dag per tusen innbyggjarar i området ved elva. Dette talet var nesten tre gonger høgare enn tidlegare estimat.[1]




Po i Torino.




Innhaldsliste





  • 1 Inntørking


  • 2 Sideelvar


  • 3 Fotnotar


  • 4 Kjelder




Inntørking |


4. mai 2007 tørka elva opp fleire stader. Italia erklærte unntakstilstand i nordlege og sentrale regionar. Opptørkinga kom av at Alpane fekk mykje mindre snø enn normalt om vinteren og Italia hadde hatt sin varmaste vinter på 200 år. Dette er kanskje forbunde med global oppvarming. Det vart diskutert om ein skulle fylle opp elva med å leie vatn frå store innsjøar og reservoar i Alpane.



Sideelvar |


Av sideelvar finn ein (H er frå høgre og V er frå venstre) frå utspring til munning:



  • Pellice (V)


  • Varaita (H)


  • Maira (H)


  • Dora Riparia (V)


  • Stura di Lanzo (V)


  • Orco (V)


  • Dora Baltea (V)


  • Sesia (V)


  • Tanaro (H)


  • Scrivia (H)


  • Agogna (V)


  • Ticino (V)


  • Olona (V)


  • Lambro (V)


  • Trebbia (H)


  • Nure (H)


  • Adda (V)


  • Arda (H)


  • Taro (H)


  • Parma (H)


  • Enza (H)


  • Oglio (V)


  • Mincio (V)


  • Secchia (H)


  • Panaro (H)

  • Versa


Fotnotar |




  1. http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/europe/4746787.stm



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Po River» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2007.


Popular posts from this blog

Nidaros erkebispedøme

Birsay

Was Woodrow Wilson really a Liberal?Was World War I a war of liberals against authoritarians?Founding Fathers...