Ulrike Meyfarth
Ulrike Meyfarth Fødd 4. mai 1956 Frankfurt am Main Yrke høydehopper, friidrettsutøvar Ulrike Meyfarth på Commons Ulrike Nasse-Meyfarth (fødd 4. mai 1956) er ein tysk tidlegare høgdehoppar frå Frankfurt am Main som tevla for Vest-Tyskland og vart olympisk meister både i 1972 og 1984, samt europameister i 1982. Aktiv | Allereie som 15-åring hevda Meyfarth seg i landstoppen i høgdehopp i Vest-Tyskland. Både i 1971 og 1972 vart ho nummer to i den vesttyske meisterskapen. Dermed kvalifiserte ho seg som den tredje vesttyske kvinnelege høgdehopperen til Sommar-OL 1972 i München. Meyfarth var ei av få kvinner som nytta seg av teknikken som USA-amerikanaren Dick Fosbury hadde introdusert i Mexico-leikane fire år tidlegare, den såkalla Fosbury-flop. Med eit entusiastisk heimepublikum fobetra Meyfarth i OL-finalen si eiga bestenotering på 1,85 m til både 1,87 og 1,90 m. Det heldt til gullmedalje ...